Gjennomgått i samarbeid med Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse 22. oktober 2025

Karriererettleiar

Ein karriererettleiar hjelper menneske med å ta medvitne yrkes- og karriereval.

Arbeidsoppgaver

Ein karriererettleiar hjelper unge eller vaksne til å ta sjølvstendige, medvitne og meiningsfulle val. Karriererrettleiaren hjelper dei med å planleggje ein utdannings- og yrkeskarriere.

Som karriererettleiar tek du utgangspunkt i interessene til den enkelte, verdiar og ambisjonar, men også behovet i samfunnet for kompetanse og arbeidskraft, i rettleiinga.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein karriererettleiar:

  • rettleia menneske i alle aldrar til å ta val om utdanning og karriere
  • gir tips og råd om skriving av CV, søknader og gjennomføring av jobbintervju
  • rettleia menneske som står i overgangar eller omstillingar
  • halda seg oppdaterte på utdanningstilbod og arbeidsmarknad

Arbeidsoppgåvene kan variera avhengig av kvar du jobbar.

Karriererettleiaren hjelper folk med å bli betre kjent med seg sjølve, få meir kunnskap om moglegheitene sine og tora å ta val for framtida. Karriererettleiing kan skje i samtalar éin til éin, i grupper, på nett – eller ei blanding av alt dette.

Kor jobbar karriererettleiarar?

Karriererettleiarar er ofte tilknytt universitet, høgskular, vidaregåande skular eller ungdomsskular. Mange er også tilknytt fylkesvise karrieresenter, Nav, rekrutteringsbyrå og arbeids- og inkluderingsbedrifter. Karriererettleiarar kan også vera tilsette i personalavdelingar i større bedrifter, i kriminalomsorga, på folkehøgskular og i enkelte yrkesorganisasjonar. Nokon jobbar også i privat næringsliv, og nokon som sjølvstendig næringsdrivande.

Bli med ein karriererettleiar på jobb

Korleis er det å jobbe som karriererettleiar?

Portrett av kvinne med langt, blondt hår og hvit skjorte. Rundt halsen henger et sort nøkkelbånd. I bakgrunnen kan man se et kontorlandskap med flere pulter og PC-skjermer.

Karriereveileder

Maren Ylvisåker

– Jeg synes det er spennende å være med å utforske hvilke muligheter hver enkelt har, sier Maren.

Viktige egenskaper for en karriererettleiar

Som karriererettleiar må du vera nysgjerrig på og like å jobba med menneske. Du må ha gode pedagogiske eigenskapar og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Det er også viktig at du liker å læra, og halda deg oppdatert mellom anna på utdanningssystemet og på arbeidsmarknaden.

Kva tener karriererettleiarar?

Korleis utdannar du deg til karriererettleiar?

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

  • 724908 - Master, karriereveiledning, toårig

Bedrifter: Kor jobbar karriererettleiarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med karriererettleiarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3423109 - KARRIEREVEILEDER (JOBBSØKING)
  • 2512148 - KARRIERERÅDGIVER
  • 2352111 - STUDIEVEILEDER
  • 2352109 - SKOLERÅDGIVER
  • 2352107 - UTDANNINGSRÅDGIVER

Andre yrke

En kvinne i et kontorlandskap med flere ansatte ved pultene.

Leiar

Leiaryrket er svært mangfaldig og finst innan dei fleste yrkesområda.
Pedagog underviser voksne elever i klasserom

Pedagog

Ein pedagog er ein person som har studert pedagogikk, enten i lærarutdanninga, barnevernsutdanninga eller som eige fag på universitetet.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
En lærer forklarer noe for en gruppe på fire elever i barneskolealder. Midt på bordet ligger en iPad, som læreren peker mot.

Lærar

Ein lærar undervisar både barn og vaksne i ulike fag.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskole.
Voksen mann sitter i en sofa og lytter til en kvinne

Psykoterapeut

Psykoterapeutar brukar samtaleterapi og andre metodar for å auke livskvalitet og betre menneske si mentale helse.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Rådgiver i offentlig sektor holder presentasjon.

Rådgivar i offentleg sektor

Rådgivar er ein av dei vanlegaste titlane for offentleg tilsette i Noreg.
Forsikringsrådgiver snakker med kunde.

Forsikringsrådgivar

Hovudoppgåva til forsikringsrådgivarar er å tilby og gi råd til kundar om kva typar forsikring dei treng.
Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.