Helsefagarbeidar
Arbeidsoppgaver
Ein helsefagarbeidar gir omsorg og hjelp til pasientar og brukarar. Jobben handlar om å gi heilskapleg omsorg, hjelpe med ernæring, grunnleggande sjukepleie og miljøarbeid. Ein helsefagarbeidar gir profesjonell helsehjelp, utfører grunnleggande førstehjelp og sørger for at pasientane er trygge.
Ein helsefagarbeidar har mange ulike arbeidsoppgåver og kontakt med menneske i alle aldrar. Nokon er sjuke. Andre har nedsett funksjonsevne eller skal trene seg opp etter ei ulykke.
Du kan arbeide på ulike stadar:
- sjukehus
- sjukeheim
- heime hos menneske som treng helsehjelp
- i psykiatrien
- i rusomsorga
Arbeidsoppgåvene varierer ut frå pasienten eller brukarens behov.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein helsefagarbeidarar:
- planlegge og gjennomføre grunnleggande sjukepleie for akutt eller kronisk sjuke og menneske med komplekse behov
- starte førebyggande og behandlande tiltak innan eige ansvarsområde
- bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold om pasienten og helsehjelpa dei får
- hjelpe med personleg hygiene, påkledning, forflytting og trening
- bruke velferdsteknologi som tryggleiksalarmar, GPS og elektroniske medisindispensere
- lage til måltid og vurdere ernæringa til pasienten
- miljørettede tiltak og aktivitetar
- gi førstehjelp ved behov
Ein helsefagarbeidar bidreg til god folkehelse ved å førebygge einsemd og betre livskvalitet. Du hjelper pasientar og brukarar å meistre kvardagen og legg til rette for at dei skal ha eit aktivt liv.
På dei fleste arbeidsplassane jobbar du turnus. Det betyr at du må jobbe på dag, kveld, natt og nokre helger.
Yrkestittelen helsefagarbeidar heitte tidlegare hjelpepleiar og omsorgsarbeidar. Helsefagarbeidar er ein beskytta tittel og du må ha autorisasjon frå Helsedirektoratet.
Kor jobbar helsefagarbeidarar?
Helsefagarbeidarar kan jobbe:
- i heimetenesta
- på sjukeheim
- på busenter og servicesenter
- på sjukehus
- i rusomsorgen
- innen psykiatrien
- i bustader for personar med fysisk eller psykisk funksjonsnedsettelse
- ved opptrenings- og behandlingssenter
- i skulen med barn eller ungdom som har behov for ekstra hjelp
Bli med ein helsefagarbeidar på jobb
Korleis er det å jobbe som helsefagarbeidar?
Helsefagarbeider
Andrea Selnes Otten
Helsefagarbeider
Silje Correas Aasnes
Helsefagarbeider
Ole-Petter Reiersen
Viktige egenskaper for en helsefagarbeidar
Som helsefagarbeidar må du like å jobbe med menneske. Du må kunne jobbe med menneske med ulik kulturell bakgrunn og livssituasjon som har forskjellige evner og moglegheiter til å kommunisere. Du må vise omsorg, vennsemd og respekt. Dessutan må du vere god å samarbeide, lære og omstille deg.
Kva tener helsefagarbeidarar?
Korleis utdannar du deg til helsefagarbeidar?
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Som helsefagarbeidar kan du ta vidareutdanning innanfor ulike retningar på fagskole.
Kva for ei utdanning er vanlegast for helsefagarbeidarar?
Kva jobbar helsefagarbeidarutdanna med?
