Gjennomgått i samarbeid med Norsk nevrologisk forening 05. mai 2023

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.

Arbeidsoppgaver

Vi skil mellom det sentrale nervesystemet (hjernen og ryggmergen) og det perifere nervesystemet, som er nervane som ligg utanfor hjernen og ryggmergen. Ein nevrolog er ein lege som er spesialist på hjernen og nervesystemet.

Eksempel på sjukdommar der kunnskapen til nevrologen er aktuell: 

  • demens
  • epilepsi
  • hjerneslag
  • hjernesvulstar
  • hovudverk/migrene
  • multippel sklerose (MS)
  • muskelsjukdommar
  • Parkinsons sjukdom
  • polynevropati (at fleire av dei perifere nervane i kroppen ikkje fungerer som dei skal)
  • prolapsar

Nevrologen samarbeider med ei rekke andre medisinske spesialistar, og andre yrkesgrupper på sjukehus og i helsevesenet. Eksempel på desse yrka er logopedar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, sjukepleiarar og nevropsykologar.

Operasjonar i hjernen blir utførte av nevrokirurgar, mens bileteframstilling av hjerne og ryggmerg blir gjort av radiologar. Nevrologane samarbeider tett med radiologar og nevrokirurgar under utgreiing, planlegging, behandling og oppfølging av pasientar med sjukdommar i nervesystemet. Nevrologane samarbeider også tett med kliniske nevrofysiologar, som blant anna vurderer EEG (elektroencefalografi) og ulike nerve- og muskelutgreiing.

Barnenevrologar er barnelegar (spesialistar i barnesjukdomar) som har spesialisert seg på nevrologisk sjukdom hos barn.

Som nevrolog vil du møte pasientar med både akutte og kroniske sjukdommar i ulike åldrar. Du vil også møte pårørande. Nokre gonger kan det vere tidkrevjande og vanskeleg å finne korrekt diagnose, og du kan samanlikne nevrologi med «detektivarbeid».

I dette yrket må du vere innstilt på å halde deg oppdatert på medisinsk og teknologisk utvikling.

Kor jobbar nevrologar?

Dei fleste nevrologar arbeider på nevrologiske avdelingar på sjukehus. Her utfører dei utgreiing og behandling av pasientar, og driv ofte med forsking. Forskinga går føre seg både med utgangspunkt i pasient og i laboratorium. Nokre nevrologar arbeider i private legesenter eller er tilsette ved rehabiliteringsinstitusjonar.

Intervjuer

Portrettbilde av Brage. Han har hvit frakk på og brunt krøllete hår.

Nevrolog

Brage Brakedal

Nevrologi er et utrolig spennende fag. Bare siden jeg begynte for 10 år siden har det vært store fremskritt, og mange endringer i hvordan vi behandler pasienter, sier Brage.

Viktige eigenskapar

For å arbeide som lege må du vere interessert i å hjelpe menneske. Du må ha gode kommunikasjonsevner og evna til å sjå kvar pasient som eit individ. Du må ha god vurderingsevne, ha evna til å handle raskt og takle eventuelle krisesituasjonar.

 

Lønn

Utdanning

Legespesialiseringa begynner etter at du er ferdig med medisinstudiet og har fått autorisasjon som lege. I praksis vil alle nyutdanna legar fortsette i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i minst seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvtanna år. Den består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune.

De neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt. De fleste finn ut kva slags spesialist de vil bli når de går på medisinstudiet, og mange bytter også spesialisering undervegs i spesialistutdanningen. Spesialistutdanninga går føre seg mens du jobbar som lege.

Dei vanlegaste jobbane blant medisinutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 763106 - Fagprøven for leger utdannet utenfor EU/EØS og Sveits
  • 763102 - Utenlandsleger, tilleggskurs
  • 763101 - Cand.med.-utdanning

Bedrifter som ansetter nevrologar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med nevrologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2221112 - NEVROLOG

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.