Gjennomgått i samarbeid med Verdipapirforetakenes forbund 23. august 2023

Aksjemeklar

Ein aksjemeklar kjøper og sel aksjar og andre aksjeliknande verdipapir.

Arbeidsoppgaver

Bedrifta aksjemeklarar jobbar for blir kalla for meklarhus. Som aksjemeklar er du tilsett der, og handlar aksjar på vegner av kundane til meklarhuset. Når ein kunde kjøper aksjar vil det seia at dei kjøper ein del av eit selskap. Kunden kan tena pengar på dette ved at selskapet gjer det bra. Då vil verdien av aksjane stiga, og dei kan selja aksjane for meir enn det dei har kjøpt dei for. Dei kan også tapa pengar, dersom selskapet dei kjøpte aksjar i ikkje gjer det bra.

Som aksjemeklar kan du både ha selskap og privatpersonar som kunde. Ein typisk arbeidsdag for ein aksjemeklar er ofte ganske lang. Aksjar og andre verdipapir blir kjøpte og selde i Børsens opningstid frå 9:00-16:30. I tillegg må aksjemeklarar jobba både før og etter opningstida. Denne tida går til møte, planlegging, oppdateringar i marknaden og oppfølging av kundar. Som aksjemeklar må du derfor rekna med lange arbeidsdagar.

Meklarhus ser ofte etter personar som er entusiastiske og målretta. Det er viktig å kunna visa tilbake til gode resultat på skulen, men det er kanskje endå viktigare å skaffa seg erfaring gjennom engasjement i til dømes relaterte skuleprosjekt, sommarjobb og Intership i bank, meklarhus eller andre finansinstitusjonar. Salserfaring er også veldig relevant for dette yrket.


Nokre vanlege arbeidsoppgåver for aksjemeklarar er:

  • Kjøpa og selja aksjar og andre verdipapir for kundar.
  • Gi råd og tips til kundane om kva aksjar dei bør selja eller kjøpa, ut ifrå analysar av marknaden som finansanalytikarar har gjort.
  • Erfarne aksjemeklarar kan også gi råd ut ifrå eigne oppfatningar og kjennskapar til behovet til kundane.
  • Økonomisk rådgiving til kundane, til dømes gjennom å tilrå kunden å kjøpa eller selja bedrifter i ein marknad.
  • Skaffa aksjekapital til bedrifter som har behov for å styrkja eigenkapitalen. (Eigenkapital vil seia summen av det bedrifta eig – utan gjelda.) Dersom du jobbar med dette, vil du jobba tett med kundane og ha mykje kundekontakt.

 

Kor jobbar aksjemeklarar?

Aksjemeklaren arbeider i meklarhus og i bankar.

Korleis er det å jobbe som aksjemeklar?

Portrett av aksjemegler Markus kledd i dress og slips.

Aksjemegler

Markus Berntsen Busch

- Det er spennende å hjelpe selskaper med å hente penger og være med på verdiskaping, forteller Markus.

Viktige egenskaper for en aksjemeklar

Som aksjemeklar tel dei personlege eigenskapane dine i tillegg til økonomiutdanninga. Du bør ha gode kommunikasjonsevner, vera sjølvstendig og du må vera genuint interessert i aksjar og aksjemarknaden. Integritet er også veldig viktig, fordi kundane må stola på deg for å tora å følgja råda du gir dei. Aksjemeklaryrket krev at du jobbar godt under tidspress.

Kva tener aksjemeklarar?

Korleis utdannar du deg til aksjemeklar?

Aksjemeklarar har i hovudsak utdanning innanfor økonomi og/eller finans/makroøkonomi. Store meklarhus tek inn økonomar og gir intern opplæring. Dei mest relevante studia kan vere siviløkonomistudiet eller finansstudiet.

Dei fleste store meklarhus er medlem av Noregs Fondsmeklarforbund som har ei eiga autorisasjonsordning for tilsette i medlemsverksemda. I denne ordninga inngår opplæring i dei rettsreglane som gjeld for aksjemeklarar.

Kva for ei utdanning er vanlegast for aksjemeklarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Kva jobbar denne utdanningsgruppa med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 759915 - Master, teknologi, industriell økonomi og teknologiledelse, femårig
  • 741129 - Master, finansiell økonomi, toårig
  • 741106 - Finansanalytiker, autoriseringsstudium
  • 641150 - Bachelor, bank og finans, treårig

Bedrifter: Kor jobbar aksjemeklarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med aksjemeklarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3411101 - AKSJEMEGLER
  • 3411127 - PORTEFØLJESELGER
  • 3411119 - FAGSJEF (FINANS)
  • 3411108 - PORTEFØLJEFORVALTER
  • 3411102 - FONDSMEGLER
  • 3411103 - MEGLER (FINANS)
  • 3411109 - BØRSMEGLER
  • 3411110 - BEVILLINGSINNEHAVER (FONDSMEGLER)
  • 3411128 - MEGLERASSISTENT (AKSJEMEGLING)
  • 3432128 - OPPGJØRSMEDARBEIDER (AKSJE-, FINANS- OG FONDSMEKLING)
  • 3411133 - TRADER (AKSJER)

Andre yrke

Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Aktuar jobber med analyse.

Aktuar

Ein aktuar reknar ut finansiell risiko, og jobbar som oftast i eit forsikringsselskap.
Eiendomsmegler bærer på et visningsskilt foran noen boligblokker

Eigedomsmeklar

Eigedomsmeklaren legger til rette for at kjøp og sal av eigedommar skjer på ein trygg og effektiv måte.
En kvinnelig finansanalytiker sitter med et headset foran tre dataskjermer med grafer og tall.

Finansanalytikar

Ein finansanalytikar hentar inn informasjon om finansiering og investering frå ulike firma, for så å gi dei råd og rettleiing på bakgrunn av dette.
En hotelldirektør snakker med sine ansatte

Hotelldirektør

Som hotelldirektør er du hotellet sin leiar og har hovudansvaret for økonomien og dei tilsette på hotellet.
Husøkonom

Husøkonom

Som husøkonom har du ansvar for reinhald i større verksemder.
Kostøkonom prater med kokker

Kostøkonom

Kostøkonomar har ansvar for at storkjøkken serverer god og næringsrik mat til ein forsvarleg pris.
En kvinne i et kontorlandskap med flere ansatte ved pultene.

Leiar

Leiaryrket er svært mangfaldig og finst innan dei fleste yrkesområda.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.
Illustrasjonsbilde av Stortinget i Oslo.

Politikar

Politikarar jobbar mellom anna med fordeling av gode og plikter i samfunnet. Som politisk folkevald er du med på å gjennomføre den politikken du og ditt parti står for.
En kvinne jobber med regnskap på en pc med en stor perm på bordet

Rekneskapsførar

Rekneskapsføraren hjelper kundane med rekneskapen og gir økonomisk rådgiving som sikrar lønnsam drift.