Gjennomgått i samarbeid med Samfunnsviterne 21. januar 2025

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.

Arbeidsoppgaver

Sosiologar studerer forholdet mellom menneske. Sosiologen sitt arbeid går ut på å undersøke ulike sider av eit samfunn og korleis menneske formar samfunnet rundt seg.

Det finst mange ulike retningar innan sosiologi, og sosiologar spesialiserer seg gjerne innan ei eller fleire retningar.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein sosiolog:

  • skriva notat, rapportar og utgreiingar
  • samla inn, analysera og tolka statistiske data, og omarbeida dei for offentleg publisering
  • analysere korleis politiske avgjerder eller økonomisk utvikling påverkar samfunnet, sosiale relasjonar eller for individet
  • formulere og analysera alternative løysingar på samfunnsmessige/sosiale/individuelle utfordringar
  • prosjektarbeid og prosjektstyring
  • gjennomføre kvalitative undersøkingar, analysar og evalueringar
  • undervise studentar og drive forskings- og utviklingsarbeid

Nokre retningar innan sosiologi:

  • funksjonalisme – korleis handlingar og institusjonar har ei funksjon eller rolle i sosiale samanhengar
  • sosialpsykologi – korleis tankar, kjensler og åtferd blir påverka av andre
  • økonomisk sosiologi – handlar om økonomi og samfunn
  • politisk sosiologi – korleis kultur og andre sosiale strukturar påverkar politikken
  • arbeids- og velferdssosiologi
  • historisk sosiologi
  • mediesosiologi – undersøker korleis media påverkar samfunnet og menneskelege forhold
  • rettssosiologi – studerer korleis lover og rettssystem fungerer i samfunnet
  • kjønnssosiologi – kjønn og samfunn

Sosiologar er som regel ikkje tilsette som sosiologar, men kan arbeide som mellom anna saksbehandlarar, forskarar, prosjektleiarar og anna.

Dei sosiologiske forskingsmiljøa står mellom anna bak prosjekt innan norsk samfunnsvitskap, som Kvinneforskingsprogrammet og Levekårsundersøkingane.

Kor jobbar sosiologar?

Sosiologar finn du innan både privat og offentleg sektor. Døme på yrke kan vera forskar, rettleiar, informasjons- og kommunikasjonsmedarbeidar, rådgivar, politisk rådgivar, HR-rådgivar og prosjektkoordinator.

Korleis er det å jobbe som sosiolog?

Portrett av sosiolog Silje Bringsrud Fekjær

Sosiolog

Silje Bringsrud Fekjær

– De aller fleste sosiologer får seg jobb, men man får kanskje ikke akkurat den jobben man så for seg, forteller Silje.

Viktige egenskaper for en sosiolog

For å bli sosiolog må du vere glad i å tileigne deg teoretisk kunnskap. Du må vere samfunnsengasjert, nysgjerrig og ha analytisk evne.

Kva tener sosiologar?

Korleis utdannar du deg til sosiolog?

For å bli sosiolog kan du velje mellom ulike studieretningar innan samfunnsfag.

Kva jobbar sosiologiutdanna med?

  • 632102 - Bachelor, sosiologi, treårig
  • 732101 - Cand.philol.-utdanning, sosiologiske fag.
  • 732102 - Cand.polit.-utdanning, sosiologiske fag.
  • 732103 - Cand.sociol.-utdanning, sosiologiske fag.
  • 732105 - Hovedfagskandidat, sosiologi.
  • 732104 - Mag.art.-utdanning, sosiologiske fag.
  • 732106 - Master, sosiologi, toårig
  • 832101 - Dr.philos.-utdanning, sosiologiske fag
  • 632103 - Bachelor, kjønn, feminisme og likestilling, treårig
  • 632104 - Kjønn, feminisme og likestilling, lavere nivå
  • 632101 - Sosiologiske fag, lavere nivå
  • 832102 - Dr.polit.-utdanning, sosiologiske fag.
  • 832103 - Lic.philos.-utdanning, sosiologiske fag
  • 737907 - Master, rettssosiologi, toårig
  • 832104 - Ph.d.-program, sosiologi

Bedrifter: Kor jobbar sosiologar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med sosiologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2542103 - SOSIOLOG
  • 2542113 - RÅDGIVER (SOSIOLOGI)
  • 2542111 - PLANLEGGER (SOSIOLOGI)
  • 2542109 - FORSKNINGSASSISTENT (SOSIOLOGI, SOSIALANTROPOLOGI, SAMFUNNSGEOGRAFI OG STATSVITENSKAP)
  • 2542107 - SENIORRÅDGIVER (SAMFUNNSFAG/POLITIKK, PRIVAT VIRKSOMHET)
  • 2542106 - FORSKER (SOSIOLOGI, SOSIALANTROPOLOGI, SAMFUNNSGEOGRAFI OG STATSVITENSKAP)
  • 2519105 - TRENDFORSKER

Andre yrke

To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier arbeidet i ein redaksjon eller eit mediehus, og avgjer kva som skal publiserast. Redaktøren har det faglege, etiske og som hovudregel også rettslege ansvaret for innhaldet.
Illustrasjonsbilde av kontoransatte

Saksbehandlar

Som saksbehandlar arbeider du med å greie ut og svare på søknader, notat og andre skriv.
Rådgiver i offentlig sektor holder presentasjon.

Rådgivar i offentleg sektor

Rådgivar er ein av dei vanlegaste titlane for offentleg tilsette i Noreg.
Advokatsekretær på kontoret.

Advokatsekretær

Advokatsekretærar sørgjer for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.
Konfirmasjon i Vålerenga kyrkje med prest Einar Gelius.

Prest

Ein prest held gudstenester og har ansvar for kyrkjelege handlingar som vigslingar, konfirmasjon, dåp og gravferder. Presten knyter band mellom kyrkjelege handlingar og menneskes kvardag.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
En kvinne sitter jobber foran en pc

Samfunnsøkonom

Samfunnsøkonomar spår den økonomiske utviklinga og gir råd basert på dette.
Illustrasjonsbilde av Stortinget i Oslo.

Politikar

Politikarar jobbar mellom anna med fordeling av gode og plikter i samfunnet. Som politisk folkevalt er du med på å gjennomføra den politikken du og partiet ditt står for.
Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.