Ernæringskokk
Arbeidsoppgaver
Den største forskjellen mellom kokk og ernæringskokk, er at ein ernæringskokk har kunnskap om å tilpasse mat og rettar etter ulike behov, allergiar, intoleransar, livsstilssjukdommar og kost i ulike livsfasar.
Dette yrket handlar mykje om måltidsglede, det å glede dei du lagar maten for, med freistande rettar som kan gi positive matopplevingar.
Som ernæringskokk lagar til du mat og måltid i tråd med lokale, samiske, norske og internasjonale mattradisjonar og trendar. Du bør kunne meistre alle sider av faget, og allsidigheit er derfor viktig.
Ein ernæingskokk bør også kjenne til lovverk og anbefalingar som gjeld for faget. For eksempel når det gjeld næringsinnhald, matsikkerheit, allergiar og intoleransar.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein ernæringskokk:
- lage kulinariske kalde og varme rettar og dessertar som er tilpassa den enkelte pasient
- tilberede mat og gjere den klar for servering
- fokusere på berekraft, trygg mat og kvalitet
- bruke fagkunnskap og kreativitet, og dessutan følge teknologisk utvikling i faget
- lage menyar som gjerne kan følge årstidene, og planlegge innkjøp
- delta i produktutvikling
Ofte jobbar du tett saman med kostøkonomar, kliniske ernæringsfysiologar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar.
Kor jobbar ernæringskokkar?
Som ernæringskokk kan du jobbe ved sentralkjøkken eller storkjøkken på sjukehus, sjukeheim eller andre helse- og omsorgsinstitusjonar. Du kan jobbe i personalkantiner, skolekantiner, barnehagar, skolar, Forsvaret, fengslar eller innanfor oljeindustrien.
Det finst mange arbeidsplassar som har arbeidstid berre på dagtid frå måndag til fredag, men du kan også jobbe turnus i enkelte bedrifter.
Korleis er det å jobbe som ernæringskokk?
Ernæringskokk
Stig Frode Herigstad
Ernæringskokk
Anita Fogstad Løvli
Viktige egenskaper for en ernæringskokk
Som ernæringskokk må du ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Samtidig må du kunne jobbe sjølvstendig. Du må vere praktisk reist, nøyaktig og ha blikk for detaljar. Det er ein fordel å like å skape med hendene, og dessutan vere nysgjerrig på mattrendar og ny teknologi.
Kva tener ernæringskokkar?
Korleis utdannar du deg til ernæringskokk?
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.
Videreutdanning
Kva for ei utdanning er vanlegast for ernæringskokkar?
Kva jobbar ernæringskokkutdanna med?
- 458106 - Institusjonskokkfaget, Vg3
- 458116 - Ernæringskokkfaget, Vg3
Bedrifter: Kor jobbar ernæringskokkar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med ernæringskokkar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 5122131 - ERNÆRINGSKOKK
- 5122105 - INSTITUSJONSKOKK
Andre yrke
Kostøkonom
Optikar
Massasjeterapeut
Farmasøyt
Legemiddelkonsulent
Hudpleiar
Tannhelsesekretær
Ortopediteknikar
Portør
Apotekteknikar
Førarhundtrenar