Gjennomgått i samarbeid med utdanning.no 20. august 2024

Hovmeister

Hovmeisteren ser til at gjestene blir tekne godt imot, og at dei får den servicen dei skal ha.

Arbeidsoppgaver

Dei fleste hovmeistrar er arbeidsleiar (skiftleiar) for servitørane i ein restaurant eller på eit hotell. Nokre hovmeistrar har ansvar for den daglege drifta av ein restaurant, eller eit delt ansvar med ein restaurantsjef.

Hovmeisteren har eit overordna ansvar for at gjestene får det dei har bestilt, og at det dei får er av den kvaliteten dei forventar. Vidare har hovmeisteren ansvar for at restauranten er rein og ryddig.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein hovmeister:

  • ta mot gjester og syne dei til plassane sine
  • sørgja for at gjestene oppnår kontakt med ein servitør
  • sjå til at gjestene får maten dei har bestilt til rett tid
  • setje opp vaktlister og gjere oppgjers- og rekneskapsarbeid
  • hjelpe til med å planlegge menyen med kjøkkensjefen
  • hjelpe til med servering

Kor jobbar hovmeistrar?

Hovmeistrar arbeider på til dømes restaurantar, hotell eller cruisebåtar. Du kan arbeide både i Noreg og i utlandet.

Bli med ein hovmeister på jobb

Korleis er det å jobbe som hovmeister?

Mann i hvit skjorte og med et grønt kelnerforkle sitter foran et vinskap.

Hovmester

Even Eide

– Du må ha et glimt i øyet, smile og være hyggelig mot gjestene. Du må tåle å jobbe under press og være innstilt på å skulle legge inn en innsats når du kommer, sier Even.
Portrettbilde av hovmester Isabell Kirkerud

Hovmester

Isabell Kirkerud

Vi trenger flere flinke folk med fagbrev, og man er garantert jobb allerede som lærling, sier Isabell Kirkerud.

Viktige egenskaper for en hovmeister

Som hovmeister må du vera glad i å omgåast menneske og tola stress som kan oppstå i eit hektisk restaurantmiljø. Du må ha evna til å yta god service og ha leiareigenskapar. Du bør òg vera interessert i mat og vin.

Kva tener hovmeistrar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Tabellen under viser lønnsdata for yrket servitør.

Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til hovmeister?

Dei fleste hovmeistrar er utdanna servitør eller kokk. Det er vanleg å ha nokre års erfaring før ein søkjer på hovmeisterjobbar.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Sjå utdanningstilbod innan kjøkken-, hotell- og restaurantledelse

Kva for ei utdanning er vanlegast for hovmeistrar?

Kva jobbar servitørutdanna med?

  • 483203 - Servitørutdanning, videregående, avsluttende utdanning
  • 483201 - Servitørfaget, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar hovmeistrar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med hovmeistrar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5123102 - HOVMESTER

Andre yrke

Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
En konditor sprøyter ut kakedeig på en stekeplate

Konditor

Som konditor arbeider du med å lage, pynte og setje saman kaker av ulikt slag.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
Kostøkonom prater med kokker

Kostøkonom

Kostøkonomar har ansvar for at storkjøkken serverer god og næringsrik mat til ein forsvarleg pris.
Kvinneleg kokk på et kjøkken

Kokk

Kokkar jobbar med å lage mat, setje opp menyar, planlegge innkjøp og velje ut råvarer.
Tre ernæringskokker lager mat ved sida av kvarandre inne på et grovkjøkken

Ernæringskokk

Ernæringskokker lagar mat ved storkjøkken og institusjonar, basert på kunnskap om ernæring, kosthald og helse.
En hotelldirektør snakker med sine ansatte

Hotelldirektør

Som hotelldirektør er du hotellet sin leiar og har hovudansvaret for økonomien og dei tilsette på hotellet.
En dame sitter foran en PC, foran skjermen ligger en åpen bok med tekst

Omsetjar

Omsetjarar omset skrifter frå eit språk til eit anna.
Konduktør

Konduktør

Ein konduktør er ansvarleg for togpassasjeranes sikkerheit om bord i toget og ved av- og påstiging.
Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
Husøkonom

Husøkonom

Som husøkonom har du ansvar for reinhald i større verksemder.
Kulde- og varmepumpemontør i arbeid

Kulde- og varmepumpeteknikar

Ei kulde- og varmepumpeteknikar er ein elektrofagarbeider som monterer, held ved like og rettar feil på kuldeanlegg og varmepumper.

Relaterte lenker