Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for teknologi og industrifag 01. april 2025

Børsemakar

Børsemakaren arbeider hovudsakleg med å reparere og tilpasse våpendelar og våpen.

Arbeidsoppgaver

Som børsemakar reparerer, justerer, tilpassar, monterer og lagar du våpen, våpendelar og reservedelar. Du arbeider med ulike materialar som stål, tre, plast og andre kunststoff, og må kunne meistre tradisjonelle arbeidsteknikkar så vel som moderne maskiner og metodar. I nokre tilfelle kan børsemakarar få i oppdrag å lage våpen etter ein kunde sine særskilde ønske, men dei fleste våpen som blir brukt i dag er serieproduserte i ei industriverksemd.

Vanlege arbeidsoppgåver for børsemakaren:

  • reparere og produsere våpendelar og våpen som blir brukte til jakt og sportsskyting
  • arbeide om, feste og overflatebehandle ulike materialar
  • setje saman våpen av eigenproduserte og innkjøpte delar
  • rettleie kundar, som oftast er sportsskytarar og/eller jegerar
  • halde ved like maskiner og verkstaden

Kor jobbar børsemakarar?

Børsemakarar arbeider i ein eigen verkstad, i forretningar som sel våpen eller i Forsvaret. For å få løyve frå Politidirektoratet til å drive børsemakarverkstad, set våpenforskrifta mellom anna krav om faglege kvalifikasjonar på nivå med sveinebrev. 

Korleis er det å jobbe som børsemakar?

Mann med skjegg og caps. Ham smiler og ser rett i kameraet.

Børsemaker

Tor Fredrik Mikkelsen

– Ved å lytte til kundens historie og forstå våpenets bruksområde, blir jeg en bedre børsemaker, smiler Tor Fredrik.
En mann i rutete skjorte fotografert innendørs. Han smiler og har hånden rundt en statue av et dyr.

Børsemaker

Daniel Moe-Hermansen

– Som jeger og lidenskapelig interessert i våpen kan jeg ikke få det stort bedre enn i jobben som børsemaker, smiler Daniel.
Portrett av Didrik Sørlige inne på verktstedet

Børsemaker

Didrik Sørlie

- Vi er ikke mange børsemakere i Norge, og de fleste av oss kjenner til hverandre, sier Didrik Sørlie.

Viktige egenskaper for en børsemakar

Utanom allsidige handverksferdigheiter må børsemakaren vere nøyaktig og kjenne godt til ballistikk og matematiske utrekningsmetodar for våpentekniske konstruksjonar. Du må vere sjølvstendig og serviceinnstilt. 

Kva tener børsemakarar?

Korleis utdannar du deg til børsemakar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Du kan ta meisterbrev i børsemakerfaget. Les meir om meisterbrev

Kva jobbar børsemakarutdanna med?

  • 455313 - Børsemakerfaget, Vg3
  • 455309 - Børsemakerfaget, Vg3 (gammel ordning)
  • 455308 - Børsemakerfaget, VK III
  • 455301 - Børsemakerfaget, VK II

Bedrifter: Kor jobbar børsemakarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med børsemakarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7222101 - BØRSEMAKER
  • 7236102 - VÅPENMEKANIKER
  • 7222102 - BØRSEMAKERMESTER

Andre yrke

En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
Mekaniker jobber med helikoptermotor

Mekanikar

Som mekanikar arbeider du med vedlikehald, reparasjon og forbetring av mekanisk utstyr.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.
En mann stiller inn en 3d printer

Maskiningeniør

Ein maskiningeniør designar produkt, lagar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.
En skipsmotormekaniker, også kalt motormann, inspiserer motorrommet

Skipsmotormekanikar

Ein skipsmotormekanikar held ved like og reparerer skipets motorar og andre mekaniske delar.
Metallarbeider som er i arbeid med sveising

Sveisar

Ein sveisar fører metalliske materiale saman ved press eller ved hjelp av varme.
Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
Industrimekaniker i arbeid

Industrimekanikar

Industrimekanikarar held ved like og monterer maskiner og utstyr.
To hender som jobber med seletøy

Salmakar

Ein salmakar lager, reparerer og held ved like selety og bilinteriør.