Gjennomgått i samarbeid med Bibliotekarforbundet 21. februar 2024

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.

Arbeidsoppgaver

Ein av dei viktigaste oppgåvene til bibliotekaren er å skaffa kvalitetssikret informasjon som brukarane av biblioteket spør etter. Bibliotekaren har god kjennskap til søkesystemene som gjer det mogleg å finna fram i store mengder informasjon.

Bibliotekaren skal òg formidla fag- og skjønnlitteratur gjennom arrangement, utstillingar og rettleiing.

Det finst ulike typar bibliotek med ulike brukargrupper. Eit folkebibliotek er for alle innbyggarar. Eit skulebibliotek er for elevar og lærarar, medan fag- og forskingsbibliotek er ein del av eit universitet eller ein høgskule, eit forskingsinstitutt eller ein annan offentleg eller privat institusjon. Der er det studentar, tilsette og forskarar som er primærbrukere.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein bibliotekar: 

  • hjelpa dei som besøker biblioteket med å finna informasjon og skaffa dokument frå inn- og utland
  • finna igjen og søka i databasar og andre nettbaserte kjelder
  • stå for innkjøp til biblioteket
  • bygga opp og organisera samlinga av litteratur og andre medium
  • følgje opp utlån og tilbakelevering av bøker og andre medium
  • arrangera forfattarmøte, lesesirklar, foredrag og kurs (til dømes datakurs og norsktreningskurs) 
  • undervisning i databasesøk, kjeldekritikk og informasjonskompetanse (korleis ein søker i ulike databasar, korleis ein vurderer ulike typar kjelder og truverdet til kjeldene)
  • skrankevakt
  • samlingspleie (kassering)

Ei viktig oppgåve for ein bibliotekar er òg å skapa leselyst, ved å finna riktig bok til riktig lesar.

Arbeidsoppgåvene vil variera etter kva slags bibliotek du er tilsett i, og etter storleiken på biblioteket. Jo større bibliotek du arbeider i, desto meir spesialiserte er gjerne oppgåvene. I eit lite bibliotek gjer bibliotekaren som regel alle oppgåvene.

I dette yrket er det viktig å vera oppdatert på utgivingar av bøker og tidsskrift, både trykte og digitale.

På eit folkebibliotek er det mange ulike brukarar, både barn, ungdom og vaksne. Det har vorte stadig vanlegare at folkebiblioteka gjennomfører ulike typar arrangement der ulike målgrupper besøker biblioteket og får tilrettelagde opplegg. Som bibliotekar kan du vera med på å arrangera alt frå debattar til eventyrlesning for barn og omvising på biblioteket for elevar.

Kor jobbar bibliotekarar?

Bibliotekaren arbeider i ulike typar bibliotek, både i offentlege og private verksemder. Bibliotekarutdanninga kvalifiserer òg til jobb innan ulike typar arkiv, kulturforvalting, forlag og i bokhandel. Det er òg mogleg å arbeide med informasjonsformidling og forsking.

Bli med ein bibliotekar på jobb

Korleis er det å jobbe som bibliotekar?

Portrettbilde av dame med brunt, skulderkort hår. Hun smiler og har på seg oransje overdel.

Bibliotekar

Edith Johanne Johansen

– Du kan bidra med dine personlige styrker og interesser inn i dette yrket, forteller Edith Johanne.

Viktige egenskaper for en bibliotekar

Som bibliotekar må du vera interessert i å formidla informasjon, kunnskap og litteratur. Du må og vera samfunnsinteressert. Bibliotekaryrket er eit serviceyrke med mykje publikumskontakt. Det er vanleg at bibliotekaren har skrankevakt. Du bør ferfor vera imøtekommande og serviceorientert. Du må og vera systematisk anlagt. 

Kva tener bibliotekarar?

Korleis utdannar du deg til bibliotekar?

Kva for ei utdanning er vanlegast for bibliotekarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Kva jobbar bibliotekarutdannede med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 712202 - Master, bibliotek- og informasjonsvitenskap, toårig
  • 7122 - Bibliotekutdanninger
  • 613421 - Bachelor, medie- og dokumentasjonsvitenskap, treårig
  • 612299 - Bibliotekutdanning, uspesifisert, lavere nivå
  • 612206 - Bachelor, bibliotek- og informasjonsvitenskap, treårig
  • 612204 - Bibliotekarutdanning
  • 612201 - Bibliotekfaglige emner, lavere nivå
  • 6122 - Bibliotekutdanninger

Bedrifter: Kor jobbar bibliotekarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med bibliotekarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3493102 - BIBLIOTEKAR
  • 4141111 - BIBLIOTEKFULLMEKTIG
  • 4141109 - BOKBUSSASSISTENT (BIBLIOTEK)
  • 4141108 - BIBLIOTEKASPIRANT
  • 4141107 - FULLMEKTIG (BIBLIOTEK)
  • 4141105 - FØRSTEFULLMEKTIG (BIBLIOTEK)
  • 4141103 - BIBLIOTEKMEDARBEIDER
  • 3493113 - FYLKESBIBLIOTEKAR
  • 3493112 - DISTRIKTSBIBLIOTEKAR
  • 3493111 - BIBLIOTEKLEDER
  • 3493110 - BIBLIOTEKKONSULENT
  • 3493109 - BEDRIFTSBIBLIOTEKAR
  • 3493108 - BARNEBIBLIOTEKAR
  • 3493107 - AVDELINGSLEDER (BIBLIOTEK)
  • 3493106 - AVDELINGSBIBLIOTEKAR
  • 3493104 - SKOLEBIBLIOTEKAR
  • 3493103 - FAGBIBLIOTEKAR (BEDRIFT MV)
  • 3493101 - OVERBIBLIOTEKAR
  • 2532102 - FØRSTEBIBLIOTEKAR
  • 2532101 - UNIVERSITETSBIBLIOTEKAR
  • 1229118 - HOVEDBIBLIOTEKAR
  • 1229117 - BIBLIOTEKSJEF
  • 1227220 - FYLKESBIBLIOTEKSJEF
  • 1210117 - BIBLIOTEKSDIREKTØR
  • 4141113 - BIBLIOTEKASSISTENT
  • 1210109 - RIKSBIBLIOTEKAR
  • 1210185 - NASJONALBIBLIOTEKAR

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Ung mannlig baker setter bakverk i ovnen

Bakar

Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
En kvinnelig bartender lager en drink til en gjest på baren

Bartender

Bartenderar arbeider med å gjere klar og servere drikkevarer.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar seljar bilar, gjerne frå ei avgrensa mengd bilmerke som dei kjenner godt.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Bussjåfør kjører inn på busstasjon

Bussjåfør

Som bussjåfør er den viktigaste oppgåva di å transportere passasjerar på ein trygg, miljøvennleg og komfortabel måte.
Illustrasjonsbilde av kvinne som står i en butikk og rydder i hyllene.

Butikkmedarbeidar

Butikkmedarbeidaren hjelper kundar og yter service i ulike typar butikkar.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
Eiendomsmegler bærer på et visningsskilt foran noen boligblokker

Eigedomsmeklar

Eigedomsmeklaren legger til rette for at kjøp og sal av eigedommar skjer på ein trygg og effektiv måte.