
For karriereveiledere og sektor
Vg3 børsemakarfaget handlar om å reparere, byggje om og tilpasse eksisterande skytevåpen og tilverke nye skytevåpen til jegerar, skyttarar og andre sivile brukarar av skytevåpen. Faget handlar òg om rådgiving knytt til bruk og vedlikehald av skytevåpen. Kompetansen faget gir, skal medverke til at lærlingane dekkjer behovet arbeidslivet har for børsemakarar som tek vare på tradisjonar og utviklar faget i samsvar med samfunnsutviklinga. Børsemakarverksemd krev autorisasjon i form av avlagt norsk sveinebrev som børsemakar eller tilsvarande.
Se mer informasjon om videregående opplæring på vilbli.no.