Gjennomgått i samarbeid med EGG's design 03. oktober 2023

Industridesignar

Industridesignarar utformar produkt, tenester, programvarer og system for privat næringsliv og offentleg sektor.

Arbeidsoppgaver

Ein industridesignar jobbar tverrfagleg vurderer både form, estetikk og brukarvenlegheit når ein utviklar produkt og tenester. 

Industridesignaren arbeider med løysingar som varetek designen, funksjonaliteten og tryggleiken til eit produkt, med omsyn til bruk og kvalitet. Produktet, eller tenesta, kan vere lagd for industrien eller for det offentlege. Det er viktig for ein industridesignar å ha kunnskap til trendar og kulturar i marknaden produktet skal brukast i.

Du må også ha kjennskap til ulike aktørar som er relatert til produktet du jobbar med, og ha kunnskap om dei som skal bruke produktet. Industridesignarar jobbar ofte på oppdrag frå ulike firma og organisasjonar der dei følger prosessen frå idé til ferdig produkt. Nokre gonger er industridesignaren også med på å definere sjølve problemstillinga dei skal finne ei løysning for. 

Vanlege arbeidsoppgåver for industridesignaren:

  • observere brukarar og analysere brukaråtferd for å avdekkje behova deira
  • teikne og visualisere produkt
  • lage modellar og prototypar
  • presentere ulike løysingar for kundane sine
  • selje inn løysingane og produkta sine

Som industridesignar har du interesse for form, funksjon, estetikk, kommunikasjon og trendar. Du har også kjennskap til forholdet mellom val av materiale, produksjonsmetode og miljø, samt evna til å sette deg inn i ulike menneske sin føresetnad (brukarorientering). Grunnleggjande kunnskap og interesse for fysikk, mekanikk og teknologi er ein fordel. 

Som industridesignar kan du spesialisere deg innan mange ulike retningar, som til dømes produktdesign (bilar, båtar, emballasje osv.), møbel-, interiør-, lys-, interaksjonsdesign (appar og nettsider) og tenestedesign. Tenestedesign har vore ettertrakta dei siste åra, for eksempel i helse- og velferdssektoren kor industridesignaren bidrar med å forbetre opplevingar for både pasientar, legar, sjukepleiarar og pårørande. 

Industridesignarar arbeider tett saman med andre yrkesgrupper, som til dømes ingeniørar, marknadsføringskonsulentar og økonomikonsulentar.

Kor jobbar industridesignarar?

Industridesignaren kan velje mellom ei rekke retningar innan industridesign. Mange arbeider i designbyrå og konsulentfirma som utviklar produkt for næringslivet og organisasjonar. Som industridesignar kan du også vere tilsett i ein bedrift som produktutviklar eller rådgivar. Nokre designarar er sjølvstendig næringsdrivande og driver eigen verksemd og nokre jobbar også med forsking og undervising.

Intervjuer

En ung kvinne står og smiler lett til kameraet mens hun holder hendene i siden. Bildet er i sorthvitt. Hun har langt hår og har på seg en mørk bluse.

Industridesigner

Suzanne Arnesen

Som barn drømte Suzanne om å bli oppfinner. Som industridesigner får hun leve ut kreativiteten og skapertrangen.

Viktige eigenskapar

Industridesignaren er nysgjerrig, kreativ og løysingsorientert, og har evne til å realisere og gjennomføre ideane sine. Sosiale ferdigheter og kommunikasjon er svært viktig, fordi designarar jobbar stort sett alltid i team. Gode evnar innan visualisering, teknisk innsikt og praktiske ferdigheiter er også viktig.

Lønn

Utdanning

Dei vanlegaste jobbane blant industridesignutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 755214 - Master, teknologi, industriell design, femårig
  • 755210 - Sivilingeniørutdanning, ingeniørdesign og produksjonsteknologi
  • 716106 - Master, produktdesign, toårig
  • 716105 - Master of Arts, industrial design, 1½-årig
  • 716104 - Master, industridesign, femårig
  • 716103 - Sivilindustridesigner
  • 616503 - Bachelor, interiørarkitektur og møbeldesign, treårig
  • 616109 - Bachelor, produktdesign, treårig
  • 616107 - Produktutvikling, ettårig påbygging

Bedrifter som ansetter industridesignarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med industridesignarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2552109 - INDUSTRIDESIGNER
  • 2149116 - SIVILINGENIØR (TEKNISK DESIGN)

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
CNC-operatør jobber ved ei CNC-maskin

CNC-operatør

CNC-operatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.
Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Ein dataelektroniker installerer, kontrollerer, held ved like og reparerer elektroniske installasjonar og utstyr.
Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.

Relaterte lenker