Gjennomgått i samarbeid med utdanning.no 01. august 2024

Modell

Ein modell blir engasjert for å vise klede, smykkar eller andre gjenstandar. Modellar jobbar ofte i modellbyrå.

Arbeidsoppgaver

Ein modell viser fram motekolleksjonar, kosmetikk og andre gjenstandar. Modellen poserer i reklamar, på motevisningar og ved fotografering eller filming i kunstnarisk samanheng.

Oppdraga til modellen varierer frå oppdrag som fotomodell til statist i filminnspeling. Under motevisingar går du på ein catwalk og viser fram antrekk og kolleksjonar. Du kan og stå modell for kunstnarar som skaper skulpturar eller måleri.

Det er relativt få som livnærer seg av modellyrket, og det er tøffare enn nokon gong å kome inn på det internasjonale marknaden som modell. Ofte er det snakk om ein biinntekt, eller berre ei mellombels inntekt.

I løpet av ein arbeidsdag som modell samarbeider du gjerne med fotografar, regissørar, stylistar og sminkørar

Kor jobbar modellar?

Modellar jobbar ofte for oppdragsgivarar i motebransjen eller andre kommersielle aktørar som har behov for å marknadsføre varer.

Nokre modellar jobbar som sjølvstendige næringsdrivande, men dei fleste er engasjerte gjennom modellbyrå. Det er hard konkurranse om modelljobbane, og modellar som er tilknytta eit byrå vil truleg ha større sjanse til å få oppdrag. Nokre, men svært få modellar, får jobb direkte hos større motehus og grossistfirma i motebransjen.

Bli med ein modell på jobb

Korleis er det å jobbe som modell?

Mann i hvit skjorte. Han poserer og ser i kamera.

Modell

Josef Meliane

– Jeg elsker hvordan modelljobben lar meg utfordre det vanlige, skape min egen vei og leve variert, sier Josef.
En kvinne med svart, krøllete hår og gulløredobber smiler mot kamera. Hun er ikledd en svart, høyhalset genser, og en grå jakke. Veggen bak henne er beige.

Modell

Sara Flaaen Licius

Sara leier ut utseende sitt og bidrar til å skape noe kreativt.

Viktige egenskaper for en modell

Modellar bør vere fotogen, og ha eit tiltalande og ofte spesiell utsjånad. Det finst like fullt like forskjellige modellar som det finst ulike klede. Høgde, vekt og andre preferansar varierer alt etter arbeidsgivar og oppdrag. Du bør ha god konsentrasjon, god helse og godt uthald.

Kva tener modellar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til modell?

Det finst inga formell utdanning for modellar. Opplæringa går ofte føre seg under arbeidet. Oppdragsgivarar ser ofte etter utsjånad, erfaring og talent. Nokre modellar deltar på kurs frå private skolar og modellbyrå.

 

Bedrifter: Kor jobbar modellar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med modellar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5210104 - MODELL
  • 5210102 - MANNEKENG
  • 5210101 - FOTOMODELL
  • 5210103 - AKTMODELL

Andre yrke

En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skapa liv og rørsle. Som animatør bør du vera kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En mann desginer på en pc

Mediedesignar

Ein mediedesignar jobbar med medium og kommunikasjon.
En kvinne måler opp stoff på en sømbyste

Kjole- og draktsyar

Ein kjole- og draktsyar syr klede til enkeltkundar eller til små kolleksjonar.
Skuespiller blir filmet utendørs

Skodespelar

Som skodespelar jobbar du med innspelingar til film og TV eller på ein teaterscene. Du kan også opptre i høyrespel eller som stemme i dataspel.
Liten modell av en lenestol og en tegning av lenestolen som er fargelagt

Møbeldesignar

Møbeldesignaren designar møblar og interiør.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Pianostemmer stemmer piano

Pianostemmar

Ein pianostemmar utfører stemming og vedlikehald av piano og flygel.
Hender på et bord med tegninger, saks, målebånd og annet utstyr.

Klesdesignar

Som klesdesignar utviklar og bestemmer du snitt, form, materialar, fargar og funksjon for klede.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.