Gjennomgått i samarbeid med Legemiddelindustrien 04. august 2025

Legemiddelkonsulent

Ein legemiddelkonsulent sel og marknadsfører legemiddel til legar, apotek og sjukehus.

Arbeidsoppgaver

Som legemiddelkonsulent sel og marknadsfører du legemiddel for legemiddelprodusentar. Ofte vil legemiddelkonsulenten ha ansvar for eit særskilt produkt eller ein produkttype, og gjerne eit geografisk område. Du skal marknadsføre, tilrå og selje produkta.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein legemiddelkonsulent:

  • planlegge og gjennomføre marknadsplanar og aktivitetar for å selje produktet
  • oppsøke legar, apotek og sjukehus for å marknadsføre og selje produktet
  • bruke/lage kampanjar
  • arrangere fagmøte og seminar

Arbeidsdagen til legemiddelkonsulenten kan vere hektisk, og du må vere førebudd på kvelds- og helgearbeid, samt mykje reising. Legemiddelkonsulenten må ha inngåande kunnskap om produkta han eller ho sel, samt kunnskap om marknaden for legemiddel generelt.

Ein del legemiddelkonsulentar har bakgrunn som legar, farmasøytar eller anna helsepersonell. Mange har utdanning innan økonomi, marknadsføring eller sal. For mange er òg stillinga som legemiddelkonsulent ein inngangsport til farmasibransjen.

Legemiddelindustrien (LMI) administrerer eit register over legemiddelkonsulentar. Alle legemiddelkonsulentar tilsette i LMI sine medlemsverksemder må vere registrerte og godkjende.

Kor jobbar legemiddelkonsulentar?

Legemiddelkonsulentar er tilsette i legemiddelfirma og arbeider som regel sjølvstendig eller i små team.

Bli med ein legemiddelkonsulent på jobb

Korleis er det å jobbe som legemiddelkonsulent?

Kvinne med langt blondt hår og svarte briller smiler til kamera. Hun er kledd i en marineblå dressjakke med lange brune striper. Hun sitter foran PC-en i et åpent kontorlandskap med flere arbeidsstasjoner i bakgrunnen.

Legemiddelkonsulent

Christina Martini Bråthen

– Jeg setter stor pris på at man aldri blir ferdig utlært, og at kunnskapsdelingen går begge veier – både å formidle og å lære. Det gjør at man utvikler seg hele tiden, sier Christina.
En kvinne med lyst hår smiler mot kamera. Hun sitter inne i en bil. Hun har på seg en svart jakke. Ut av bilvinduet kan man se flere biler.

Legemiddelkonsulent

Silje Alsterberg

– Jeg jobber med livsviktige medisiner, og jeg må vite hva jeg snakker om, forteller Silje.

Viktige egenskaper for en legemiddelkonsulent

Du bør vere strukturert, serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner. Du må òg vere i stand til å arbeide både sjølvstendig og i team.

Kva tener legemiddelkonsulentar?

Korleis utdannar du deg til legemiddelkonsulent?

Utdanninga for legemiddelkonsulentar omfattar to delar: éin medisinsk del og éin om lov- og bransjekunnskap.

I delen om lov- og bransjekunnskap, lærer du om lovar og reglar rundt forsking, distribusjon og marknadsføring av medisinar i Noreg. Lov- og bransjekunnskapkurset er obligatorisk for alle som skal arbeide som legemiddelkonsulentar. 

Etter- og vidareutdanning
Det er legemiddelfirma som tilbyr etter- og vidareutdanning. Ofte sørger dei for å vidareutdanne legemiddelkonsulentar i særskilde fagområde eller produktområde.

Kva for ei utdanning er vanlegast for legemiddelkonsulentar?

Bedrifter: Kor jobbar legemiddelkonsulentar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med legemiddelkonsulentar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3415109 - REGISTRERT LEGEMIDDELKONSULENT
  • 3415101 - LEGEMIDDELKONSULENT

Andre yrke

En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.
Illustrasjonsbilde av optiker i arbeid.

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.
Massasjeterapeut masserer nakke

Massasjeterapeut

Ein massasjeterapeut løyser opp og førebygger spenningar i muskulaturen til klientar.
Portør

Portør

Portørar transporterer pasientar, medisinar og utstyr på sjukehus eller behandlingsinstitusjonar.
Kjemiker

Kjemikar

Ein kjemikar undersøker korleis verda rundt oss er konstruert helt ned til de minste bestanddelar.
Tannlege polerer tennene til en pasient, mens en tannhelsesekretær holder et beger med slipepasta som brukes i poleringen.

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Megler tar en person i hånda.

Meklar

Meklarar hjelper til med forhandling og rådgiving mellom kjøparar og seljarar. Meklarar er også med på å løyse konfliktar mellom partar.
Tre ernæringskokker lager mat ved sida av kvarandre inne på et grovkjøkken

Ernæringskokk

Ernæringskokker lagar mat ved storkjøkken og institusjonar, basert på kunnskap om ernæring, kosthald og helse.
Hudpleier gir behandling til kunde.

Hudpleiar

Ein hudpleiar behandlar hud og kropp, og førebygger hudproblem.