Gjennomgått i samarbeid med NHO transport 25. mai 2023

Bussjåfør

Som bussjåfør er den viktigaste oppgåva di å transportere passasjerar på ein trygg, miljøvennleg og komfortabel måte.

Arbeidsoppgaver

Ein bussjåfør er ein yrkessjåfør som jobbar med persontransport, og som skal sørge for at passasjerane kjem fram på ein god måte. Som bussjåfør må du vera ansvarsbevisst og omsynsfull i trafikken, og vaken og oppmerksam slik at trafikkuhell blir unngått. Som bussjåfør kan du ha ein variert kvardag, og ofte kan ein prøve ut ny teknologi, eller lære å beherske tunge køyretøy. 

Vanlege arbeidsoppgåver for bussjåføren:

  • frakte passasjerar så presist og sikkert som mogleg
  • hjelpe passasjerar når dei går av og på bussen
  • vurdere trafikkbiletet og køyre trafikksikkert
  • vurdere den tekniske tilstanden på bussen og få han til service når det er naudsynt

Arbeidskvardagen vil variere avhengig av kvar du arbeider. Dei fleste bussjåførar køyrer rutetrafikk i byar og tettstader. Som bussjåfør kan du òg køyre turtrafikk, flybussar eller andre typar busstrafikk. Det finst jobbmoglegheiter i heile Noreg. Bussjåfør-yrket er ein ansvarsfull og sjølvstendig jobb, med ordna lønns- og arbeidsvilkår.

Kor jobbar bussjåførar?

Bussjåførar arbeider for verksemder og selskap over heile landet. Du kan arbeide både på byruter, distriktsruter og regionale ruter, eller på private turbussar. Enkelte busselskap har òg utanlandsruter. 

Intervjuer

En mann ikledd blå skjorte, svart vest og et blått slips smiler mot kamera. Han har på seg briller med svart ramme. Bildet er tatt utendørs i sola.

Bussjåfør

Axel Estrera Jonsson

– Det er et stort ansvar ja, med alle passasjerene, trafikken og selve kjøretøyet, sier Axel.

Viktige eigenskapar

Som bussjåfør må du vere serviceinnstilt og oppteken av at passasjerane skal kome fram på ein komfortabel og trygg måte. Du bør vere glad i å køyre og køyre på ein trafikksikker og presis måte.

Du må òg kunne takle stressande situasjonar i trafikken og halde deg roleg når køar eller uføresette hendingar oppstår. 

Lønn

Utdanning

For å bli bussjåfør treng du førarkort klasse D og yrkessjåførkompetanse (YSK).

Dei som jobbar som bussjåførar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant yrkessjåførutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 481401 - Yrkessjåførfaget, Vg3 (gammel ordning)
  • 481402 - Yrkessjåførfaget, Vg3

Bedrifter som ansetter bussjåførar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med bussjåførar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8322108 - BUSSJÅFØR
  • 8322109 - BUSSFØRER
  • 8322106 - SJÅFØR (BUSS)
  • 8322110 - RESERVESJÅFØR (BUSS)
  • 8322105 - RUTEBILSJÅFØR

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.