Illustrasjonsbilde av kjemiingeniører i arbeid
Yrkesskildring

Kjemi­ingeniør

favoritt ikon

Ein kjemiingeniør arbeider med kjemiske prosessar.

Som kjemiingeniør kan du drive med planlegging, laboratoriearbeid og produksjon i industribedrifter eller med undervising og forsking. 

Kjemiske prosessar inngår som ein viktig del av produksjonen i ei rekke industriar. Derfor er behovet for kjemiingeniørar stort i mange produksjonsbedrifter. Prosjekteringa blir ofte gjort av rådgivande ingeniørfirma. Berre større bedrifter har eigne prosjekteringsavdelingar.

Vanlege arbeidsoppgåver for kjemiingeniøren:

  • Prosjekteringsfasen: planlegge heile produksjonsprosessen - alt frå behovet for nye fabrikkanlegg til kva kjemisk prosess og kva typar maskiner som skal brukast
  • Oppstartsfasen og dagleg produksjon: ha ansvaret for å kontrollere råvarene og dei ferdige produkta i verksemda, i tillegg til å sikre kvaliteten

Kjemiingeniøren leier og har ansvaret for dette arbeidet, gjerne i samarbeid med andre ingeniørar eller laboratoriumpersonell. Den daglege drifta kan også innebere administrativt arbeid. Kjemiingeniørar med mykje driftsansvar har gjerne tittelen driftsingeniør.

Som kjemiingeniør kan du vere tilsett i eit laboratorium, der du har ansvar for kjemiske analysar og oppfølginga av desse. Du kan til dømes vere tilsett ved eit sjukehuslaboratorium, i produksjonsverksemder eller i dopinglaboratorium. 

Kjemiingeniørar kan også vere med på å utvikle nye metodar for å analysere stoff. Ved større industriverksemder kan også forsking vere ein del av arbeidsdagen. Forskingsarbeid er ofte eit samarbeid mellom store bedrifter og universitet/høgskolar.

Skilnaden på ein kjemiingeniør og ein kjemikar, er at kjemikaren vanlegvis er leiar på laboratoriet og har meir avanserte oppgåver. Som kjemikar driv du med forsking og utvikling. Ein kjemiingeniør jobbar meir med analysar på laboratoriet. Yrka er nokså like, men har som regel ulike nivå av ansvar. 

Kvar arbeider kjemiingeniørar?

Kjemiingeniørar er gjerne tilsett i små eller store produksjonsbedrifter eller i rådgivande ingeniørfirma. Du kan også vere tilsett i offentleg sektor og jobbe med til dømes kontroll. Mange jobbar òg med forsking og undervising.

Personlege eigenskapar

Same kva ingeniørutdanning du vel, må du vere flink i realfag. For kjemiingeniørar er det viktig med ei spesiell interesse for kjemi. I tillegg bør du ha interesse for utvikling og bruk av teknologi, og du bør vere interessert i å utvikle nye løysingar. Du må vere nøyaktig og kunne tenke kreativt.

Utdanning

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

  • Opptakskrav
    Ingeniørutdanningane krev generell studiekompetanse med ein realfagskombinasjon

    Dersom du ikkje har dei naudsynte realfaga frå vidaregåande skole, kan du ved enkelte skolar ta eit eittårig ingeniørforkurs, kor du får tatt dei realfaga du treng. Somme høgskolar tilbyr sommarkurs og ekstra studium i tillegg. Enkelte høgskolar gir også mogelegheita til opptak gjennom y-veien dersom du har relevant fagbrev

Etter- og vidareutdanning
Med bachelorgrad kan du ta ei mastergrad ved ein høgskole eller eit universitet. Master i teknologi, tidlegare kalla sivilingeniør, er ei toårig utdanning som bygger på fullført bachelor i ingeniørfag.

Ingeniøryrket inneber kontinuerleg læring. Det finst ei rekke mogelegheiter for kurs. NITO har god oversikt over desse.

Kva jobbar kjemiingeniørutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Hva er de vanligste utdanningene for kjemiingeniørar?

