Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for naturbruk 16. februar 2022

Hestefaglært

Som hestefaglært kan du arbeide med mange ulike oppgåver innan hestehald, til dømes fôring og reinhald.

Arbeidsoppgaver

I jobben som hestefaglært kan du ha ansvar for mange ulike arbeidsoppgåver knytt til arbeid med hestar. Arbeidsoppgåvene varierer etter kva arbeidsplass du høyrer til. 

Dei vanlege arbeidsoppgåvene for hestefaglærte er:

  • undervise i riding og hestehald
  • sjå etter, fôre og reingjere dyra rutinemessig
  • vurdere kvaliteten og mengda på dyrefôr
  • trening av hest i til dømes trav, galopp, dressur og /eller sprangriding.
  • reingjere, sjå etter og vedlikehalde anlegg som hesten brukar
  • ansvar for HMS
  • transportere hestar
  • drive informasjonsarbeid og rettleiing om generell bruk og handtering av hestar

Nokre hestefaglærte arbeider òg med riding for personar med nedsett funksjonsevne, eller med terapiriding i samarbeid med ein fysioterapeut.

Hestefaglærte arbeider ofte saman med bønder, dyrepleiarar eller veterinærar.

Kor jobbar hestefaglærte?

Hestefaglærte jobbar til dømes på rideskular, stallar og i verksemder som driv hesteturisme og fritidsaktivitetar, i travnæringa og i skule- og undervisingssektoren.

Bli med ein hestefaglært på jobb

Korleis er det å jobbe som hestefaglært?

Portrettbilde av Julianne Aasen Devold. Hun står ute, og bak henne er det en eng og trær.

Hestefaglært

Julianne Aasen Devold

Julianne sine hester får kortreist mat og massasje hver dag. Hun har drømt om å ha denne jobben siden hun var tolv år.

Viktige egenskaper for en hestefaglært

Som hestefaglært bør du vere interessert i hestar og deira velferd. Du har evne til å kommunisere med ulike mennesketypar, og vil ha stor fordel av å vere omsorgsfull, empatisk, ansvarsfull og serviceinnstilt.

Kva tener hestefaglærte?

Korleis utdannar du deg til hestefaglært?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Som hestefaglært er kan du vidareutdanne deg til travtrenar, ridelærar eller stallmeister.

Kva jobbar hovslagar- og hestefagutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 479906 - Hestefaget, Vg3
  • 455215 - Hovslagerfaget, Vg3 (gammel ordning)

Bedrifter: Kor jobbar hestefaglærte?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med hestefaglærte

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 6129112 - HESTEFAGARBEIDER
  • 9210119 - STALLMEDARBEIDER
  • 9210118 - STALLARBEIDER
  • 9210113 - STALLPIKE
  • 9210110 - STALLGUTT
  • 6129111 - HESTEDRESSØR
  • 6121130 - STALLMESTER
  • 6121129 - STALLKAR
  • 6121120 - STALLMANN
  • 3475117 - TRAVTRENER
  • 3475108 - GALOPPTRENER
  • 3475114 - RIDEINSTRUKTØR
  • 3475118 - RIDELÆRER
  • 3475135 - KUSK
  • 3475136 - JOCKEY
  • 9151110 - FØRER (HEST MED KJERRE)

Andre yrke

Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Menneske som ruller ferdigplen.

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bonde bak gjerde med kyr i bakgrunnen.

Bonde

Som bonde er du sjølvstendig næringsdrivande og driv din eigen gard.
Dyrepleier undersøker hund

Dyrepleiar

Som dyrepleiar hjelper du veterinæren i det daglege arbeidet. Arbeidsdagen består av omsorg, pleie og behandling av dyr.
Fiskehelsebiolog sjekker tank med fisk

Fiskehelsebiolog

Som fiskehelsebiolog jobbar du med varetaking av fiskehelse og fiskevelferd.
Hundeskolen Veiviseren i Vestby trener førerhunder og servicehunder.

Førarhundtrenar

Førarhundtrenaren trenar opp førarhundar til blinde og svaksynte.
En mann inspirerer grønnsaker i en veksthall

Gartnar

Som gartnar tar du vare på uteområde og parkar. Du kan òg arbeide innan plante- og grønsaksproduksjon.
Hovslager skor hest

Hovslagar

Hovslagarar arbeider med å sko hestar.
Spade med fiskefôr holdes fram for å kastes ut i merden med fisk.

Produktutviklar fiskefôr

Som produktutviklar av fiskefôr jobbar du med å lage best mogleg fôr til fisk.
Veterinær med katt

Veterinær

Veterinæren behandlar og førebygger sjukdommar hos dyr, men jobbar og med mattryggleik og dyrevelferd.