Gjennomgått i samarbeid med Avinor Flysikring A/S 12. september 2025

AFIS-fullmektig

En AFIS-fullmektig gir informasjon til luftfartøy på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.

Arbeidsoppgaver

Som AFIS-fullmektig jobbar du i tårnet eller tårnsenteret på ein av flyplassane i Noreg. AFIS er ei forkorting for "Aerodrome Flight Information Service", som betyr lokal flyinformasjonsteneste på norsk.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein AFIS-fullmektig:

  • gi flyinformasjon til luftfartøy innanfor ei avgrensa sone rundt flyplassen du jobbar ved
  • halda den lokale flytrafikken informert om alle forhold som har noko å seia for ei sikker og effektiv flyging
  • vidareformidla instruksjonar frå flygeleiarar om mellom anna flynivå og ruteføringar
  • observera og informera om vêr
  • alarmteneste og bistand til redningsteneste når dette er nødvendig

Kor jobbar AFIS-fullmektigar?

Som AFIS-fullmektig kan du jobba i eitt av Avinors AFIS-tårn, eller i RTC i Bodø (sentral for fjernstyrte tårn). Tårn som ikkje blir betent frå RTC finst stort sett på kysten på Vestlandet og i Nord-Noreg – frå Florø i sørvest til Vadsø i nordaust.

Tårn:

Mange av stadene der AFIS-fullmektigar jobbar er tettstader der lufthamna utgjer ein viktig funksjon for lokalbefolkninga. Reiser, transport, og luftambulansetenester i distrikta er avhengig av lufthamnene, og ein AFIS-fullmektig er ein viktig del i dette.

AFIS-fullmektigar som ønskjer å jobba ved eit anna tårn går gjennom opplæring og trening for å kunna overførast til ei ny lufthamn. Tårna der AFIS-fullmektigar jobbar er ved det såkalla kortbanenettet.

RTC:

Avinors sentral for fjernstyrte tårn, gjerne kalla RTC, ligg i Bodø. I stort er tenesta ved RTC lik som i tårnet, men AFIS-fullmektigane jobbar her samlokalisert i ein sentral, der observasjon på lufthamna blir gjord gjennom eit kamerasystem som er lokalisert på kvar enkelt lufthamn. Alle einingar i RTC tek også i bruk surveillance (radarovervaking) og fleire av AFIS-fullmektigane er opplærte til å arbeida på to einingar.

RTC er stort nok til å kunna betena fleire titals lufthamner samtidig. Som AFIS-fullmektig i RTC deltek du i eit større arbeidsmiljø med mange andre fullmektigar. Her tek ein i bruk avanserte system som til dømes nattsynkamera slik at det er mogleg for AFIS-fullmektigane å sjå i mørket. RTC er det største senteret i verda for fjernstyrte tårn, og den teknologiske utviklinga ved senteret gir ein spennande arbeidskvardag.

Bli med ein afis-fullmektig på jobb

Korleis er det å jobbe som afis-fullmektig?

En kvinne med lyst hår og briller. Hun står utenfor et flytårn.

AFIS-fullmektig

Anne Svare Granrusten

– Du må være god på å multitaske, klare å ta inn flere inntrykk samtidig og sortere de der de skal være, sier Anne.
 Andrine Edøy Jensen i flytårnet i Båtsfjord. Hun snakker via en mikrofon med pilotene som er på vei inn for landing..

AFIS-fullmektig

Andrine Edøy Jensen

Cirka 70.6 grader nord, nærmere bestemt i Båtsfjord, står Andrine i flytårnet og har et stort ansvar for flysikkerheten.

Viktige egenskaper for en afis-fullmektig

En AFIS-fullmektig har ansvar for menneskeliv og store materielle verdier, noe som betyr at du må være ansvarsfull, nøyaktig og tåle stress. Egenskaper som god simultankapasitet (evnen til å håndtere flere oppgaver samtidig), god muntlig fremstillingsevne, god hørsel, god helse og selvstendighet er svært viktig. Du må også være fokusert, analytisk, selvbevisst og pålitelig. Du har ansvaret for sikkerheten til mange mennesker, og du må til enhver tid være fokusert og nøyaktig.

Kva tener AFIS-fullmektigar?

Ein AFIS-fullmektig har ei årslønn på 683 700,- (pr 01.04.25).

Korleis utdannar du deg til afis-fullmektig?

Den grunnleggjande delen av opplæringa vil gå føre seg på Trondheim lufthamn, Værnes.

Den praktiske delen skjer ved ei tårneining i Noreg.

Utdanninga er betalt av Avinor og elevar får lønn under utdanninga.

Utdanninga varer i cirka 9 månader og består av:

  • Introduksjonskurs i Noreg (3 dagar)
  • Grunnopplæring på Værnes, Trondheim lufthamn (ca. 3 månader):
  • Praktisk opplæring (ca. 6 månader)

Opptakskrav:

Du må gjennom to opptaksprøver for å komma inn på utdanningar. For å bli kalla inn til opptaksprøve må du tilfredsstilla ein del krav:

  • Du må ha fylt 20 år
  • Du må ha generell studiekompetanse med gjennomsnittskarakter frå vidaregåande skule på 3,5 eller betre
  • Minimum karakter 3 i norsk
  • Minimum karakter 3 i engelsk

Du må tilfredsstilla krava til tryggleiksklarering, uttømmande politiattest og bakgrunnssjekk frå Luftfartstilsynet, og tilfredsstilla fastsette helsekrav til AFIS-tenesta.

Bedrifter: Kor jobbar AFIS-fullmektigar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med AFIS-fullmektigar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 4133101 - AFIS-FULLMEKTIG

Andre yrke

Kabinansatt og passasjerer.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.
Helikopterpilot gjør klar til avgang

Pilot

Ein pi­lot fø­rer eit fly, he­li­kop­ter eller fjernstyrt luftfartøy, og kan ar­bei­de både i sivil luft­fart og i Forsvaret.
En skipsmotormekaniker, også kalt motormann, inspiserer motorrommet

Skipsmotormekanikar

Ein skipsmotormekanikar held ved like og reparerer skipets motorar og andre mekaniske delar.
En styrmann i uniform jobber med navigering inne på dekk.

Styrmann

Som styrmann jobbar du på eit passasjerskip eller eit handelsskip, innanlands eller utanlands. Du har eit stort ansvar, blant anna for navigasjon og lasteoperasjoner.
Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.
Los på losbåten.

Lós

Ein lós er ein navigatør som leier skip gjennom norske farvatn.
Yrkesdykker som jobber under vann

Dykkar

Ein yrkesdykkar utfører arbeid under vatn.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Ein maritim elektrikar jobbar med drift og vedlikehald på elektriske anlegg, komponentar og instrument på skip.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.
Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.

Overstyrmann

Som overstyrmann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.
Konduktør

Konduktør

Ein konduktør er ansvarleg for togpassasjeranes sikkerheit om bord i toget og ved av- og påstiging.
Elektrofagarbeider i arbeid.

Elektrofagarbeidar

Elektrofagarbeidaren har kompetanse innan ei rekke elektrofaglege område, mellom anna data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.