Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg har alltid hatt båt som interesse, og har nesten heile livet pussa opp og seld båtar. Eg jobba 20 år i ein større plastproduksjonsbedrift før eg fann ut at eg ville drive profesjonelt med båt. Då tok eg også fagbrevet som komposittbåtbyggar. 

Image
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Som komposittbåtbyggar er det eit vidt spenn av fag vi skal kunne. Du må ha inngåande kjennskap om korleis heile båten er bygd opp. Vi reparerer plastskadar på båten, og vi fiksar motoren, det elektriske og innreiinga. Vi gjer også overflatebehandling, som rubbing og polering. Sjølv om fagutdanninga har ordet «båtbyggar» i seg, driv dei fleste med reparasjon – for det er nesten ingen båtbyggeri igjen i Noreg. Her har vi også vinterlagring av båtar. 

Vi har ca. 350 båtar innom her i året. Hit kjem også takstmenn frå dei ulike forsikringsselskapa for å taksere skadar, som vi deretter reparerer. Våren er høgsesong, når båtane skal klargjerast. Det kjem også ofte eit rush av skadar etter helger med godt vêr, kor mange har gått på grunn. 

Som dagleg leiar er det i tillegg mykje administrasjon. Eg kontrollerer også det dei andre tilsette har gjort og skal gjere. Arbeidstida er frå 8 til 16, men litt meir på våren. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du treng fagbrev som komposittbåtbyggar. Eg er i tillegg utdanna fagoperatør i kjemisk-teknisk industri og har lang erfaring frå plastindustrien. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Du har mykje kundekontakt, så du må vere omgjengeleg og hyggeleg. Jobben krev også at du er strukturert, for vi jobbar med mange ulike båtar samtidig. Du må òg vere ein slags Petter Smart for å finne løysingar på mange ulike problem. Det er for eksempel ikkje alltid det finst reservedelar på modellen du jobbar med, og då må du vere litt oppfinnsam. Sjølvstende er viktig. Du må også vere glad i å forme ting, vere nøyaktig, tolmodig og ha eit auge for finishen. Det tar tid å gjere ei overflate perfekt. Du kan heller ikkje vere fargeblind, for du må kunne sjå små fargenyansar. I tillegg bør du ha god fysikk, for når du reparerer båtar, klatrar og bøyer du deg mykje, og det er ofte tunge løft. Og når du må ned i tronge motorrom, kan du ikkje ha klaustrofobi.   

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Eg er veldig glad i kundekontakten – det å treffe folk og gjere dei fornøgde. Det er også heile tida noko nytt å lære i dette faget, og arbeidsoppgåvene er varierte. Og så er det jo nydeleg å kunne jobbe ute i sola og ved sjøen. Samtidig har vi moglegheit til å jobbe inne når det er dårleg vêr. 

Kva liker du minst med yrket ditt?

– Som dagleg leiar blir det mykje papirarbeid, og det er det eg liker minst. 

Image
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Som komposittbåtbyggar har du kunnskap om kompositt, altså materiale som er samansett av to eller fleire ulike materiale – for eksempel glasfiber. Kompositt finn du mange stader. Ein komposittbåtbyggar kan derfor jobbe med mykje forskjellig, for eksempel med røyr i Nordsjøen eller med tog. Du kan også jobbe med båtproduksjon, men det er som nemnd nesten ingen båtbyggeri igjen i Noreg.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det kjem an på kor du er tilsett, og kor du bur – men ei årslønn på rundt 450 000 kroner er vanleg. Her er timeprisen ut mot kunden 850 kroner eks. mva., som er i det høgare sjiktet samanlikna med liknande yrkesgrupper. Er du flink, kan du tene bra. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Det er gode sjansar, for det er eit stort behov for fagutdanna komposittbåtbyggarar over heile landet. Mange næringar bruker glasfiberbåtar og -produkt, og i tillegg er det ca. 800 000 fritidsbåtar i Noreg. Samtidig er det få lærebedrifter, for vi er ikkje mange verkstader. 

Du må vere ein slags Petter Smart i denne jobben, for å finne løysingar på mange ulike problem.
Det er nydeleg å kunne jobbe ute i sola og ved sjøen. Samtidig har vi moglegheit til å jobbe inne når det er dårleg vêr.