Matematikar
Arbeidsoppgaver
Ein matematikar er ein person som studerar og arbeidar med matematikk, som er eit fagfelt som handlar om teori og bruk av tal, formar, strukturar og relasjonar.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein makematikar kan vere:
- Forske
- Undervise
- Lage og tolke statistikk og analyse
- Utvikle programvare
- Utvikle modellar og simuleringar
Samla sett handlar arbeidet til ein matematikar om å bruke matematikk som eit verktøy for problemløysing, analyse og forståing i ein rekke fagområde.
Med ei mastergrad i matematikk får du yrkestittelen matematikar. Utdanninga gir mogelegheit for fordjuping innan mange forskjellige interesseområde – derimellom informatikk, finans og statistikk.
Kor jobbar matematikarar?
Mange matematikarar får jobb i skoleverket, eller så jobbar dei som forskarar. Matematikere kan jobbe i til dømes ingeniør- og teknologibedrifter, oljeindustrien, mediebedrifter, forvaltning, undervising, kartlegging, miljøovervaking, mobilkommunikasjon, IT, forsikring, bank og finans, energi, bioteknologi, medisinsk forsking, legemiddelindustri og sjukehus.
Korleis er det å jobbe som matematikar?
Matematiker
Elias Klakken Angelsen
Matematiker
Amalie Sødal
Viktige eigenskapar for ein matematikar
Som matematikar må du vere systematisk, teoretisk anlagt og glad i tal. Dersom du skal undervise, bør du også ha gode pedagogiske evner.
Kva tener matematikarar?
Korleis utdannar du deg til matematikar?
Det finst ei rekke relevante utdanningar på både bachelor- og masternivå for deg som ønsker å utdanne deg innan matematikk.
Kva jobbar matematikkutdanna med?
- 8531 - Matematikk
- 753905 - Master, modellering og dataanalyse, toårig
- 753205 - Master, statistikk, toårig
- 7531 - Matematikk
Bedrifter: Kor jobbar matematikarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med matematikarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2121102 - MATEMATIKER
- 3349132 - MATEMATIKKINSTRUKTØR
- 2149103 - SIVILINGENIØR (MATEMATIKK)
- 2122104 - KONSULENT (STATISTIKKARBEID)
- 2121106 - FORSKER (MATEMATIKK)
- 2121105 - SENIOR KONSULENT (MATEMATIKK)
- 2121104 - SJEFSKONSULENT (MATEMATIKK)
- 2122109 - DATA SCIENTIST (DATAANALYSE)
Relaterte lenker
Andre yrke
Forskar
Fysikar
Biolog
Professor
Førsteamanuensis
Geograf
Lærar
Meteorolog
Romteknolog
Grunnskolelærar
Ingeniør