Gjennomgått i samarbeid med Norsk fagoversetterforening (Norfag) 04. januar 2024

Omsetjar

Omsetjarar omset skrifter frå eit språk til eit anna.

Arbeidsoppgaver

Omsetjaren skal overføre innhald frå eit språk til eit anna på ein god måte. Som omsetjar må du forstå nyansane i språket og kulturelle kodar for å behalde meininga i teksten.

I dette yrket spesialiserer du deg i eitt eller fleire framandspråk. Vidare må du kunne sette deg inn i fagområdet for teksten du omset.

Du kan for eksempel jobbe med å omsetje

  • skjønnlitteratur (romanar, noveller, skuespill eller dikt)
  • sakprosa (til dømes biografiar, reiseskildringar, bøker om historiske tema, sjølvhjelpsbøker, treningsbøker eller kokebøker)
  • faglitteratur (til dømes medisin, naturvitskap, jus, psykologi eller samfunnsfag)
  • tekniske dokument (til dømes brukarmanualar, produktkatalogar eller programvare)
  • filmar, TV-program og dataspel
  • nettstader, innlegg i sosiale medium og e-læringsprogram

Omsetjaryrket har som mange andre yrke hatt ei rivande teknisk utvikling i løpet av dei siste åra. Dei fleste omsetjarar jobbar i dag med spesialisert omsetjarprogramvare som gjer jobben meir effektiv og kvalitetssikrer resultatet - mellom anna gjennom korrekturlesing og hjelp til oversetting. 

Framveksten av maskinomsetjing har òg ført til endringar, spesielt på tekniske område, og det blir stadig meir vanleg at oppdrag består av etterredigering av maskinoversatt tekst.

For å bli statsautorisert translatør må du bestå autorisasjonsprøva i omsetjing frå Norges handelshøyskole (NHH) i ei bestemt språkretning (til dømes engelsk-norsk eller norsk-tysk). Då får du kompetanse på økonomisk-administrativt, juridisk og teknisk fagspråk.

Vanlege arbeidsoppgåver:

  • lese gjennom teksten og sette deg inn i tydinga
  • leite opp ord på språket du skal omsetje til, som kan brukast for å omsetje vanskelege ord eller fagterminologi
  • finne gode omsetjingar av eller erstatningar for ordtak og slanguttrykk
  • lese korrektur på omsetjinga
  • sjekke at du har følgt alle instruksjonar frå kunden om konsekvent bruk av termar, taggar i teksten, teiknavgrensingar osb.
  • ved tolking: førebu seg på terminologien som kan oppstå i den relevante tolkesituasjonen (juridisk, medisinsk osb.)
  • ved teksting: Ta omsyn til strenge plassavgrensingar medan ein likevel får med kjernen i det som blir sagt


I tillegg har du mange administrative oppgåver:

  • sette seg inn i nye omsetjarprogram og sørga for at det tekniske er på plass og oppdatert (nødvendig utstyr, datatrygging osb.)
  • fakturere, purre og føre rekneskap
  • følgje med på utviklinga innan spesialområda dine og kjeldespråka eller målspråka dine
  • drive marknadsføring (eigen nettstad, medlemskap i organisasjonar/nettverksbygging, oppsøke nye kundar)

Kor jobbar omsetjarar?

Som omsetjar kan du jobbe for forlag, TV-selskap eller andre medieselskap, eller til dømes innanfor rettsvesenet, olje- og gassindustrien, internasjonale selskap, reklamebyrå eller omsetjingsbyrå. Dei fleste omsetjarar er sjølvstendig næringsdrivande og arbeider for éin eller fleire oppdragsgivarar. 

Intervjuer

Elisabeth Samstad smiler i kamera. Hun har brunt hår, briller og nesering.

Oversetter

Elisabeth Samstad

Det er mange kommunale dokumenter som skal oversettes fra norsk til samisk, og det er sårt behov for samisktalende oversettere forteller Elisabeth Samstad.

Viktige eigenskapar

Ein omsetjar må vere dyktig i, og ha interesse for, framandspråk. Du må òg vere svært god i norsk og ha god oversikt over norske rettskrivingsreglar. Kulturforståing er nødvendig for å kunna formidla ein bodskap slik at mottakaren får tak i meiningsinnhaldet på best mogleg måte. I tillegg til at du må ha særs gode språkkunnskapar, må du vere nøyaktig og ha gode formidlingsevner. Du må dessutan ha evna til å sette deg godt inn i både kjente og ukjente tema. Ofte arbeider du under tidspress, og evna til å takla denne typen arbeidstilhøve er ein nyttig eigenskap. Omsetjarar, spesielt dei som driv for seg sjølv, må kunne arbeida sjølvstendig og vere selvmotiverte.

Lønn

Lønnsstatistikken som visest her er medialønna for tilsette som jobbar som omsetjarar, tolkar mv. Det finst veldig få tilsette omsetjarar. Dei fleste som jobbar som omsetjarar er sjølvstendig næringsdrivande, og dei vil derfor ikkje visest i denne statistikken. Den reelle lønnstatistikken for omsetjarar kan variere. 

Utdanning

Det er inga formell utdanning for å bli omsetjar, men det er vanleg å ha høgare utdanning innan eit eller fleire språk. 

NHH har ansvar for translatøreksamen som gir tittelen statsautorisert translatør.

Etter- og vidareutdanning

Det finst kurs og konferansar for etter- og vidareutdanning. Statsautoriserte translatørers forening formidlar informasjon om dette.

 

Dei som jobbar som omsetjarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant translatør- og omsetjarutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 7116 - Translatørutdanninger
  • 611611 - Bachelor, oversetting og fagspråk, engelsk, treårig
  • 611607 - Translatøreksamen, toårig påbygging
  • 611606 - Fagoversetterstudium, treårig
  • 611601 - Høgskolekandidat, fagoversetter, engelsk, treårig
  • 6116 - Translatørutdanninger

Bedrifter som ansetter omsetjarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med omsetjarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2544103 - OVERSETTER
  • 2544113 - TRANSLATØR
  • 2544111 - STATSAUTORISERT TRANSLATØR
  • 2544107 - FAGOVERSETTER

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Kommunikasjonsrådgiver i møte.

Kommunikasjonsrådgjevar

Ein kommunikasjonsrådgjevar har ansvaret for å kommunisere bodskapen til bedrifta gjennom sosiale medium, nettsider, pressa og andre typar medium.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskole.
En voksen og et barn ser sammen i en åpen bok. Begge holder en blyant.

Lingvist

Ein lingvist er ein person som forskar på, eller jobbar med språk og tale. Lingvistar kan også kallast språkforskarar eller språkvitarar. Som lingvist har du utdanning innan språkvitskap.