Gjennomgått i samarbeid med Fagforbundet, seksjon kirke, kultur og oppvekst 11. april 2024

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med dei daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.

Arbeidsoppgaver

Som barnehageassistent er jobben din i barnehagen. Du jobbar tett saman med dei andre tilsette. Saman skaper de ein trygg og positiv atmosfære for barna. Kvar dag jobbar du for å gjera barnehagedagen til ei oppleving full av læring, leik og moro. Du hjelper barna med dei daglege rutinane deira, og støttar dei i utviklinga deira. Rolla di er avgjerande for at barna skal kjenna seg trygge, glade og varetekne i barnehagen.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein barnehageassistent:

  • planlegge og gjennomføre leirkar og aktivitetar, både innandørs og utandørs
  • oppgåver knytt til de daglege arbeidsoppgåvene i barnehagen, slik som måltid, stell og påkledning
  • vere med på frileik og andre pedagogiske aktivitetar

For å arbeide som barnehageassistent må du legge fram gyldig politiattest. 

Kor jobbar barnehageassistentar?

Barnehageassistentar jobbar i offentlege eller private barnehagar.

Bli med ein barnehageassistent på jobb

Korleis er det å jobbe som barnehageassistent?

Mann med blondt, krøllete hår smiler og ser inn i kamera.

Barnehageassistent

Theodor Berdal

– I yrket som barnehageassistent får du være med på barnas første oppdagelser og utvikling. Det er utrolig fint å få dele de øyeblikkene med barna, sier Theodor.

Viktige eigenskapar for ein barnehageassistent

Barnehageassistentar arbeider tett med barna. Derfor det er viktig at du er glad i barn og at du har evne til å arbeide med barna. Du må òg vera flink til å kommunisera og ha gode samarbeidsevner.

Kva tener barnehageassistentar?

Korleis utdannar du deg til barnehageassistent?

Mange barnehageassistentar har inga formell utdanning. Viss du ønsker å formalisere praksisen din, kan du ta fagbrev innan barne- og ungdomsarbeid. 

Du kan òg ta fagskuleutdanning i oppvekstfag for barnehagetilsette, som blir tatt på deltid over to år og utgjer 60 studiepoeng. For å ta denne utdanninga som ufaglært, må du ha minst fem års erfaring frå arbeid med barn.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Etter fullført fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, er det mogleg med vidareutdanning på fagskole eller utdanning vidare til barnehagelærar. Nokre av desse utdanningane kan takast på deltid, slik at du samtidig kan vere i jobb. 

I tillegg tilbyr universitets- og høgskolesektoren kompetansehevingstiltak for barnehageassistentar, eit studietilbod på 15 studiepoeng. Det finst også andre kurstilbod for barnehageassistentar. 

 

Veiledning
Fagskole
Se utdanninger og steder
Oppvekstfag
Fagskole
Se utdanninger og steder
Psykisk rus- og helsearbeid
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva for ei utdanning er vanlegast for barnehageassistentar?

Bedrifter: Kor jobbar barnehageassistentar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med barnehageassistentar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5131127 - ASSISTENT (BARNEPARK)
  • 5131115 - ASSISTENT (SKOLEFRITIDSORDNING)
  • 5131109 - ASSISTENT (BARNEHAGE)
  • 5131103 - FAMILIEBARNEHAGEASSISTENT
  • 5131101 - BARNEHAGEASSISTENT

Andre yrke

Barnehagelærar saman med barn.

Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skapa eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.
En lærer forklarer noe for en gruppe på fire elever i barneskolealder. Midt på bordet ligger en iPad, som læreren peker mot.

Lærar

Ein lærar underviser barn og vaksne i ulike fag.
En voksen kvinne sitter ved et bord sammen med tre barn og legger puslespill. Barna sitter tett rundt bordet og samarbeider, mens kvinnen følger med og hjelper.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
En kvinne i et kontorlandskap med flere ansatte ved pultene.

Leiar

Leiaryrket er svært mangfaldig og finst innan dei fleste yrkesområda.
Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar ortopediske hjelpemiddel.
Musikkpedagog underviser elevene i å spille fiolin.

Musikkpedagog

Musikkpedagogen underviser i musikk. Som musikkpedagog må du ha ei evne til å inspirere og til å vidareformidle kunnskap.
Kvinnelig adjunkt som underviser i klasserom

Adjunkt

Ein adjunkt er ein lærer med ein fireårig lærarutdanning eller som har ein bachelorgrad og praktisk pedagogisk utdanning. Som lærer arbeider adjunktar med barn, unge og vaksne i skolen.
To personer står i et rom hvor reisverket i tre vises. Den ene personen har på seg gul refleksvest og hvit vernehjelm og peker en tommestokk mot den ene planken. Den andre personen har på seg hvit t-skjorte. Bilde er tatt nedenfra. De ser bort fra kamera.

Yrkesfaglærar

Ein yrkesfaglærar er ein lærar med spesiell kompetanse innanfor eit fagfelt.
Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.
Mannleg forskar dypper slangar i reagensglas.

Forskar

Ein forskar arbeider systematisk og strukturert med å auke den gjeldande kunnskapen vår og å finne ny kunnskap.
Idrettstrener sekunderer svømmer i bassenget

Idrettstrenar

Ein idrettstrenar planlegg og legg til rette for trening og konkurranse.