Gjennomgått i samarbeid med Institutt for biovitenskap, Universitetet i Oslo 12. desember 2022

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.

Arbeidsoppgaver

Biokjemikarar brukar kunnskapa sine i kjemi til å forstå dei mange kjemiske prosessane som går føre seg i levande organismar.  

Vanlege arbeidsoppgåver for ein biokjemikar:

  • kjemiske analysar
  • ansvar for drift og vedlikehald av laboratoriet
  • administrative oppgåver knytt til prøver, bestillinger og rapporteringar

Mange biokjemikarar arbeider med forskingsoppgåver for å bidra til ny biologisk og biomedisinsk kunnskap, mens andre arbeider med konkret produktutvikling eller med å løyse praktiske problem i industrien. Sjølv om arbeidsoppgåvene kan variere, arbeider dei aller fleste biokjemikarar mykje med laboratoriearbeid, ofte med hjelp frå laborantar.

Biokjemikaren sitt arbeidsområde kjem under biovitskapen, og handlar mellom anna om å studere biokjemiske molekyl og tilhøvet mellom celler, organ og organismar. Forskinga skjer i nært samarbeid med forskarar med ein anna fagleg bakgrunn, som molekylærbiologar, mikrobiologar, fysiologar og medisinarar. Dette gjeld også jobbar som ikkje er retta mot forsking.  

Kor jobbar biokjemikarar?

Biokjemikarar kan arbeide i ei rekke bransjar. Mange arbeider ved forskingsinstitusjonar som universitet og høgskolar, men du kan også arbeide i industrien, helsesektoren eller i offentleg forvalting. 

Korleis er det å jobbe som biokjemikar?

Portrettbilde av en dame med svart genser. Hun smiler og har håret bak i en hestehale.

Biokjemiker

Katrine Wickstrøm Biseth

– Jobben min går i hovedsak ut på å bruke kjemi på å sette sammen «byggeklossene» slik at det blir et aktivt legemiddel, forteller Katrine.
Portrett av Henning Cederkvist i legefrakk

Biokjemiker

Henning Cederkvist

– Det er så utrolig spennende å lære og forstå hvordan kjemien i menneskekroppen fungerer, sier Henning Cederkvist.

Viktige egenskaper for en biokjemikar

Som biokjemikar bør du ha interesse for fagområde som biologi, kjemi og andre naturfag, anlegg for å forstå naturfaglege problemstillingar og evne til å tenke analytisk og strategisk. Når du arbeider med praktisk biokjemi er det viktig at du er nøyaktig og presis. 

Kva tener biokjemikarar?

Korleis utdannar du deg til biokjemikar?

Biokjemikarar vil i dei fleste tilfelle ha kjemi eller biologi som utgangspunkt i utdanningen. som utgangspunkt i utdanninga. Du kan studere biokjemi, biologisk kjemi, medisinsk biokjemi og liknande fag.

Kva for ei utdanning er vanlegast for biokjemikarar?

Kva jobbar biokjemiutdanna med?

  • 852207 - Dr.philos.-utdanning, biokjemi
  • 852203 - Dr.scient.-utdanning, biokjemi.
  • 752207 - Cand.scient.-utdanning, biokjemi.
  • 751305 - Master, molekylær biovitenskap, toårig
  • 652217 - Bachelor, kjemi og biokjemi, treårig

Bedrifter: Kor jobbar biokjemikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med biokjemikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2212108 - FORSKER (NÆRINGSMIDDELFAG)
  • 2212107 - FORSKER (LANDBRUK)
  • 2211121 - FORSKER (BIOLOGI, BOTANIKK OG ZOOLOGI)
  • 2211108 - FORSKER (FISK)
  • 2113111 - FORSKER (KJEMIKER)
  • 2113103 - BIOKJEMIKER
  • 2211106 - FISKEFORSKER

Andre yrke

Klinisk ernæringsfysiolog i dialog med klient.

Klinisk ernæringsfysiolog

Ein klinisk ernæringsfysiolog har god kunnskap om korleis kosthald påverkar helse. Dei bruker denne kunnskapen til å førebyggja og behandla sjukdom knytt til ernæring.
Illustrasjonsbilde av kjemiingeniører i arbeid

Kjemiingeniør

Ein kjemiingeniør arbeider med kjemiske prosessar.
Spade med fiskefôr holdes fram for å kastes ut i merden med fisk.

Produktutviklar fiskefôr

Som produktutviklar av fiskefôr jobbar du med å lage best mogleg fôr til fisk.
Patolog titter inn i mikroskop.

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Kjemiker

Kjemikar

Ein kjemikar undersøker korleis verda rundt oss er konstruert helt ned til de minste bestanddelar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
En marinbiolog undersøker tang i fjæra

Marinbiolog

Marinbiologar jobbar med å forske på vekstar, dyr og organismar i vatn.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Naprapat behandler pasient

Naprapat

Ein naprapat behandlar pasientar med smerter og problem i musklar og ledd.