IT-administrator
Som IT-administrator installerer og oppdaterer du maskinvare, programvare og nettverk.
Arbeidsoppgaver
Som IT-administrator installerer og oppdaterer du både maskinvare og programvare. Du vil òg arbeide med nettverk og passe på at tryggleiken er ivareteken slik at verksemda sine data er sikra mot hacking, virus og tap.
IT-administratoren fungerer som ei støtte og hjelp for brukarane av nettverket.
Typiske arbeidsoppgåver for ein IT-administrator:
- kjøpe inn maskinvare og programvare
- oppdatere eksisterande maskinvare og programvare
- automatisering/scripting
- installere datamaskiner og tilhøyrande utstyr
- hjelpe og støtte nettverksbrukarar med kvardagslege problem
- fungere som intern teknikar for maskinvare, programvare, skrivarar og lokale nettverk
- kommunisere med spesialisert personell frå ulike maskinvare- og programvareleverandørar
IT-administratoren må halde seg oppdatert på den teknologiske utviklinga for å sikre maksimal utnytting av ny teknologi.
Kor jobbar IT-administratorar?
IT-administratorar jobbar i mindre og mellomstore bedrifter. Fleire er også sjølvstendig næringsdrivande.
Korleis er det å jobbe som it-administrator?
IT-konsulent
Jonas Rushfeldt Sjøtun
IT-administrator
Ulf Jarle Buerstad
Viktige egenskaper for en it-administrator
Som IT-administrator har du mykje kontakt med medarbeidarar, kundar og leverandørar. Du må derfor vere flink til å kommunisere, formidle og samarbeide. Du må arbeide systematisk og nøyaktig og vere i stand til å finne informasjon og løysingar på problem. I mange tilfelle må du kunne meistre teknisk engelsk, sidan brukarrettleiingar ofte er på engelsk. Ei evne til å takle omstilling og endring i eit fagfelt i stadig utvikling kjem godt med.
Kva tener IT-administratorar?
Korleis utdannar du deg til it-administrator?
Det finst fleire vegar å gå for å bli IT-administrator. Du kan utdanne deg på vidaregåande skole, studere IT-administrasjon på fagskolenivå eller studere ved universitet og høgskolar.
Kva for ei utdanning er vanlegast for IT-administratorar?
Bedrifter: Kor jobbar IT-administratorar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med IT-administratorar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3120128 - DRIFTSADMINISTRATOR (IT)
- 2130166 - SYSTEMADMINISTRATOR
- 2130103 - DATABASEADMINISTRATOR (ADMINISTRATIV DATABEHANDL.)
- 2130101 - DATAADMINISTRATOR