Gjennomgått i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet 01. april 2022

Dykkar

Ein yrkesdykkar utfører arbeid under vatn.

Arbeidsoppgaver

Som dykkar jobbar du under vatn.

I Noreg deler vi yrkesdykking inn i to område: innaskjærsdykking og dykking ved landsanlegg eller i Nordsjøen. Det er vanleg å spesialisera seg innan eitt av desse områda.

Yrkesdykkarar kan ha ulike bakgrunnar, som til dømes handverksyrker (røyrleggar, sveiser og elektrikar), ingeniørfotograf, dykkarinstruktør eller marin- og havforsking.

I mange yrke er dykking ein del av jobben. Dette er tilfellet for mannskap på redningsskøyter, brannkonstablar og arkeologar

Vanlege arbeidsoppgåver for yrkesdykkarar innanskjers

  • Anleggs- og inspeksjonsarbeid av bruer, kaier og røyrleidningar
  • Berging ved skipsforlis
  • Dykking innan havbruk
  • Servicearbeid på skip
  • Registrering av marinarkeologiske funn som vitenskapelig dykkar.

Dykking til havs og ved landanlegg

  • Service og inspeksjon på faste og flytande innretningar.
  • Inspeksjonar  av olje- og gassrøyrleidningar.
  • Installasjonar ved utbygging av nye olje- og gassfelt
  • Nedbygging av kalde olje- og gassfelt
  • En kommende næring er havvind 

Ved dykking til havs er det nødvendig med vidare utdanning som klokkedykkar dersom djupna overstig 50 meter. Ein del av arbeidstida vil òg føregå over vatn. Gjennomsnittleg dykketid er på 100 timar i året. 

I dette yrket må du rekna med ein god del reising. For dykkarar som jobbar innan bygg- og anleggsbransjen kan talet på reisedøgn komma opp i 250 i året. I Nordsjøen vil dette talet vera omtrent det halve dersom ein går i fast rotasjon.

Det finst fleire jobbmoglegheiter hos dykkeentreprenører i Noreg. Nokre dykkarar går saman og dannar eigne selskap. Norske dykkarar er ettertrakta arbeidskraft òg i utlandet.

Kor jobbar dykkarar?

Mange yrkesdykkarar jobbar i bygg- og anleggsbransjen, ved oppdrettsanlegg eller ved arkeologiske funnstader. Ein god del aktive yrkesdykkarar utdannar seg til redningsdykkarar og tenestegjer ved brannetatane sine beredskapssenter.

Ei mindre gruppe yrkesdykkarar spesialiserer seg til jobbar ved landsanlegga for olje- og gassverksemd. Eit fåtal norske yrkesdykkarar jobbar i dag i Nordsjøen, men det blir jobba med å få til ein revitalisering av denne bransjen med norsk innhald.

Bli med ein dykkar på jobb

Korleis er det å jobbe som dykkar?

Intervjuer

En mann med mørk skjorte og mørkt kort hår smiler mot kamera. Bildet er tatt innendørs.

Dykker

Ludwig Ljungdahl

– Å bevege seg med masse utstyr og tørrdrakt er tungt, følelsen av frihet er derimot herlig lett, sier Ludwig.

Viktige eigenskapar for ein dykkar

Ein yrkesdykkar må like utfordringar og vere sjølvstendig og nøyaktig. Du må vere fleksibel og kunne tilpasse deg. Du må også ha gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter. Du må takle å opphalde deg i tronge rom med dårleg sikt.

Kva tener dykkarar?

Korleis utdannar du deg til dykkar?

Det er ein fordel å ha ei fagutdanning innan til dømes bygg og anlegg. Du kan ta ei tilleggsutdanning som yrkesdykkar. 

Du må vere minst 300 dagar offshore og gjennomføre minst 150 godkjente dykk for å bli ein profesjonell dykkar.

Fleire folkehøgskolar, Høgskolen i Bergen og Norsk Yrkesdykkerskole tilbyr utdanning innan dykking. 

Se oversikt over utdanningar

Opptakskrav
Du må vere over 18 år for å ta dykkarsertifikatet. I tillegg må du ha godkjent legeattest og bestå opptaksprøve.

Kva for ei utdanning er vanlegast for dykkarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Kva jobbar dykkerfagskoleutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 559906 - Fagskoleutdanning, dykking, ettårig
  • 559904 - Fagskoleutdanning, dykking
  • 582101 - Fagskoleutdanning, minedykkeroperatør, toårig

Bedrifter: Kor jobbar dykkarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med dykkarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7216102 - DYKKER
  • 7216111 - FAGARBEIDER (DYKKING)
  • 7216114 - SPESIALARBEIDER (DYKKING)
  • 7216113 - FORMANN (DYKKING)
  • 7216101 - ANLEGGSDYKKER
  • 7216110 - DYKKERLEDER
  • 7216109 - KLOKKEDYKKER
  • 7216108 - KAMMEROPERATØR
  • 7216107 - KLOKKEDYKKERLEDER
  • 7216106 - RESERVEDYKKER
  • 7216105 - KAMMEROPERATØRLEDER
  • 7216103 - HJELMDYKKER
  • 5161114 - REDNINGSDYKKER
  • 3475111 - DYKKEINSTRUKTØR

Andre yrke

Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nettmann

Ein bas/nettmann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Branningeniør sjekker brannvarslingssystem

Branningeniør

Branningeniørar arbeider med bygnings- og branntryggleik. Å gi råd og gjennomføre kontrollar er blant dei viktigaste arbeidsoppgåvene.
Brannkonstabel slukker brann

Brannkonstabel

Som brannkonstabel sløkk du brannar, og driv med rednings- og tryggleiksarbeid i brannvesenet.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
Energimontør i arbeid

Energimontør

Ein energimontør arbeider med å bygge og halde ved like el-kraftnettet.
Fiskeoppdretter som holder opp en fisk han har henta opp fra merden bak.

Fagoperatør akvakultur (fiskeoppdrettar)

Som fagoperatør i akvakultur (fiskeoppdrettar) har du ansvaret for den daglege drifta av et akvakulturanlegg.
En kvinnelig fengselsbetjent i uniform står ute og snakker med en mannlig innsatt i oransje klær.

Fengselsbetjent

Som fengselsbetjent har du ansvaret for å følge opp, rettleie og motivere menneske som sonar ei fengselsstraff.