Gjennomgått i samarbeid med Den Norske Aktuarforeningen 15. august 2025

Aktuar

Ein aktuar reknar ut finansiell risiko, og jobbar som oftast i eit forsikringsselskap.

Arbeidsoppgaver

Som aktuar er hovudoppgåva di å analysera risiko innan forsikring og finans. Aktuarar jobbar ofte i forsikringsselskap eller konsulentselskap. Dei gjennomfører analysar som bestemmer prisen på forsikringsprodukt og kontrollerer dei økonomiske forpliktingane til selskapa.

Aktuarar er statistikarar som reknar ut risiko. Eit forsikringsselskap må på førehand rekne ut kor mykje ein kunde skal betale for ei forsikring. Aktuaren har her ei viktig rolle med bakgrunnen sin innanfor forsikringsmatematikk og risikoteori. Denne bakgrunnen gjer aktuaren i stand til å fastsette pris under usikre forhold.

Ein viktig del av arbeidet er å kommunisera resultat til leiing og kollegaer slik at ein kan treffa gode avgjerder og handtera risiko på ein god måte. 

Vanlege arbeidsoppgåver for ein aktuar:

  • berekne tekniske avsetningergjere aktiva-passivastyring (ALM)
  • drive risiko- og kapitalstyring
  • lage datasystem
  • fastsetje pris og utforme produkt
  • rekneskapsberekningar (IFRS 17)
  • kontrollverksemd (til dømes revisor)

Det finst fleire typar aktuarar:

  • ein livaktuar arbeider i eit livsforsikringsselskap
  • ein skadeaktuar arbeider i eit skadeforsikringsselskap
  • ein finansaktuar jobbar med finansmatematikk

Kor jobbar aktuarar?

Ein aktuar jobbar gjerne i finansbransjen. Til dømes i bankar, forsikringsselskap, fonds- og meklarfirma eller konsulentfirma. Dei fleste aktuarar jobbar med livstrygding og skadeforsikring. Nokre aktuarar jobbar med risikostyring og kontrollerer den samla risikoen i selskapa. Andre aktuarar jobbar også i IT-bransjen eller annan industri, til dømes offshore eller som data scientist. Som aktuar kan du også jobba i det offentlege eller med undervisning og forsking. Det er også mogleg å finna jobb som aktuar i utlandet, sidan utdanninga er internasjonal.

Bli med ein aktuar på jobb

Korleis er det å jobbe som aktuar?

En dame med langt, blond hår. Hun smiler og ser rett i kameraet.

Aktuar

Ingrid Emilie Sandmo

– Jeg har alltid vært veldig glad i matte og tall. Jeg synes det er veldig gøy å jobbe med det, kunne løse problemstillinger, programmere litt og kunne jobbe selvstendig, forteller Ingrid.
Portrettbilde av aktuar Benedikte Evensen

Aktuar

Benedikte Evensen

Jeg liker best det at jeg får brukt hodet skikkelig hver dag og utfordret meg på nye problemstillinger hele tiden, forteller Aktuar Benedikte Evensen.

Viktige egenskaper for en aktuar

Som aktuar bør du ha gode kunnskapar i og interesse for matematikk, statistikk og økonomi. For å handtera risiko må du kombinera evne til analyse med kunnskap om bedrifter og praktisk erfaring. Du bør også kunna tenkja logisk og ha gode munnlege og skriftlege evner. Dette gjer at du kan forklara analysane og konklusjonane dine til kundane dine.

Kva tener aktuarar?

Korleis utdannar du deg til aktuar?

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Den Norske Aktuarforening arrangerer kurs for medlemmene sine. I tillegg har Forsikringsakademiet (BI) etterutdanningstilbod. Ein kan også velje å bygge på utdanninga si med andre, nærskylde fag frå universitet og høgskole. 

Kva jobbar aktuarutdanna med?

  • 753201 - Cand.act.-utdanning, aktuar.
  • 649908 - Forsikringseksamen, lavere nivå

Bedrifter: Kor jobbar aktuarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med aktuarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2121101 - AKTUAR
  • 2121103 - SJEFSAKTUAR
  • 3412121 - RISIKOANALYTIKER
  • 3412114 - ANALYTIKER (FORSIKRING)

Andre yrke

Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
I forgrunnen er det en orange kopp med fargeblyanter, i bakgrunnen er det en tavle med matematiske formler på.

Matematiker

Ein matematikar arbeider vanlegvis med ulik bruk av matematikk, matematisk forsking eller undervising.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Statsmeteorolog Rebecca Roggentin studerer snøen nøye på feltarbeid med skredekspert Solveig Øvstedal Kosberg fra NVE og Silje Haaland fra Statens vegvesen. Kommunikasjonsrådgiver Kristin Rosnes Holte fra MET følger spent med.

Meteorolog

Meteorologen jobbar med å forstå og formidle vêr.
Fasaden av Oslo Børs.

Aksjemeklar

Ein aksjemeklar kjøper og sel aksjar og andre aksjeliknande verdipapir.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Økonomisjef

Økonomisjef

Økonomisjefen har ansvaret for økonomien i ei bedrift.
Siviløkonom

Siviløkonom

Siviløkonomar jobbar med leiing og styring av bedrifter og organisasjonar.
En kvinne sitter jobber foran en pc

Samfunnsøkonom

Samfunnsøkonomar spår den økonomiske utviklinga og gir råd basert på dette.
Satellitteknologi.

Romteknolog

Som romteknolog arbeider du med forsking og utvikling av romrelatert teknologi.
Petroleumsingeniør i arbeid

Petroleumsingeniør

Som petroleumsingeniør arbeider du i olje- og gassbransjen, gjerne med ansvar for område som produksjon, boring eller reservoar.