Fast tilsette i Noreg med dette yrket har følgjande utdanningar:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Kjemiker
Heltid
Alle sektorer
683 personer
379 personer
304 personer
Ca 381 kr
Ca 371 kr
Ca 401 kr
61 680 kr
60 050 kr
64 910 kr
740 160 kr
720 600 kr
778 920 kr
Ca 381 kr
Ca 371 kr
Ca 401 kr
61 680 kr
60 050 kr
64 910 kr
740 160 kr
720 600 kr
778 920 kr
Ca 411 kr
Ca 397 kr
Ca 430 kr
66 650 kr
64 270 kr
69 610 kr
799 800 kr
771 240 kr
835 320 kr
Ca 411 kr
Ca 397 kr
Ca 430 kr
67 040 kr
64 780 kr
69 840 kr
804 480 kr
777 360 kr
838 080 kr
Kjemiker
Deltid
Alle sektorer
100 personer
Ca 432 kr
Ca
Ca
69 920 kr
839 040 kr
Ca 432 kr
Ca
Ca
69 920 kr
839 040 kr
Ca 442 kr
Ca
Ca
71 530 kr
858 360 kr
Ca 442 kr
Ca
Ca
71 780 kr
861 360 kr
Kjemiker
Heltid
Privat
627 personer
349 personer
278 personer
Ca 391 kr
Ca 378 kr
Ca 413 kr
63 340 kr
61 220 kr
66 830 kr
760 080 kr
734 640 kr
801 960 kr
Ca 391 kr
Ca 378 kr
Ca 413 kr
63 340 kr
61 220 kr
66 830 kr
760 080 kr
734 640 kr
801 960 kr
Ca 419 kr
Ca 404 kr
Ca 438 kr
67 930 kr
65 490 kr
71 000 kr
815 160 kr
785 880 kr
852 000 kr
Ca 419 kr
Ca 404 kr
Ca 438 kr
68 320 kr
66 000 kr
71 240 kr
819 840 kr
792 000 kr
854 880 kr
Kjemiingeniør
Heltid
Alle sektorer
2 296 personer
994 personer
1 302 personer
Ca 341 kr
Ca 298 kr
Ca 378 kr
55 170 kr
48 300 kr
61 250 kr
662 040 kr
579 600 kr
735 000 kr
Ca 341 kr
Ca 298 kr
Ca 378 kr
55 170 kr
48 300 kr
61 250 kr
662 040 kr
579 600 kr
735 000 kr
Ca 364 kr
Ca 320 kr
Ca 398 kr
59 020 kr
51 860 kr
64 490 kr
708 240 kr
622 320 kr
773 880 kr
Ca 364 kr
Ca 320 kr
Ca 398 kr
60 680 kr
52 990 kr
66 560 kr
728 160 kr
635 880 kr
798 720 kr
Kjemiingeniør
Deltid
Alle sektorer
259 personer
171 personer
Ca 275 kr
Ca 271 kr
Ca
44 620 kr
43 940 kr
535 440 kr
527 280 kr
Ca 275 kr
Ca 271 kr
Ca
44 620 kr
43 940 kr
535 440 kr
527 280 kr
Ca 304 kr
Ca 297 kr
Ca
49 190 kr
48 080 kr
590 280 kr
576 960 kr
Ca 304 kr
Ca 297 kr
Ca
50 470 kr
48 950 kr
605 640 kr
587 400 kr
Kjemiingeniør
Heltid
Privat
2 115 personer
881 personer
1 234 personer
Ca 350 kr
Ca 307 kr
Ca 386 kr
56 680 kr
49 720 kr
62 500 kr
680 160 kr
596 640 kr
750 000 kr
Ca 350 kr
Ca 307 kr
Ca 386 kr
56 680 kr
49 720 kr
62 500 kr
680 160 kr
596 640 kr
750 000 kr
Ca 373 kr
Ca 327 kr
Ca 406 kr
60 410 kr
52 930 kr
65 750 kr
724 920 kr
635 160 kr
789 000 kr
Ca 373 kr
Ca 327 kr
Ca 406 kr
62 200 kr
54 170 kr
67 930 kr
746 400 kr
650 040 kr
815 160 kr
Kjemiingeniør
Deltid
Privat
237 personer
157 personer
Ca 282 kr
Ca 274 kr
Ca
45 700 kr
44 320 kr
548 400 kr
531 840 kr
Ca 282 kr
Ca 274 kr
Ca
45 730 kr
44 350 kr
548 760 kr
532 200 kr
Ca 308 kr
Ca 300 kr
Ca
49 940 kr
48 650 kr
599 280 kr
583 800 kr
Ca 308 kr
Ca 300 kr
Ca
51 330 kr
49 590 kr
615 960 kr
595 080 kr
Kjemiingeniør
Heltid
Statlig
155 personer
Ca 257 kr
Ca
Ca
41 560 kr
498 720 kr
Ca 257 kr
Ca
Ca
41 560 kr
498 720 kr
Ca 259 kr
Ca
Ca
41 950 kr
503 400 kr
Ca 259 kr
Ca
Ca
42 090 kr
505 080 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

Bioteknolog i laboratorium

Bio­teknolog

Bio­teknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.

Petroleumsingeniør i arbeid

Petroleums­ingeniør

Som petroleums­ingeniør arbeider du innan olje- og gassbransjen, og har ansvar for område som produksjon, boring eller reservoar.

Geolog inni Pulpi-geoden i Almeria, Spania.

Geolog

Geologi er læra om jorda: hennar samansetjing, oppbygging og utvikling frå første byrjing og fram til i dag.

Kjemiker

Kjemikar

Ein kjemikar undersøker korleis verda rundt oss er konstruert, heilt ned til dei minste delane.

Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Dataelektronikaren installerer, driftar og held ved like elektroniske og datatekniske system og utstyr.

En statsmeteorolog foran et værkart

Meteorolog

Meteorologen jobbar med å forstå og formidle vêr.

Brønnoperatør jobber offshore.

Brønn­operatør

Ein brønn­operatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.

Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.

Sivilingeniørar på byggeplass.

Sivil­ingeniør

Sivil­ingeniøren har mastergrad i teknologi. Sivil­ingeniøren utviklar teknologiske løysingar og jobbar med forsking, undervising, prosjektarbeid og leiing.

Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønn­operatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønn­operatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.

Illustrasjonsbilde av arbeidere på et raffineri

Prosess­teknikar

Prosess­teknikaren driftar og held ved like kjemiske prosessanlegg innanfor ei rekke ulike bransjar.

Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.