Gjennomgått i samarbeid med Kommunikasjonsforeningen 24. oktober 2022

Kommunikasjonsrådgjevar

Ein kommunikasjonsrådgjevar har ansvaret for å kommunisere bodskapen til bedrifta gjennom sosiale medium, nettsider, pressa og andre typar medium.

Arbeidsoppgaver

Som kommunikasjonsrådgjevar jobbar du ofte i ein informasjons- eller kommunikasjonsavdeling, og har ansvar for heile eller delar av kommunikasjonsarbeidet i bedrifta. Det omfattar og internkommunikasjon, det vil seie kommunikasjon innanfor bedrifta eller organisasjonen.

Vanlege arbeidsoppgåver for kommunikasjonsrådgjevarar:

  • lage informasjonsmateriell som brosjyrar, publikasjonar, presentasjonar, magasin og nyheitsbrev
  • skrive tekstar, fotografere og lage videoar og publisere dei på nettsidene til bedrifta
  • jobbe med grafisk profil og klarspråk
  • profilere bedrifta i sosiale medium
  • forme kommunikasjonsstrategiar og interessentanalysar
  • gjennomføre informasjons- og kommunikasjonskampanjar, inkludert digitale kampanjar og annonsering
  • svare på spørsmål frå pressa, skrive pressemeldingar og arrangere pressekonferansar
  • gi råd til leiinga
  • gi medietrening
  • jobbe med beredskap og krisekommunikasjon

Yrket må ikkje forvekslast med journalist, som har ein heilt anna innfallsvinkel til sitt informasjonsarbeid. Yrket må heller ikkje forvekslast med marknadsføringskonsulent.

Stillingstittelen kan og vere informasjonskonsulent, informasjonsrådgivar og PR-rådgivar.

Kor jobbar kommunikasjonsrådgjevarar?

Kommunikasjonsrådgjevarar kan jobbe i offentleg sektor, private bedrifter og frivillige organisasjonar. Du kan og jobbe i eit kommunikasjons- eller PR-byrå.

Bli med ein kommunikasjonsrådgjevar på jobb

Korleis er det å jobbe som kommunikasjonsrådgjevar?

Ei dame i svart genser og beige jakke. Hun sitter i en sofa og smiler mot kamera. Sofaen er grå og veggen i bakgrunnen er hvit.

Kommunikasjonsrådgiver

Kine Moxness Sandnes

– Vi har ikke de samme forutsetninger til å forstå alle ord, begreper og sammenhenger. Så vår viktigste jobb er å gjøre informasjon tilgjengelig og forståelig, sier Kine.
Portettfoto av Kommunikasjonsrådgiver Marius Wærhaug Madsen

Kommunikasjonsrådgiver

Marius Wærhaug Madsen

– Jeg tenker alltid på leserne. Kanalene kan være alt fra sosiale medier, nettaviser, ukepressen eller konferanser, forteller Marius Wærhaug Madsen.

Viktige egenskaper for en kommunikasjonsrådgjevar

Som kommunikasjonsrådgjevar bør du vere glad i å formidle både skriftleg og munnleg. Du må vere omgjengeleg og påliteleg, og det er ein stor fordel om du er samfunnsorientert. Du bør og ha teft for kva som interesserer målgruppa di og forstå korleis kommunikasjon kan brukast for å få fram bodskapen bedrifta vil formidle.

Arbeidskvardagen kan vere hektisk, så du bør ha evna til å arbeide under tidspress. 

Kva tener kommunikasjonsrådgjevarar?

Korleis utdannar du deg til kommunikasjonsrådgjevar?

For å arbeide som kommunikasjonsrådgivar er det som oftast ønskeleg at du har ei bachelorgrad, men også ofte ei mastergrad. Kommunikasjonsrådgivarar har ofte ulike utdanningar. Det er vanleg at kommunikasjonsrådgivarar har god kjennskap til bransjen arbeidsgivaren høyrer til. Mange kommunikasjonsrådgivarar har studert PR, kommunikasjon, journalistikk eller liknande.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Som kommunikasjonsrådgivar vil det vere relevant med etter- og vidareutdanning i til dømes kommunikasjon og bruk av nye medium. Det blir tilbode kurs og etterutdanning fleire stader i Noreg, og dette kan ofte vere finansiert av arbeidsgivar. 

Kva for ei utdanning er vanlegast for kommunikasjonsrådgjevarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Bedrifter: Kor jobbar kommunikasjonsrådgjevarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kommunikasjonsrådgjevarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3491105 - INFORMASJONSRÅDGIVER
  • 3491141 - KOMMUNIKASJONSRÅDGIVER (INFORMASJON)
  • 3491102 - INFORMASJONSMEDARBEIDER
  • 3491106 - PR-KONSULENT
  • 3491104 - INFORMASJONSSEKRETÆR
  • 3491128 - PRESSEKONTAKT
  • 3491121 - INFORMASJONSKOORDINATOR
  • 3491101 - INFORMASJONSKONSULENT
  • 2419121 - SENIORRÅDGIVER (KOMMUNIKASJON)
  • 1234114 - KOMMUNIKASJONSSJEF
  • 1234102 - INFORMASJONSDIREKTØR
  • 1234110 - INFORMASJONSLEDER
  • 3419139 - MARKEDSFØRINGSRÅDGIVER (SOSIALE MEDIER)
  • 1234115 - FYLKESDIREKTØR (KOMMUNIKASJON)

Andre yrke

En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Fotojournalist tar bilde av en kvinne på en bro

Fotojournalist

Som fotojournalist formidlar du situasjonar, hendingar og nyheiter gjennom bilde og video.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Illustrasjonsbilde av en mann foran en datamaskin.

Interaksjonsdesignar

Interaksjonsdesignaren formar ut brukargrensesnitt for nettstader, programvare og andre tekniske system vi nyttar i kvardagen.
Journalist intervjuer kvinne

Journalist

Journalisten samlar inn informasjon og formidlar han vidare i aviser, nettaviser, fjernsyn eller radio. Sakene omhandlar ofte nyhende eller aktuelle hendingar.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskole.

Relaterte lenker