Adjunkt
Ein adjunkt er ein lærer med ein fireårig lærarutdanning eller som har ein bachelorgrad og praktisk pedagogisk utdanning. Som lærer arbeider adjunktar med barn, unge og vaksne i skolen.
Arbeidsoppgaver
Adjunkt er ein lærer med ein fireåring grunnskulelærarutdanning. Du kan også få tittelen adjunkt med ein bachelorgrad frå universitet eller høgskole i tillegg til 1-årig praktisk pedagogisk utdanning (PPU).
I dag er det ikkje så vanleg å få tittelen adjunkt. Det er fordi lærarutdanningane er femårige og da får du vanlegvis tittelen lektor. Viss du vil søke på ein praktisk pedagogisk utdanning er det i dag krav om å ha mastergrad, men fram til 2024 er det unntak viss du har bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag.
Ein adjunkt må ta omsyn til at alle elevar er forskjellige, og at nokon av dei kan ha behov for tilrettelagt undervisning. Når enkeltelevar trenger ekstra hjelp, skal læraren bidra til å få laget et pedagogisk opplegg som gjør det enklare for disse barna å lære. Dette kan gjerast i samarbeid med ein spesialpedagog.
Forutan å legge til rette for læring, skal du som lærer også bidra til at barn og unge du underviser får utvikla seg og får gode haldningar.
Læraryrket er et krevjande og komplekst yrke, og arbeidskvardagen inneber at du må handtere mange ulike situasjonar, for eksempel mobbing.
Adjunkten samarbeider tett med lærarkollegaer, rektor, undervisningsinspektør, avdelingsleiar og andre tilsette ved skolen. Det er også viktig å ha et godt samarbeid med foreldre.
Kor jobbar adjunktar?
Adjunkten jobbar i grunnskolen, vidaregåande skole, folkehøgskole, vaksenopplæring eller andre utdanningsinstitusjonar. Adjunkten kan jobbe for både private og offentlege skolar.
Korleis er det å jobbe som adjunkt?
Adjunkt
Ingrid Angelskår
Adjunkt
Siri Bjørkhaug Henriksen
Viktige egenskaper for en adjunkt
Som lærer er det viktig at du liker å jobbe med barn og unge, og takle godt at arbeidskvardagen ofte er litt uføreseieleg. Du må ha evna til å sjå elevane som ein gruppe som skal fungere godt saman, og styrke kvarandre. Samtidig må læraren klare å sjå kvar enkelt elev sine evner, interesser og behov. Det er også viktig å halde seg oppdatert på ny tilgjengeleg kunnskap og forsking på området.
Kva tener adjunktar?
Korleis utdannar du deg til adjunkt?
Det er fleire utdanningsvegar til tittelen adjunkt. Du får tittelen adjunkt med ei fireåring grunnskulelærarutdanning. Du kan også få tittelen adjunkt med ein lågare grad (bachelor) frå universitet eller høgskole i tillegg til 1-årig praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Til saman blir dette 240 studiepoeng.
Dersom du har relevant fagbrev, svennebrev eller annan yrkesfagleg utdanning i vidaregåande opplæring, to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skole, fire års yrkespraksis og praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) tatt etter 1999 kan du blir tilsett som adjunkt.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Som lærer har du ei rekke moglegheiter dersom du ønsker vidareutdanning. Du kan eksempelvis vidareutdanne deg i pedagogikk eller du kan fordjupa deg vidare i enkeltfag. Slike vidareutdanningsmoglegheiter blir tilbodne ved de fleste høgskolar og universitet i Noreg.
Dersom du tar eitt år godkjent vidareutdanning (60 studiepoeng), får du tittelen adjunkt med tilleggsutdanning. Du kan også vidareutdanne deg til lektor ved å ta ein mastergrad.
Kva jobbar lærarutdanna med?
- 625101 - Videreutdanning for allmenn-/grunnskolelærere og førskole-/barnehagelærere, uspesifisert
- 623802 - Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfaglærere
- 623801 - Praktisk-pedagogisk utdanning for universitets- og høgskolekandidater
- 623406 - Bachelor, yrkesfaglærerutdanning, teknologiske fag, treårig
- 6234 - Naturvitenskapelige fag, håndverksfag og tekniske fag, lærerutdanninger
- 622101 - Allmennlærerutdanning, fireårig
Bedrifter: Kor jobbar adjunktar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med adjunktar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3349113 - LÆRER (FOLKEHØYSKOLE)
- 3341103 - ADJUNKT (YRKESFAG)
- 3310112 - ADJUNKT (GRUNNSKOLE)
- 2320104 - ADJUNKT (VIDEREGÅENDE SKOLE)
- 2320102 - LÆRER (VIDEREGÅENDE SKOLE)
- 2320111 - ADJUNKT (FAGSKOLE)