Gjennomgått i samarbeid med Fellesorganisasjonen 21. november 2024

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom jobbar du for å forbetra evna menneske har til å fungera fysisk, psykisk og sosialt.

Arbeidsoppgaver

Ein klinisk sosionom er ein sosionom med vidareutdanning innan klinisk sosialt arbeid. Kliniske sosionomar arbeider terapeutisk med menneske med mentale, kjenslemessige eller åtferdsrelaterte problem. 

Det er vanleg å spesialisere seg og arbeide innan:

  • familieterapi
  • psykisk helsearbeid
  • psykisk helse hos barn og unge
  • gruppemetode i sosial- og helsesektoren
  • rusproblematikk

Vanlege arbeidsoppgåver for ein klinisk sosionom: 

  • individuelle terapitimar eller samtalar
  • leia gruppeterapi-økter
  • rettleia foreldre, familiar, barn og unge eller organisasjonar innan psykisk helse, rus eller kommunikasjon
  • oppfølging av brukarar

Kor jobbar kliniske sosionomar?

Du kan arbeide både i det private og det offentlege. Eksempel på arbeidsstader kan vere barnevernstenesta, psykisk helsevern, fengselsvesenet, rusomsorga, skolesektoren, familievern, flyktning- og innvandrararbeid og i frivillige organisasjonar.

Bli med ein klinisk sosionom på jobb

Korleis er det å jobbe som klinisk sosionom?

En kvinne med kort, mørkt hår smiler mot kamera. Hun har på seg en svart blazer med en rød knapp på jakkeslaget, gulløredobber og en sølvkjede. Bakgrunnen er ensfarget rosa.

Klinisk sosionom

Hanne Kro Sørborg

– Jeg jobber for å løfte ungdommer frem, gi dem en stemme og få dem inn i samfunnsdebatten, sier Hanne.
Ei dame i svart jakke, og hvit-svart bluse. Hun smiler til kamera. Bak henne er grønn mose på veggen.

Klinisk sosionom

Regine Frisch

– Som klinisk sosionom kan man ha et veldig variert og fleksibelt arbeidsliv, forteller Regine.

Viktige egenskaper for en klinisk sosionom

Som sosionom er det viktig at du bryr deg om og har evne til å sjå kvart enkelt menneske. Du bør vere empatisk og ha eit genuint ønske om å hjelpe menneske. I tillegg er det viktig å vere tolmodig og ha gode kommunikasjonsevner.

Kva tener kliniske sosionomar?

Korleis utdannar du deg til klinisk sosionom?

For å bli klinisk sosionom må du ha ein godkjent bachelor i sosialt arbeid eller tilsvarande utdanning frå utlandet. I tillegg må du ha minst fem års arbeidserfaring som sosionom. Du må ha jobba i minst to år før du tek til på vidareutdanninga innan eit klinisk område. Klinisk vidareutdanning føreset at du er i praksis samtidig som du studerer. Les meir om godkjenning: Fellesorganisasjonen: godkjenning som klinisk sosionom.

Kva jobbar sosialsektorutdanna med?

  • 662119 - Videreutdanning for sosialsektoren, sosialt arbeid og NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen)
  • 662114 - Videreutdanning for sosialsektoren, familieterapi
  • 662112 - Videreutdanning for sosialsektoren, sosialt arbeid med barn og unge
  • 662109 - Videreutdanning for sosialsektoren, foreldreveiledning
  • 662107 - Videreutdanning for sosialsektoren, barnevern

Bedrifter: Kor jobbar kliniske sosionomar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kliniske sosionomar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3460116 - KLINISK SOSIONOM

Andre yrke

Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.
Kvinnelig vernepleier hjelper mann i rullestol med en mobiltelefon.

Vernepleiar

Som vernepleiar rettleier og tilrettelegg du for menneske med fysiske, psykiske eller sosiale funksjonsnedsettingar.
Miljøterapeut i svømmebasseng med bruker

Miljøterapeut

Miljøterapeutar planlegg og legg til rette kvardagen for menneske som treng behandling, oppfølging eller tilsyn.
Voksen mann sitter i en sofa og lytter til en kvinne

Psykoterapeut

Psykoterapeutar brukar samtaleterapi og andre metodar for å auke livskvalitet og betre menneske si mentale helse.
Barnevernspedagog snakker med barn.

Barnevernspedagog

Barnevernspedagogar førebyggjer, løyser konfliktar og gir omsorg til barn og unge.
Illustrasjonsbilde av logoped som forklarer ordlyd til et barn

Logoped

Ein logoped hjelper menneske som av ulike grunnar har problem med å kommunisere.
Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.
Barne- og ungdomsarbeider leker med barn.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.
En sosionom sitter på kontoret og prater med en klient

Sosionom

Ein sosionom hjelper menneske med å førebyggje, løyse og redusere problem.
Pedagog underviser voksne elever i klasserom

Pedagog

Ein pedagog er ein person som har studert pedagogikk, enten i lærarutdanninga, barnevernsutdanninga eller som eige fag på universitetet.
Sykepleier i blå skjorte med stetoskop rundt halsen.

Spesialsjukepleiar innan psykisk helse

Som spesialsjukepleiar innan psykisk helse hjelper du menneske som har psykiske helseutfordringar.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.