Vektar
Jobben til vektaren eller tryggleiksmedarbeidaren er å skape tryggleik gjennom å førebygge ulukker og lovbrot.
Arbeidsoppgaver
Som vektar eller tryggleiksmedarbeidar er hovudoppgåva di å sørge for tryggleik, sikkerheit og minske uønska hendingar som ulykker og kriminalitet.
Vanlege arbeidsoppgåver for vektarar kan vere:
- vakthold av område som store arbeidsplassar, kjøpesenter, museum eller eigedommar og liknande innan både offentleg og privat sektor
- tilsyn og oppfølging av tekniske installasjonar
- respondera på ulike typar alarmar (brann, heis, innbrot, kjøl/frys, overfall)
- betena resepsjonar og utøve tilgangskontroll
- førebygga uønskte hendingar førebygga og handtera konfliktsituasjonar
- ha oppsyn med overvakingsanlegg rapportera avvik og observasjonar
- planlegga og kontrollera HMS-tiltak (helse, miljø og trygging) rettleia publikum
Vektarjobben kan vere stasjonær eller patruljerande.
Stasjonær vektarteneste vil seie at ein vektar arbeider for ein bestemt kunde og har ansvaret for sikkerheita der. Det kan skje gjennom åtgangskontroll, kontrollrundar, overvaking av tekniske anlegg og resepsjonsteneste. Viss vektaren jobbar på til dømes eit kjøpesenter eller ein T-banestasjon, vil han eller ho òg assistere og rettleie tilsette og publikum og bidra til at området er trygt og sikkert for alle.
Patruljerande tenester finn stad mellom fleire kundar og kan til dømes vere mobilteneste på kveld og natt. Da køyrer vektaren mellom kundane og utfører kontrolltenester der.
Vektarar kan og jobbe med verditransport, telje pengar i pengesentralar og liknande.
Som vekter kan du òg jobbe i trafikken ved å dirigere trafikk ved asfaltering på vegen eller køyre leiarbil. Du kan òg vere vaktmannskap på til dømes utestadar, idretts- eller konsertarrangement.
Kor jobbar vektarar?
Som vektar kan du jobbe i vektar- og vaktselskap, alarmsentralar eller store bedrifter som har tilsett eigne vektarar, til dømes vakttenesta i regjeringsbygga og Stortinget.
Bli med ein vektar på jobb
Korleis er det å jobbe som vektar?
Vekter
Tord Isaksen
Vekter
Malii Lea
Viktige egenskaper for en vektar
Som vektar må du vere sjølvstendig, ta initiativ og ha god vurderingsevne. Du må og vere serviceinnstilt. Andre viktige eigenskapar er empati og evne til å handtere konfliktar. Elles er det ein fordel å ha normalt syn og normal høyrsel.
Kva tener vektarar?
Korleis utdannar du deg til vektar?
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.
Kva for ei utdanning er vanlegast for vektarar?
Kva jobbar sikkerheitsfagutdanna med?
- 482902 - Sikkerhetsfaget, Vg3
- 482901 - Sikkerhetsfaget, Vg3 (gammel ordning)
Bedrifter: Kor jobbar vektarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med vektarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 5164102 - VEKTER
- 9152101 - ORDENSVAKT
- 5164103 - VEKTER-LEDER
- 5164101 - SIKKERHETSVAKT
- 9152130 - TRAFIKKBETJENT (PARKERING)
- 9152110 - PARKERINGSVAKT
- 9152105 - DØRVAKT
- 5164106 - VAKTBETJENT
- 5164105 - VAKTSJEF
- 5164104 - SECURITAS
- 9152127 - DØRVERT
- 9152131 - TRAFIKKDIRIGENT (MANUELL)
- 5161102 - BRANNVAKT
- 9152128 - VAKTMANN
- 9152132 - VAKTPERSONELL
- 9152115 - VAKT (GARASJE)