Gjennomgått i samarbeid med Noroff 29. desember 2023

Teknisk teiknar

Ein teknisk teiknar lagar arbeidsteikningar for blant anna bygg, maskiner og anleggsprosjekt.

Arbeidsoppgaver

Som teknisk teiknar lagar du tekniske arbeidsteikningar for bygg, maskiner og anleggsprosjekt eller kart, illustrasjonar og 3D-modellar. Det meste av arbeidet skjer ved bruk av digitale verktøy innan dataassistert konstruksjon.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein teknisk teiknar:

  • laga 3D-modeller og arbeidsteikningar etter informasjon frå fagspesialister som designingeniørar og arkitektar
  • utarbeida teknisk dokumentasjon 
  • ansvar for presentasjon av prosjekt
  • laga brosjyrar, publikasjonar og anna presentasjonsmateriale 

Som teknisk teiknar kan du ha ei rekkje ulike stillingstitlar, slik som DAK-operatør, teknisk designar, BIM-teknikar og 3D-visualiserer. Sjølv om oppgåvene kan vera ulike, handlar alle jobbane om å gjera idear tydelegare ved hjelp av dataprogram.

Tekniske teiknarar samarbeider ofte med mange andre yrkesgrupper, slik som ingeniørar, dokumentørar, entreprenørar og arkitektar.

Kor jobbar tekniske teiknarar?

Mange tekniske teiknarar er tilsette hos arkitektkontor, ingeniørfirma eller entreprenørfirma. Som teknisk teiknar kan du òg vera offentleg tilsett. Det er òg ein del tekniske teiknarar som er sjølvstendig næringsdrivande.

Korleis er det å jobbe som teknisk teiknar?

Portrettbilde av en dame med hestehale, svart genser og flerfarget nøkkelring rundt halsen. Hun smiler. I bakgrunnen er en hvit vegg.

Teknisk tegner

Kjersti Titlestad

– Å sette sammen ulike tegninger over rør, sprinkelanlegg, bygg og elektro og få det til å passe sammen, det er veldig gøy, sier Kjersti.
teknisk tegner Anita Eide Øvland portrett

Teknisk tegner

Anita Eide Øvland

Anita jobber med teknisk tegning i interiørbransjen, og er opptatt av å lage noe fint og funksjonelt for andre.

Viktige egenskaper for en teknisk teiknar

Som teknisk teiknar er det svært viktig at du er flink til å sjå løysingar, samtidig som du er presis og nøyaktig i arbeidet ditt. Du må vere strukturert, kompetent på data, god på samarbeid og kommunikasjon.

Kva tener tekniske teiknarar?

Korleis utdannar du deg til teknisk teiknar?

Utdanning som teknisk teiknar, også kalla DAK-operatør eller BIM-teknikar, blir tilbydd ved fleire fagskular og fjernundervisingsinstitusjonar. Du kan òg ta kortare og lengre kurs på privatmarknaden.

Opplæring innan teknisk teikning inngår i visse utdanningar som arkitektur- og ingeniørutdanningar. Det er òg mogleg ta høgare utdanning som teknisk teiknar ved utanlandske utdanningsinstitusjonar.

Utdanningar DAK-operatør 

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Med utdanning som teknisk teiknar har du eit godt grunnlag for vidare studiar innan teknisk design, arkitektur eller ingeniørfag. Med generell studiekompetanse kan du òg ta ei relevant universitets- eller høgskuleutdanning.

Kva for ei utdanning er vanlegast for tekniske teiknarar?

Bedrifter: Kor jobbar tekniske teiknarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med tekniske teiknarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7350123 - FAGARBEIDER (TEKNISK TEGNING)
  • 7350121 - DAK-OPERATØR
  • 7350122 - TEKNISK TEGNER
  • 7350120 - OPTISK TEGNER
  • 7350119 - TEGNEASSISTENT
  • 7350118 - KONSTRUKTØR (TEKNISK TEGNING)
  • 7350116 - TEKNISK ILLUSTRATØR
  • 7350114 - TEGNER (ØVRIG TEKNISK VIRKSOMHET)
  • 7350113 - TEGNER (TEKNISK)
  • 7350112 - TEGNER (ELEKTROTEKNIKK)
  • 7350111 - TEGNER (BYGGE- OG ANLEGGSTEKNIKK)
  • 7350107 - MASKINTEGNER
  • 7350106 - KARTTEGNER
  • 7350105 - KARTRETTER
  • 7350104 - KARTREPRODUSØR
  • 7350103 - KARTINSPEKTØR
  • 7350102 - KARTGRAFIKER
  • 3114130 - TEKNISK TEGNER (MASKIN)
  • 7350125 - FORMANN (TEKNISK TEGNING)

Andre yrke

Industridesigner

Industridesignar

Industridesignarar utformar produkt, tenester, programvarer og system for privat næringsliv og offentleg sektor.
Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Webdesigner foran dataskjerm med kolleger i bakgrunnen.

Webdesignar

Som webdesignar lagar du internettsider og kan arbeide med både innhald og design.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Dataelektronikarar installerer, held ved like og reparerer elektronisk utstyr og elektroniske installasjonar.
Tanntekniker jobber med å lage tannerstatning.

Tanntekniker

Ein tannteknikar lagar tannerstatningar til pasientar som har mista eller skadde tennene sine.
Spillprogrammerer skriver kode.

Spelprogrammerar

Som speleprogrammerar utviklar du dataspel og interaktive opplevingar. Du lagar desse for ulike plattformer som PC, mobil, konsollar og VR/AR.
Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Byggingeniør

Bygg- og anleggsingeniøren speler ei sentral rolle i utgreiing, planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt, og fungerer ofte som leiar på byggjeplassar.
Mann testar spilldesign på Game Design Expo 2009.

Speldesignar

Ein speldesignar lagar dataspel.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Mann med briller sitter ved et bord med laptop og papirer

Teknisk forfattar

Tekniske forfattarar utarbeider bruksrettleiingar, handbøker, installasjonsrettleiing, katalogar og tekniske rapportar.