Kvinnelig forfatter skriver
Yrkesskildring

Forfattar

favoritt ikon

Forfattarar skriv romanar, dikt, teaterstykke, fagbøker og liknande.

Forfattarar jobbar med å skrive bøker og anna skriftleg materiale. Ofte blir forfattartittelen knytt til dei som skriv skjønnlitteratur, forfattaryrket omfattar likevel langt meir.

I mange samanhengar er det vanleg å dele forfattarar inn i grupper etter kva sjanger dei skriv i, til dømes skjønnlitteratur, fagbøker/sakprosa, barnebøker, skodespel og så bortetter. Du kan også ha ein meir spesifikk yrkestittel enn forfattar, dersom sjangeren du skriv i opnar for dette. Ein slik yrkestittel kan vere lyrikar, tekstforfattar eller manusforfattar.

Skjønnlitterære forfattarar skriv romanar, noveller, dikt og liknande. Ein fagbokforfattar (forfattar av sakprosa) skriv og redigerer bøker om emne innan eit bestemt fagområde. Desse blir gjerne brukt i skole og utdanning.

Vanlege arbeidsoppgåver for forfattarar:

  • undersøke eit tema og samle inn materiale
  • skrive tekst 
  • forme ut tekst, ofte i samarbeid med ein forlagsredaktør

Arbeidsmetodane og skriveprosessen kan vere svært ulik forfattarar imellom. Nokre forfattarar skriv systematisk eit par timar kvar dag, mens andre skriv svært mykje over kortare periodar. Kor lang tid ein forfattar bruker på å skrive ei bok varierer også ein del. Forfattaryrket er generelt sett svært tidkrevjande. 

Mange forfattarar er tilknytt eit forlag og har avtalar om produksjon i samarbeid med det. Andre forfattarar skriv på eiga hand. Desse må jobbe for å få sine verk antatt. Når eit manuskript er ferdig sender ein det til eitt eller fleire forlag. Forlaga vurderer så om dei ønskjer å bruke manuskriptet. Dersom eit forlag vel å anta manuskriptet vil forlaget og forfattaren lage ei avtale, for så å jobbe vidare med prosjektet saman. 

Nokre forfattarar med god språk- og kulturkunnskapar arbeider også som omsettarar.

Forfattartittelen er ikkje verna. Ein kvar som skriv kan derfor kalle seg forfattar.

Kvar arbeider forfattarar?

Nesten alle forfattarar jobbar frilans. Dei er med andre ord ikkje tilsette hos ein arbeidsgivar. Dei er derfor ofte sjølvstendig næringsdrivande. Dei som alt har etablert seg som forfattarar, samarbeider som oftast likevel med eit forlag. 

Personlege eigenskapar

Det finst nok ingen generelle krav til kva eigenskapar ein forfattar bør ha. Ei evne til kreativ tenking vil generelt sett kome godt med. Du må ha ein bodskap og eit ønske om å formidle han. Det er også svært viktig at du evnar å uttrykke deg, slik at du får fram bodskapen. For forfattarar flest er det også nødvendig å kunne arbeide systematisk og målretta. Skriveprosessen kan nemleg vere både vanskeleg og tidkrevjande. Forfattaryrket krev ei stor grad sjølvdisiplin og evne til å produsere.

Utdanning

Ei spesifikk forfattarutdanning er ingen føresetnad for å arbeide som forfattar. Fleire av høgskolane og universiteta i landet tilbyr like fullt studium relevante for forfattaryrket.

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

  • Opptakskrav
    Opptakskravet varierer frå eitt studium til det neste. Enkelte stader krev berre generell studiekompetanse, medan andre også krev tekstprøvar. For å ta eit fagbokforfattarstudium må du i tillegg ha minst to år med høgare utdanning innanfor eit relevant tema.

