Manuellterapeut
Arbeidsoppgaver
Manuellterapeutar er fysioterapeutar med vidareutdanning innan manuellterapi, som er ei masterutdanning innan muskel- og skjellettlidingar. Dei er difor ekspertar på musklar og skjelettsystemet.
Som manuellterapeut jobbar du med å undersøkje og behandle pasientar med smerter, sjukdom eller skade i muskel- og skjelettsystemet. Manuellterapeutar behandlar pasientar i alle aldrar med akutte eller langvarige plagar.
Behandlinga blir alltid tilpassa behova til den enkelte pasienten og kan bestå av vanlege metodar innan fysioterapien. Disse har gjerne fokus på smertelindring, aktivitetsbaserte tiltak som øvingar og trening, og det å gje pasienten kunnskap og tryggleik til å sjølv kunne handtera plagane. Manuellterapeutane kan også nytte spesialiserte manuelle teknikkar.
Vidareutdanninga gir også kompetanse som gjer at manuellterapeutane har rettar på linje med legar for pasientar med muskel- og skjelettrelaterte plagar. Disse rettane inneber at manuellterapeutane ved behov kan sjukemelda pasientar, vise vidare til legespesialistar og bestille bildediagnostikk som røntgen eller MR.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein manuellterapeut:
- undersøkje, diagnostisere og vurdera pasienten sin funksjon
- finne optimal behandlings- eller rehabiliteringsplan saman med pasienten
- gje individuell behandling og gruppebehandling
- følgje opp pasientar og dokumentere behandlinga
- gje råd og rettleiing slik at pasienten betre kan meistre eigen situasjon
- syne til eller sjukemelde pasientar når det er behov, og følgje opp sjukemelde arbeidstakarar i dialog med til dømes NAV
- sikre likeverdig behandling av alle pasientar med muskel- og skjelettsrelaterte plagar
Saman med pasienten er målet ofte å vinne att eller halde ved like best mogleg funksjonsnivå slik at pasienten kan meistre og delta i nødvendige og verdsette aktivitetar. Målet til pasienten kan eksempelvis vere å få betre fysisk kapasitet, mindre smertar, økt grad av eigenmeistring eller bli arbeidsdyktig.
Alle manuellterapeutar har autorisasjon som fysioterapeut. Frå 1. januar 2023 kan fysioterapeutar med denne vidareutdanninga også få autorisasjon som manuellterapeut. Autorisasjonen blir gitt av Helsedirektoratet.
Kor jobbar manuellterapeutar?
Dei fleste manuellterapeutar jobbar på fysioterapiklinikkar i kommunane. Manuellterapeutar jobber også på medisinske senter, sjukehus, og i støtteapparata til idrettslag. Det er også ein del manuellterapeutar som arbeider innan forsking og fagutvikling, eller som underviser på høgskuler og universitet.
Bli med ein manuellterapeut på jobb
Korleis er det å jobbe som manuellterapeut?
Manuellterapeut
Per Halvard Gjerlaug
Manuellterapeut
André Fagerborg
Viktige eigenskapar for ein manuellterapeut
Som manuellterapeut jobbar du tett på andre menneske. Du må kunne skape tillit, motivere og vere flink til å kommunisere. Du bør også kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre.
Kva tener manuellterapeutar?
Korleis utdannar du deg til manuellterapeut?
I Noreg er det berre Universitetet i Bergen som tilbyr eit klinisk masterstudium i manuellterapi.
Klinisk masterstudium for fysioterapeutar i manuellterapi (MFMT), UiB
Opptakskrav
Masterprogrammet ved Universitetet i Bergen er eit toårig heiltidsstudium. Studiet bygger på ei bachelorgrad i fysioterapi eller minimum 180 studiepoeng inkludert ei fysioterapeututdanning. Søkjarar må ha norsk autorisasjon som fysioterapeut, samt godkjend praksis i eitt år.
Opptakskrava til utanlandske utdanningsinstitusjonar varierer. Du må søke for å få utdanninga godkjend i Noreg. Det blir i tillegg stilt krav om rettleidd praksis og/eller norsk eksamen.
Dersom du har ei godkjend utdanning frå utlandet må du i tillegg ta ein kurseksamen i radiologi, differensialdiagnostikk og laboratorieanalysar, attpå ei trygdefagleg opplæring som svarar til ei norsk masterutdanning.
Les meir om utdanning i utlandet hos Norsk fysioterapiforbund og Norsk manuellterapeutforening.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Helsepersonelloven krev at manuellterapeutar til ein kvar tid held seg oppdatert innan fagfeltet. Det blir arrangert kurs og seminar for både fysioterapeutar og manuellterapeutar.
Kva jobbar fysioterapiutdanna med?
- 765206 - Master, manuell terapi, toårig
Bedrifter: Kor jobbar manuellterapeutar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med manuellterapeutar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3226120 - MANUELLTERAPEUT
Relaterte lenker
Andre yrke
Ortopediingeniør
Optikar
Operasjonssjukepleiar
Bioingeniør
Lektor
Nevrosjukepleiar
Nevrolog
Perfusjonist
Ortopediteknikar
Kreftsjukepleiar
Spesialsjukepleiar innan psykisk helse