IT-administrator
Som IT-administrator har du ansvar for å installera, drifta og halda ved like IT-infrastrukturen i ein organisasjon. Dette inkluderer maskinvare, programvare og nettverk.
Arbeidsoppgaver
Ein IT-administrator skal sikrar stabil drift, verna data mot tryggingstruslar og gi teknisk støtte til tilsette.
Typiske arbeidsoppgåver for ein IT-administrator:
- installera og konfigurera maskinvare, programvare og nettverksutstyr
- overvaka nettverk for å sikra stabil drift og høg tryggleik
- utføra oppdateringar, tryggingskopiering og vedlikehald av system
- automatisera rutineoppgåver ved hjelp av skripting (PowerShell, Bash)
- feilsøke tekniske problem for brukarar
- implementera tryggingstiltak mot hacking, virus og datatap
- samarbeide med leverandørar om vedlikehald og oppgraderingar
Kor jobbar IT-administratorar?
IT-administratorar kan jobba i:
- små og mellomstore bedrifter: ansvar for heile IT-miljøet, ofte åleine eller i små team
- store selskap: spesialisering på nettverk, serverar eller tryggleik i større IT-team
- offentlege institusjonar: skular, kommunar og helsevesen med kritiske IT-behov
- konsulentselskap: leverer IT-støtte for fleire kundar
- sjølvstendig næringsdrivande: frilansarar som tilbyr IT-tenester til små bedrifter
Korleis er det å jobbe som it-administrator?
IT-konsulent
Jonas Rushfeldt Sjøtun
IT-administrator
Ulf Jarle Buerstad
Viktige egenskaper for en it-administrator
Som IT-administrator må du kunna installera utstyr, utføra systemoppdateringar og gjennomføra feilsøking. Du må like teknologi, problemløysing og det å hjelpa andre.
Kva tener IT-administratorar?
Korleis utdannar du deg til it-administrator?
Det finst fleire vegar å gå for å bli IT-administrator. Du kan utdanne deg på vidaregåande skole, studere IT-administrasjon på fagskolenivå eller studere ved universitet og høgskolar.
Kva for ei utdanning er vanlegast for IT-administratorar?
Bedrifter: Kor jobbar IT-administratorar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med IT-administratorar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3120128 - DRIFTSADMINISTRATOR (IT)
- 2130166 - SYSTEMADMINISTRATOR
- 2130103 - DATABASEADMINISTRATOR (ADMINISTRATIV DATABEHANDL.)
- 2130101 - DATAADMINISTRATOR