Kva jobbar forfattarstudiumutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Reklame- og markedsføringsrådgivere
Deltid
Alle sektorer
872 personer
557 personer
315 personer
243 kr
244 kr
237 kr
39 380 kr
39 540 kr
38 420 kr
472 560 kr
474 480 kr
461 040 kr
243 kr
244 kr
237 kr
39 380 kr
39 540 kr
38 420 kr
472 560 kr
474 480 kr
461 040 kr
278 kr
258 kr
319 kr
45 040 kr
41 790 kr
51 650 kr
540 480 kr
501 480 kr
619 800 kr
278 kr
258 kr
319 kr
45 080 kr
41 850 kr
51 670 kr
540 960 kr
502 200 kr
620 040 kr
Reklame- og markedsføringsrådgivere
Heltid
Alle sektorer
5 785 personer
3 483 personer
2 302 personer
281 kr
272 kr
298 kr
45 500 kr
44 080 kr
48 290 kr
546 000 kr
528 960 kr
579 480 kr
281 kr
272 kr
298 kr
45 500 kr
44 080 kr
48 290 kr
546 000 kr
528 960 kr
579 480 kr
305 kr
286 kr
333 kr
49 380 kr
46 410 kr
53 870 kr
592 560 kr
556 920 kr
646 440 kr
305 kr
286 kr
333 kr
49 610 kr
46 600 kr
54 170 kr
595 320 kr
559 200 kr
650 040 kr
Reklame- og markedsføringsrådgivere
Deltid
Privat
856 personer
545 personer
311 personer
243 kr
244 kr
237 kr
39 410 kr
39 580 kr
38 420 kr
472 920 kr
474 960 kr
461 040 kr
243 kr
244 kr
237 kr
39 410 kr
39 580 kr
38 420 kr
472 920 kr
474 960 kr
461 040 kr
279 kr
259 kr
320 kr
45 210 kr
41 930 kr
51 850 kr
542 520 kr
503 160 kr
622 200 kr
279 kr
259 kr
320 kr
45 260 kr
41 990 kr
51 870 kr
543 120 kr
503 880 kr
622 440 kr
Reklame- og markedsføringsrådgivere
Heltid
Privat
5 722 personer
3 442 personer
2 280 personer
282 kr
272 kr
298 kr
45 650 kr
44 140 kr
48 330 kr
547 800 kr
529 680 kr
579 960 kr
282 kr
272 kr
298 kr
45 650 kr
44 140 kr
48 330 kr
547 800 kr
529 680 kr
579 960 kr
305 kr
287 kr
333 kr
49 420 kr
46 430 kr
53 930 kr
593 040 kr
557 160 kr
647 160 kr
305 kr
287 kr
333 kr
49 650 kr
46 620 kr
54 230 kr
595 800 kr
559 440 kr
650 760 kr
Forfattere
Deltid
Alle sektorer
184 personer
122 personer
62 personer
266 kr
258 kr
43 100 kr
41 840 kr
517 200 kr
502 080 kr
266 kr
258 kr
43 100 kr
41 840 kr
517 200 kr
502 080 kr
278 kr
264 kr
305 kr
45 010 kr
42 810 kr
49 340 kr
540 120 kr
513 720 kr
592 080 kr
278 kr
264 kr
305 kr
45 080 kr
42 880 kr
49 340 kr
540 960 kr
514 560 kr
592 080 kr
Forfattere
Heltid
Alle sektorer
1 007 personer
584 personer
423 personer
314 kr
308 kr
326 kr
50 930 kr
49 850 kr
52 770 kr
611 160 kr
598 200 kr
633 240 kr
314 kr
308 kr
326 kr
50 930 kr
49 850 kr
52 770 kr
611 160 kr
598 200 kr
633 240 kr
324 kr
311 kr
342 kr
52 440 kr
50 330 kr
55 350 kr
629 280 kr
603 960 kr
664 200 kr
324 kr
311 kr
342 kr
52 670 kr
50 540 kr
55 600 kr
632 040 kr
606 480 kr
667 200 kr
Forfattere
Deltid
Privat
180 personer
122 personer
58 personer
266 kr
258 kr
43 100 kr
41 840 kr
517 200 kr
502 080 kr
266 kr
258 kr
43 100 kr
41 840 kr
517 200 kr
502 080 kr
277 kr
264 kr
304 kr
44 860 kr
42 810 kr
49 170 kr
538 320 kr
513 720 kr
590 040 kr
277 kr
264 kr
304 kr
44 930 kr
42 880 kr
49 170 kr
539 160 kr
514 560 kr
590 040 kr
Forfattere
Heltid
Privat
1 000 personer
583 personer
417 personer
315 kr
308 kr
327 kr
50 980 kr
49 850 kr
52 910 kr
611 760 kr
598 200 kr
634 920 kr
315 kr
308 kr
327 kr
50 980 kr
49 850 kr
52 910 kr
611 760 kr
598 200 kr
634 920 kr
324 kr
311 kr
342 kr
52 490 kr
50 350 kr
55 470 kr
629 880 kr
604 200 kr
665 640 kr
324 kr
311 kr
342 kr
52 720 kr
50 560 kr
55 730 kr
632 640 kr
606 720 kr
668 760 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Akershus
Velg kommuner i Aust-Agder
Velg kommuner i Buskerud
Velg kommuner i Finnmark
Velg kommuner i Hedmark
Velg kommuner i Hordaland
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oppland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Sogn og Fjordane
Velg kommuner i Telemark
Velg kommuner i Troms
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vest-Agder
Velg kommuner i Vestfold
Velg kommuner i Østfold

Andre yrker