Gjennomgått i samarbeid med NHO Transport 19. september 2025

Bussjåfør

Som bussjåfør er di viktigaste oppgåve å transportera passasjerar på ein trygg, miljøvennleg og komfortabel måte.

Arbeidsoppgaver

Ein bussjåfør er ein yrkessjåfør som jobbar med persontransport, og skal sørgja for at passasjerane kjem fram på ein god måte. Som bussjåfør i uniform må du vera ansvarsmedviten og omsynsfull i trafikken, og vaken og merksam slik at trafikkuhell blir unngått. Som bussjåfør kan du ha ein variert kvardag, og ofte kan ein prøva ut ny teknologi og tunge køyretøy.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein bussjåfør:

  • transportera passasjerar såg presist og sikkert som mogleg
  • hjelpa passasjerar ved av- og påstiging
  • vurdera trafikkbiletet og køyra trafikksikkert
  • vurdera den tekniske standen til bussen, og få den til service når det er nødvendig

Arbeidskvardagen vil variera avhengig av kvar du jobbar. Dei fleste bussjåførar køyrer rutetrafikk i byar og tettstader. Som bussjåfør kan du også køyra turtrafikk, flybussar eller andre typar busstrafikk. Det finst gode jobbmoglegheiter i heile Noreg. Bussjåfør-yrket er ein ansvarsfull og sjølvstendig jobb, med ordna lønns- og arbeidsvilkår.

Kor jobbar bussjåførar?

Bussjåførar jobbar for bedrifter og selskap over heile landet. Du kan jobba både på byruter, distriktsruter og regionale ruter, og du kan jobba på private turbussar. Somme busselskap har også utanlandsruter.

Bli med ein bussjåfør på jobb

Korleis er det å jobbe som bussjåfør?

En mann med langt hår og skjegg står foran en rad med busser og smiler til kamera. Han har på uniform med lyseblå skjorte, slips og mørk bukse. I beltet er det festet et nøkkelknippe.

Bussjåfør

Christoffer Berg

– Bussene er den del av hverdagen til tusenvis av mennesker, og jeg synes det er givende å være en del av systemet som får hjulene til å gå rundt, smiler Christoffer.
En mann ikledd blå skjorte, svart vest og et blått slips smiler mot kamera. Han har på seg briller med svart ramme. Bildet er tatt utendørs i sola.

Bussjåfør

Axel Estrera Jonsson

– Det er et stort ansvar ja, med alle passasjerene, trafikken og selve kjøretøyet, sier Axel.

Viktige egenskaper for en bussjåfør

Som bussjåfør må du vera serviceinnstilt og oppteken av at passasjerane skal komma fram på ein komfortabel og trygg måte. Du bør vera glad i å køyra, og køyra på ein trafikksikker og presis måte.

Du må også kunna takla stressande situasjonar i trafikken og halda deg roleg når køar eller uventa hendingar oppstår.

Kva tener bussjåførar?

Korleis utdannar du deg til bussjåfør?

Det er fleire vegar for å bli bussjåfør:

  • Du kan gå yrkessjåførfaget på vidaregåande og ta fagbrev som yrkessjåfør
  • Du kan også bli bussjåfør ved å ta førarkort for buss (klasse D) og eit 140 timars kurs i yrkessjåførkompetanse for persontransport (YSK) ved ein godkjend trafikkskule
  • Dersom du allereie har yrkessjåførkompetanse for gods, kan han utvidast til å gjelda for persontransport hos ein godkjend trafikkskule
  • For vaksne med yrkespraksis som bussjåfør er det mogleg å ta fagbrev som praksiskandidat

Du kan få lån og stipend om du tek utdanning som bussjåfør eller lastebilsjåfør ved ein trafikkskule som er godkjend av Lånekassen. Les meir om lån og stipend for yrkessjåførar på lånekassen.no.

Kva for ei utdanning er vanlegast for bussjåførar?

Kva jobbar yrkessjåførutdanna med?

  • 481401 - Yrkessjåførfaget, Vg3 (gammel ordning)
  • 481402 - Yrkessjåførfaget, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar bussjåførar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med bussjåførar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8322108 - BUSSJÅFØR
  • 8322109 - BUSSFØRER
  • 8322106 - SJÅFØR (BUSS)
  • 8322110 - RESERVESJÅFØR (BUSS)
  • 8322105 - RUTEBILSJÅFØR

Andre yrke

Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Taxisjåfør sitter i førersetet på en bil

Taxisjåfør

Som taxisjåfør transporterer du passasjerar.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Postbud leverer post

Postbod

Eit postbod jobbar med å sortere og distribuere post, både til privatpersonar og bedrifter.
Fu-operatør styrer undervannsfarkoster

FU-operatør

FU-operatøren styrer undervassfarkostar og andre undervassverktøy.
Portør

Portør

Portørar transporterer pasientar, medisinar og utstyr på sjukehus eller behandlingsinstitusjonar.
En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.
Konduktør

Konduktør

Ein konduktør er ansvarleg for togpassasjeranes sikkerheit om bord i toget og ved av- og påstiging.
Flymotormekaniker i arbeid

Flymotormekanikar

Ein flymotormekanikar arbeider med service, overhaling, reparasjon og testing av motorar i luftfartøy.
En lokomotivfører i førerhuset

Lokomotivførar

Ein lokførar køyrer tog og passar på at det tekniske i toget fungerer som det skal.
En matros på en supplybåt.

Matros

Matrosar jobbar med vedlikehald, vakthald, lasting og lossing om bord på båtar.