- 461903 - Helsearbeiderfaget, Vg3
- 469910 - Helse- og sosialfag, VK II
- 569946 - Fagskoleutdanning, utviklingshemning, miljøarbeid og aldring, ettårig
- 569944 - Fagskoleutdanning, demensomsorg, halvårig
- 569938 - Fagskoleutdanning, psykisk helsearbeid og rusarbeid, ettårig
- 569937 - Fagskoleutdanning, psykisk helsearbeid, ettårig
- 569936 - Fagskoleutdanning, nevrologiske lidelser, ettårig
- 569934 - Fagskoleutdanning, kroniske sykdommer, ettårig
- 569930 - Fagskoleutdanning, helse, aldring og aktiv omsorg, ettårig
- 569928 - Fagskoleutdanning, demens og psykisk helse hos eldre
- 569908 - Fagskoleutdanning, eldreomsorg
- 569907 - Fagskoleutdanning, psykisk helsearbeid
- 568902 - Fagskoleutdanning, fysisk aktivitet og kulturarbeid, ettårig
- 562903 - Fagskoleutdanning, tverrfaglig helseteknologi, halvårig
- 562118 - Fagskoleutdanning, positiv atferdsstøtte (PAS) i møte med atferd som utfordrer, halvårig
- 562109 - Fagskoleutdanning, miljøarbeid rettet mot mennesker med funksjonsnedsettelse/utviklingshemming, ettårig
- 561916 - Fagskoleutdanning, observasjons- og vurderingskompetanse i helsetjenesten, ettårig
- 561915 - Fagskoleutdanning, tverrfaglig palliativ omsorg, 10 studiepoeng
- 561912 - Fagskoleutdanning, palliativ omsorg, ettårig
- 561911 - Fagskoleutdanning, hverdagsrehabilitering, halvårig
- 561909 - Fagskoleutdanning, hverdagsmestring, halvårig
- 561907 - Fagskoleutdanning, rehabilitering, ettårig
- 561906 - Fagskoleutdanning, kreftomsorg og lindrende pleie, ettårig
- 561902 - Fagskoleutdanning, rehabilitering
- 561901 - Fagskoleutdanning, kreftomsorg og lindrende pleie
- 461902 - Omsorgsarbeiderfaget, VK II
- 461202 - Videreutdanning for hjelpepleiere
- 461201 - Hjelpepleier, VK II
- 561921 - Fagskoleutdanning, klinisk vurderingskompetanse, ettårig
- 569967 - Fagskoleutdanning, helseteknologi, halvårig
- 561924 - Fagskoleutdanning, akutt syke - klinisk observasjons- og handlingskompetanse, ettårig
- 569960 - Fagskoleutdanning, demensomsorg og alderspsykiatri, halvårig
- 561922 - Fagskoleutdanning, trygg håndtering av utfordrende situasjoner i helse- og omsorgssektoren, halvårig
- 569965 - Fagskoleutdanning, veiledning i praksis, halvårig
- 569980 - Fagskoleutdanning, mat og ernæring til personer med nedsatt helsetilstand, 5 studiepoeng
- 561913 - Fagskoleutdanning, kirurgisk virksomhet, ettårig
- 569972 - Fagskoleutdanning, traumer og traumehåndtering
- 561927 - Fagskoleutdanning, simulering og ferdighetstrening, halvårig
- 562911 - Fagskoleutdanning, e-helse og velferdsteknologi, 10 studiepoeng
- 561925 - Fagskoleutdanning, hverdagsmestring og hverdagsrehabilitering, halvårig
- 569966 - Fagskoleutdanning, videreutdanning i ammeveiledning, 20 studiepoeng
Bedrifter: Kor jobbar helsefagarbeidarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med helsefagarbeidarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 5139146 - ASSISTENT (PU)
- 5132121 - HELSEFAGARBEIDER
- 5132120 - OMSORGSARBEIDER (PSYKISK HELSEARBEID)
- 5132119 - HJELPEPLEIER (PSYKISK HELSEARBEID)
- 5132116 - HJELPEPLEIERMEDARBEIDER
- 5132114 - SERVICEARBEIDER (OMSORGSARBEID)
- 5132113 - OVERPLEIER
- 5132112 - SPESIALHJELPEPLEIER
- 5132110 - ASSISTERENDE BESTYRER (OMSORGSARBEID)
- 5132108 - MILJØARBEIDER (HELSE- OG OMSORG)
- 5132107 - LEDENDE HJELPEPLEIER
- 5132102 - OMSORGSARBEIDER
- 5132101 - HJELPEPLEIER
- 5131123 - BARNEPLEIER
Andre yrke
Ergoterapeut
Helsesjukepleiar
Aktivitør
Heimehjelp
Kiropraktor
Osteopat
Portør
Sjukepleiar
Obduksjonsteknikar
Spesialsjukepleiar innan psykisk helse
Jordmor