Gjennomgått i samarbeid med Creo 03. november 2025

Lydteknikar

Som lydteknikar er du ansvarleg for at opptak, avspeling og formidling av lyd går føre seg på ein god måte.

Arbeidsoppgaver

Lydteknikarar jobbar med den tekniske delen av lyd. Dei er i bakgrunnen, men speler ei viktig rolle i å skapa lydbiletet til artistane. Ein god lydteknikar blir ikkje merka, fordi lyden høyrest naturleg ut. Det finst konsertlydteknikarar og studioteknikarar.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein konsertlydteknikar:

  • planleggje konsertar og festivalar
  • rigge opp og ned små og store lydanlegg
  • avslutte konsertar
  • vedlikehalde digitalt og analogt lydutstyr

Vanlege arbeidsoppgåver for ein studioteknikar:

  • rigge opp mikrofonar og lytte i studio
  • ta opp lyd i studio
  • delta saman med artistane i utforminga av lydbiletet
  • miksing og omarbeiding av lyd
  • vedlikehalde dei digitale og analoge instrument

Arbeidstidene varierer, og du må rekne med seine kveldar og netter. Mange artistar reiser med eigne lydteknikarar på turné.

Lydteknikaren er ei etterspurt vare. Ettersom teknikken stadig blir meir avansert har bransjar bruk for spesialkompetanse innan lydformidling

Ofte blir lydteknikarar og musikkprodusentar tatt for å vere det same yrket. Yrka har mange fellestrekk, men musikkprodusenten konsentrerer seg hovudsakleg om artistane og musikken, mens lydteknikaren jobbar meir med den tekniske lydformidlinga.

Kor jobbar lydteknikarar?

Lydteknikaren kan arbeide innan radio, TV, film, i konsertlokale, på teater og i studio. Mange lydteknikarar startar eigne føretak og jobbar frilans. Med eige firma tar du oppdrag for arrangørar og bedrifter.

Bli med ein lydteknikar på jobb

Korleis er det å jobbe som lydteknikar?

Mann med svart caps og hettegenser, portrett

Lydtekniker

Torje Johannessen

– Du må være kreativ og ha evnen til å tenke utenfor boksen, mener Torje.
Lydtekniker Julie Alise Holm Matinlassi er avbildet ved en miksepult som vi såvidt skimter i forgrunnen. Hun er iført mørkerød hettegenser, og ser i kamera og smiler. Hun har mørkt, langt hår med midtskill og håret frem mot ansiktet er farget rødt/rosa.

Lydtekniker

Julie Alise Holm Matinlassi

Det beste med jobben er alle opplevelsene jeg får være med på, og alle menneskene jeg møter. Det er veldig fint når jeg får tilbakemelding fra artister som er fornøyde, forteller lydtekniker Julie Alise.

Viktige egenskaper for en lydteknikar

Ein lydteknikar må kunne kommunisere raskt og tydeleg i produksjonsarbeidet. Gode samarbeidseigenskapar og teknisk innsikt kjem godt med, skal du gjere ein god jobb som lydteknikar. I eit hektisk arbeidstilvære må du kunne handtere problem også under stress, og du må klare å halde oversikt.

Kva tener lydteknikarar?

Korleis utdannar du deg til lydteknikar?

Dersom du ønskjer å jobba som konsertlydteknikar (live-lydteknikar) på konsertar med livemusikk, finst det få gode tilbod til utdanning i Noreg. Dei fleste live-lydteknikarane blir derfor utdanna  innanfor firmaa lydteknikaren er tilsette i eller på konsertstadene.

Dersom du ønskjer å jobba som studioteknikar i musikkstudio og på kontrollrom, finst det ei rekkje utdanningar innanfor lydteknikk i Noreg, både private og offentlege. I tillegg finst det fleire folkehøgskular som tilbyr opplæring innan lydteknikk.

Kva for ei utdanning er vanlegast for lydteknikarar?

Kva jobbar lydteknikarutdanna med?

  • 655114 - Bachelor, film- og TV-lyd, treårig
  • 655113 - Lydproduksjon, lavere nivå
  • 555132 - Fagskoleutdanning, lyd- og musikkproduksjon – lydteknikk, toårig
  • 455119 - Lydtekniker, videregående, avsluttende utdanning
  • 735905 - Master, fjernsynsproduksjon, toårig
  • 635902 - Høgskolekandidat, medieteknikk, toårig
  • 635907 - Bachelor, fjernsynsteknikk, treårig

Bedrifter: Kor jobbar lydteknikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med lydteknikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3131110 - LYDTEKNIKER
  • 3131120 - LYDMESTER
  • 3131109 - LYDINGENIØR

Andre yrke

En mann desginer på en pc

Mediedesignar

Ein mediedesignar jobbar med medium og kommunikasjon.
Regissør i filmstudio

Regissør

Ein filmregissør er kunstnarisk leiar og utviklar av ei filminnspeling. Regissøren leier også etterarbeidet av det som er filma.
Musikere

Musikar

Musikarar skaper, framfører og koordinerer musikk innan ei rekke sjangrar og stilarter.
Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
Skuespiller blir filmet utendørs

Skodespelar

Som skodespelar jobbar du med innspelingar til film og TV eller på ein teaterscene. Du kan også opptre i høyrespel eller som stemme i dataspel.
Statsmeteorolog Rebecca Roggentin studerer snøen nøye på feltarbeid med skredekspert Solveig Øvstedal Kosberg fra NVE og Silje Haaland fra Statens vegvesen. Kommunikasjonsrådgiver Kristin Rosnes Holte fra MET følger spent med.

Meteorolog

Meteorologen jobbar med å forstå og formidle vêr.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Låsesmed lager nøkler i verkstaden sitt.

Låsesmed

Låsesmedar installerer, reparerer, held ved like og yter service på lås- og tryggleikssystem.
Journalist intervjuer kvinne

Journalist

Journalisten samlar inn informasjon og formidlar han vidare i aviser, nettaviser, fjernsyn eller radio. Sakene omhandlar ofte nyhende eller aktuelle hendingar.
Elektrofagarbeider i arbeid.

Elektrofagarbeidar

Elektrofagarbeidaren har kompetanse innan ei rekke elektrofaglege område, mellom anna data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.