Jordmor
Arbeidsoppgaver
Ei jordmor tek imot barnet når det blir fødd, viss alt er normalt.
I tillegg til å jobbe med graviditet og fødsel jobbar jordmødrer også med kvinnehelse.
Vanlege arbeidsoppgåver for ei jordmor:
- svangerskapskontroll
- holde kurs som førebur par på fødsel
- informere om graviditet, kosthald, livsstil, tida etter fødsel og foreldrerollen
- ta ultralyd
- ta imot barnet under fødsel
- følge opp mor og nyfødd etter fødsel
- gi råd om familieplanlegging
- veiledning om og innsetting av prevensjon, som p-piller og spiral
- livmorhalsprøver
- helsestasjon for ungdom
- samtaler før og etter abort
Jordmødrer har eigen autorisasjon frå Helsedirektoratet.
Kor jobbar jordmødrer?
Jordmødrer jobbar kan jobbe i offentleg helseteneste og i private verksemder. Dei fleste jobbar på fødeavdelingar på sjukehus, på mindre fødestover eller på helsestasjon i kommunen.
Som jordmor kan du ha privat praksis og jobbe med svangerskapsomsorg og kurs for kommande foreldre. Nokre jordmødrer tilbyr heimefødsel. Jordmødrer kan også jobbe innan undervisning, forsking og administrasjon i helsevesenet.
Bli med ein jordmor på jobb
Korleis er det å jobbe som jordmor?
Jordmor
Henriette Erga-Johansen
Jordmor
Antigone Abazi Nyborg
Viktige egenskaper for en jordmor
Jordmødrer jobbar med menneske og må like å vere med andre. Du må kunne vise omsorg og empati, men også vere tydeleg og bestemt når det trengst. Du må vere sjølvstendig og kunne ta viktige og raske val i akutte situasjonar.
Kva tener jordmødrer?
Korleis utdannar du deg til jordmor?
For å bli jordmor må du først ta ei bachelorgrad i sjukepleie og jobbe minst eitt år som sjukepleiar. Etter det tek du ei toårig spesialisering i svangerskapsomsorg, fødselshjelp og kvinnehelse.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Du kan ta vidareutdanning innan for eksempel ultralyddiagnostikk, ammerettleiing, akupunktur (som smertelindring i fødsel), juss, helseadministrasjon eller ta ei doktorgrad.
Kva jobbar jordmorutdanna med?
- 761107 - Master, jordmorfag, toårig
- 761105 - Jordmorutdanning, toårig
- 661118 - Videreutdanning for jordmødre
- 661102 - Jordmorutdanning, ettårig.
Bedrifter: Kor jobbar jordmødrer?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med jordmødrer
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2230102 - JORDMOR
- 2230125 - DISTRIKTSJORDMOR
- 2230120 - KOMMUNEJORDMOR
- 2230111 - ASSISTERENDE OVERJORDMOR
- 2230108 - AVDELINGSJORDMOR
- 2230105 - OVERJORDMOR
Andre yrke
Audiograf
Helsesekretær
Optikar
Tannpleiar
Nevrosjukepleiar
Ergoterapeut
Kiropraktor
Portør
Sjukepleiar
Obduksjonsteknikar
Spesialsjukepleiar innan psykisk helse
Helsesjukepleiar
Relaterte lenker
- Den Norske Jordmorforening (sjølvstendig fagorganisasjon)
- The International Confederation og Midwives
- Jordmorforbundet, som høyrer til Norsk Sykepleierforbund