
Skodespelar
Som skodespelar jobbar du med innspelingar til film og TV eller på ein teaterscene. Du kan også opptre i høyrespel eller som stemme i dataspel.
Arbeidsoppgaver
Skodespelaren bruker kropp og stemme til å spele ei rolle for eit publikum.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein skodespelar:
- analysere manuset til teaterstykket eller filmen du jobbar med
- lære replikkar og scenar utanåt.
- sette seg inn i kjenslene og tankane til karakteren, for så å kunne uttrykke dette for publikum
- samhandle med instruktøren og dei andre skodespelarane og avgjere korleis du skal framføre rolla di
Hvor jobber skodespelarar ?
Dei fleste skodespelarar jobbar tar ulike oppdrag utan å ha ein fast arbeidsgivar. Det vanlegaste er at skodespelarane er engasjerte innanfor teater, film, reklame eller TV. Mange frilansarar jobbar med egne produksjonar.
Nokre skodespelarar jobbar ved institusjonsteater, der det kanskje mest kjente er Nationaltheatret i Oslo. Dei fleste regionane har eigne teater, som Hålogaland Teater i Tromsø, Trøndelag Teater i Trondheim, Den Nationale Scene i Bergen og Rogaland Teater i Stavanger. Mange skodespelarar er også engasjerte i frie teatergrupper som blir drivne av enkeltpersonar eller kompani.
Skodespelarar jobbar også med film- og TV-produksjonar i Noreg eller utlandet.
Skodespelaren kan også opptre berre med stemma – for eksempel i høyrespel på radio, i lydbøker, eller som stemme i teiknefilm, reklame eller dataspel.
Intervjuer

Skuespiller
Kim Jøran Olsen
Viktige egenskaper
Som skodespelar bør du vere utåtvend og ikkje redd for å opptre framfor eit publikum. Du bør ha talent, vere kreativ og ha evne til å setje deg inn i ulike roller. I tillegg til å kunne lese og fortolke litteratur, er det ofte ein fordel å kunne noko innanfor dans og song.
Skodespelaren bruker kroppen mykje, og det er ein fordel å vere i god fysisk form. Du må også takle uregelrett arbeidstid, sidan framføringar og innspelingar kan gå føre seg både på dag- og kveldstid.
Lønn
Utdanning
Det finst tilbod om skodespelarutdanning fleire stader i Noreg. Innhaldet i utdanninga kan variere frå studiestad til studiestad. Skodespelarutdanning er ofte svært praktisk retta, mens ei generell dramautdanning ofte er teoretisk og pedagogisk retta.
Ei rekke folkehøgskolar har eittårige teaterlinjer. Alle over 18 år kan søke på folkehøgskole, og nokre skolar tar også mot elevar under 18 år. Mange skolar i utlandet tilbyr også skodespelarutdanning. Det kan vere lurt å sjekke at utdanninga er godkjent av Lånekassen, og at ho fører fram til ein grad.
Merk at ikkje alle utdanningar kvalifiserer til medlemskap hos Norsk Skuespillerforbund.
Etter- og vidareutdanning
Kunsthøgskolen i Oslo tilbyr praktisk-pedagogisk vidareutdanning i teater for skodespelarar og regissørar. Fleire skolar i utlandet tilbyr mastergradar i skodespel.
De som jobber som skodespelarar har som oftest studert:
De vanligste jobbene blant teater- og filmutdanna
- 6152 - Teater- og filmutdanninger
- 415202 - Teaterskole, linje for skuespillere, treårig
Arbeidsmarked
Her finner du en oversikt over bedrifter som har stillinger i dette yrket eller lignende yrker. Dette kan være nyttig for den som leter etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplasser. Oversikten kan også være nyttig for skoler som vil finne bedrifter de kan samarbeide med.
Bedrifter med skodespelarar
Vigo
Informasjon om løpende lærekontrakter og godkjente lærebedrifter hentes fylkesvis fra Vigo. Alle landets fylker har inngått en driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert våre nettsider.
Vi henter nye data fra Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlinger og lærebedrifter hver natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi fra Nav sitt Arbeidsgiver- og arbeidstakerregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivere plikter å registrere sine ansatte i Aa-registeret, blant annet med riktig stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitler (STYRK-koder) å velge mellom. Noen yrker har mange detaljerte og dels overlappende underkategorier, eksempelvis rørleggere, og andre yrker mangler en egen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil forekomme noen unøyaktigheter og feilregistreringer.
Vi har knyttet flest mulig av Nav sine 9000 stillingstitler opp mot 600 yrkesbeskrivelser på Utdanning.no. Dette er en manuell prosess og feil kan forekomme. Vi jobber kontinuerlig med å kvalitetssikre disse koblingene og tar gjerne imot innspill.
Noen stillingstitler fra Aa-registeret er koblet til mer enn én yrkesbeskrivelse. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er for eksempel knyttet opp mot yrkene "Møbelsnekker", "Trevaresnekker" og "Industrisnekker". Om en legger sammen stillingstall for disse enkeltyrkene vil det samlede stillingstallet bli for høyt.
Vi innhenter nye data fra Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgenen den 13. i hver måned.
- 2555102 - SKUESPILLER
Andre yrke

Animatør

Bibliotekar

Dansar

Forfattar

Fotograf

Historikar

Illustratør

Lydteknikar

Musikar

Musikkpedagog

Omsetjar
