Gjennomgått i samarbeid med Westerdals institutt for film og medier, Høyskolen Kristiania 12. august 2025

Speldesignar

Ein speldesignar lagar dataspel.

Arbeidsoppgaver

Eit profesjonelt spel er laga av eit team beståande av speldesignarar, utviklarar og programmerarar. Oppgåva til speldesignaren er å beskriva og formidla idear slik at dei kan realiserast, ikkje ulikt ein regissør.

Yrkt speldesign ligg i grenseområdet mellom kunst, teknologi og leiing.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein speldesignar:

  • utvikla idear til nye spel
  • forklara ideane og diskutera dei med utviklarar og programmerarar
  • følgja opp arbeidet med spelet
  • testa ut spelet
  • følgja med på marknaden og trendar innan spelverda

Spilldesignere kan også jobba innanfor liknande område, som til dømes innan spillifisering og opplevingsdesign.

Spillifisering bruker spel-baserte mekanikkar, estetikk, design og speltenking til å engasjera folk, motivera handling, framme læring og evne til problemløysing. Opplevingsdesign inneber å designa produkt med fokus på erfaringane og kulturen til brukaren, slik at brukaren blir engasjert når han eller ho bruker produktet.

Spillifisering og opplevingsdesign blir også brukt stadig meir i andre medium enn spel, til dømes i mobiltelefonar, i undervisning, på TV og internett.

Vanlege yrkestitlar for speldesignarar kan vera system/economy design, gameplay scriptar/designar, content/level designar, art production manager/technical artist, technical/mechanics designar og QA (Quality Assessment)/Playtesting.

Kor jobbar speldesignarar?

Speldesignaren jobbar hovudsakleg i underhaldningsindustrien. Du kvalifiserer deg også for arbeid innan nærliggjande bransjar, som opplevingsdesign og produktdesign eller som prosessanalytikar.

Mange med utdanning innan speldesign arbeider med andre former for digital media- og interaksjonsdesign, til dømes innanfor mobiltelefoni, TV-produksjon og internett.

Sidan dette er ein forholdsvis liten, men veksande, industri i Noreg, må du vera open for ein internasjonal karriere.

Bli med ein speldesignar på jobb

Korleis er det å jobbe som speldesignar?

Mann med kort, mørkt hår og briller står foran en TV-skjerm på et kontor. Han har på seg en langermet genser i svart og grått. I bakgrunnen skimtes et felles kontorområde.

Spilldesigner

Ole Sivert Rød

– Hvert prosjekt gir nye utfordringer, og du må hele tiden lære nye metoder, spilltyper og sjangre. Det gjør at jeg alltid utvikler meg selv, og det liker jeg veldig godt, sier Ole.
En mann i mørkeblå t-skjorte og beige bukser. Han står foran et stort bilde. Han er i en bygning.

Spilldesigner

Lasse Bruun Iversen

Hvis du vil jobbe som spilldesigner må du være kreativ, kunne lytte til andre og være god til å observere, sier Lasse Bruun Iversen.

Viktige egenskaper for en speldesignar

Ein speldesignar må vera kreativ og ha interesse for teknologi. Du bør ha analytiske evner, for å kunna vurdera målgrupper, marknadspotensial og liknande, og vera god til å formidla. Som speldesignar må du både kunna arbeida sjølvstendig og saman med andre.

Kva tener speldesignarar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til speldesignar?

Speldesignarar kan ha svært ulik utdanningsbakgrunn. Mange er sjølvlærte eller har ei eller anna form for IT-utdanning. Det finst òg spesialiserte utdanningstilbod innan speldesign.

Sjå oversikt over relevante utdanningar

 

Kva for ei utdanning er vanlegast for speldesignarar?

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

  • 516432 - Fagskoleutdanning, 3D Art and Games Technology - Interactive 3D, toårig
  • 554141 - Fagskoleutdanning, spillutvikling, toårig
  • 7541 - Informasjons- og datateknologi
  • 6541 - Informasjons- og datateknologi
  • 516431 - Fagskoleutdanning, 3D Art and Games Technology – Content Creation
  • 516427 - Fagskoleutdanning, 3D Art and Games Technology – Content Creation, ettårig
  • 516428 - Fagskoleutdanning, 3D Art and Games Technology – Interactive 3D, ettårig
  • 516429 - Fagskoleutdanning, 3D Art and Games Technology, ettårig
  • 516414 - Fagskoleutdanning, 3D design og animasjon, ettårig.
  • 516420 - Fagskoleutdanning, 3D design, ettårig
  • 516422 - Fagskoleutdanning, 3D design, halvårig
  • 516411 - Fagskoleutdanning, 3D og animasjon, toårig
  • 516421 - Fagskoleutdanning, 3D spilldesign, toårig

Andre yrke

Webdesigner foran dataskjerm med kolleger i bakgrunnen.

Webdesignar

Som webdesignar lagar du internettsider og kan arbeide med både innhald og design.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Spillprogrammerer skriver kode.

Spelprogrammerar

Som speleprogrammerar utviklar du dataspel og interaktive opplevingar. Du lagar desse for ulike plattformer som PC, mobil, konsollar og VR/AR.
Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.
Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Industridesigner

Industridesignar

Industridesignarar utformar produkt, tenester, programvarer og system for privat næringsliv og offentleg sektor.
Mann med briller sitter ved et bord med laptop og papirer

Teknisk forfattar

Tekniske forfattarar utarbeider bruksrettleiingar, handbøker, installasjonsrettleiing, katalogar og tekniske rapportar.
En grafisk produksjonstekniner står ved en stor printer

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.
Ein mann reparerer en datamaskin.

IT-konsulent

Som IT-konsulent hjelper du verksemder med å utvikla, optimalisera og halda ved like IT-system.
En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
Børsemaker jobber med rifle

Børsemakar

Børsemakaren arbeider hovudsakleg med å reparere og tilpasse våpendelar og våpen.