Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for håndverk, design og produktutvikling 21. februar 2022

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.

Arbeidsoppgaver

Ein komposittbåtbyggar er ein båtbyggar som produserer, held ved like og reparerer båtar laga av komposittmateriale som for eksempel glasfiber og plast.

Yrket komposittbåtbyggar inneber arbeid med alt frå skrog og overbygg til innreiingar og installasjonar på båtar. I det daglege arbeidet gjer komposittbåtbyggaren bruk av både tradisjonelle og moderne materiale og verktøy.

Komposittbåtbyggaren har ein særleg kompetanse innan bruk av komposittmateriale. Han må også ha kunnskap om mekaniske koplingar, liming og overflatebehandling. Komposittbåtbyggaren jobbar også med tekniske installasjonar.

Kor jobbar komposittbåtbyggarar?

Båtbyggaren er tilsett i bedrifter som produserer båtar eller delar til båtar. Mange jobbar med sørvis og reparasjon av båtar. 

Bli med ein komposittbåtbyggar på jobb

Korleis er det å jobbe som komposittbåtbyggar?

Mann i svart genser

Komposittbåtbygger

Eirik Berg

– Når du reparerer en båt, må du gjerne være litt elektriker, litt rørlegger og litt snekker, sier Eirik.
Portrettfoto av komposittbåtbyggar Jack André Jakobsen

Komposittbåtbyggar

Jack André Jakbosen

– Det er eit stort behov for folk med denne fagutdanninga, seier komposittbåtbyggar Jack André Jakobsen. Han reparerer og held ved like båtar.

Viktige egenskaper for en komposittbåtbyggar

Båtbyggaren jobbar både sjølvstendig og saman med andre. Ei god evne til å kommunisere og arbeide strukturert er viktig. Du må ha anlegg for praktisk arbeid, og du må vere interessert i båtar og båtrelatert produksjon.

Kva tener komposittbåtbyggarar?

Korleis utdannar du deg til komposittbåtbyggar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Kva jobbar komposittbåtbyggerutdanna med?

  • 458335 - Komposittbåtbyggerfaget, Vg3
  • 458326 - Komposittbåtbyggerfaget, Vg3 (gammel ordning)

Bedrifter: Kor jobbar komposittbåtbyggarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med komposittbåtbyggarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8224123 - PLASTBÅTBYGGER
  • 8224113 - PLASTFORMER
  • 8224104 - OPERATØR (FORMSTØPING/PLAST)
  • 8224124 - FAGOPERATØR (POLYMERKOMPOSITT)

Andre yrke

Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
Børsemaker jobber med rifle

Børsemakar

Børsemakaren arbeider hovudsakleg med å reparere og tilpasse våpendelar og våpen.
Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.
En mann stiller inn en 3d printer

Maskiningeniør

Ein maskiningeniør designar produkt, lagar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.
Platearbeider har ansvar for å vedlikehalde sveiseutstyr

Platearbeidar

Ein platearbeidar formar ut plater, røyr og profilar, og set dette saman til større konstruksjonar.
En skipsmotormekaniker, også kalt motormann, inspiserer motorrommet

Skipsmotormekanikar

Ein skipsmotormekanikar held ved like og reparerer skipets motorar og andre mekaniske delar.
To heismontører jobber med en heis

Heismontør

Heismontørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Ein maritim elektrikar jobbar med drift og vedlikehald på elektriske anlegg, komponentar og instrument på skip.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.