
Asfaltør
Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Arbeidsoppgaver
Ein asfaltør arbeider med asfaltering av vegar og uteområde. Asfaltør går også under titlane asfaltarbeidar og asfaltleggar.
Som asfaltør jobbar du med å produsere, leggje og halde ved like forskjellege asfaltdekke. Asfaltøren vil også kunne ha arbeidsoppgåver innanfor laboratorie- og kontrollarbeid.
Asfaltøren kan jobbe på stader som motorvegar, riks- og fylkesvegar, flyplassar, parkeringsplassar, idrettsplassar, skulegardar, industriområde og uteanlegg i bustadområde med meir, kor det er ønska asfalt som fast dekke.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein asfaltør:
- produksjon og utlegging av asfalt
- bruka og halda ved like maskiner og utstyr
- utføra enklare stikkings- og oppmålingsarbeid
- planering av underlag før legging av fast dekke
- dokumentera og rapportera når arbeidet er utført
- laboratoriearbeid
- arbeidsplanlegging, arbeidsvarsling og kvalitetssikring
Asfaltøren samarbeider ofte med andre yrkesgrupper, mellom anna anleggsmaskinførarar, fjell- og bergverksarbeidarar, veg- og anleggsfagarbeidarar, anleggsgartnarar og betongfagarbeidarar.
Kor jobbar asfaltører?
Ein asfaltør kan arbeide i små og store verksemder over heile landet, både offentlege og private.
Bli med ein asfaltør på jobb
Korleis er det å jobbe som asfaltør?

Asfaltør
John Sverre Oftedal

Asfaltør
Kristian Allertsen
Viktige egenskaper for en asfaltør
For å bli asfaltør må du ha godt handlag. Du må ha gode arbeidsrutinar med fokus på helse, miljø og trygging. Du må like å jobba sjølvstendig og i team. Du må like å vera mykje ute uansett vêr. Du bør vere i god fysisk form.
Kva tener asfaltører?
Korleis utdannar du deg til asfaltør?
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Etter fagbrevet kan du ta toårig teknisk fagskole. I tillegg er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.
Kva for ei utdanning er vanlegast for asfaltører?
Kva jobbar asfaltfagutdannede med?
- 457901 - Anleggsmaskinførerfaget, Vg3
- 457131 - Vei- og anleggsfaget, Vg3
- 457102 - Asfaltfaget, Vg3
Bedrifter: Kor jobbar asfaltører?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med asfaltører
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 9310107 - HJELPEARBEIDER (VEI)
- 9310106 - ASFALTARBEIDER
- 8331124 - ASFALTVERKSFØRER
- 8331114 - ASFALTØR
- 8331106 - ASFALTMASKINKJØRER
- 8159142 - ASFALTVERKARBEIDER
- 7126119 - ARBEIDSLEDER (VEI- OG ANLEGGSARBEID)
- 7126115 - ASFALTLEGGER
- 7126111 - FAGARBEIDER (VEI- OG ANLEGGSARBEID)
- 7126110 - SPESIALARBEIDER (VEI- OG ANLEGGSARBEID)
- 7126103 - VEIARBEIDER
Andre yrke

AFIS-fullmektig

Ambulansearbeidar

Anleggsgartnar

Anleggsmaskinførar

Anleggsmaskinmekanikar

Arkitekt

Avionikar

Betongfagarbeidar

Billakkerar

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Bilmekanikar (tunge køyretøy)
