Salmakar
Ein salmakar lager, reparerer og held ved like selety og bilinteriør.
Arbeidsoppgaver
Ein salmakar produserer, reparerer og held ved like bilsete, selety, ridesalar, koffertar, vesker og liknande. Arbeidsoppgåvene avheng av kva for ein spesialisering salmakaren har.
Salmakaryrket inneber mest arbeid med skinn og lêr, men også kunstskinn, duk og lerret.
Vanlege arbeidsoppgåver for ulike salmakarar:
Seletymakaren eller hestesalmakaren
- reparerer, stoppar og tilpassar salar
- syr grimer og anna hesteutstyr
- gjev hesteeigarane råd om salar og selety
Bilsalmakaren
- stoppar, polstrar og trekkjer bilsete i veteranbilar, nye bilar, hestevognar, bussar, tog, fly og liknande
- syr puter, lause trekk og liknande
- lager salar til motorsyklar
Porteføljesalmakaren
- produserer og reparerer dokumentmapper, vesker og lommebøker av lêr og skinn
Somme salmakarar tek også på seg spesielle innreiingsoppdrag eller stoppar eller trekkjer om møblar.
Kor jobbar salmakarar?
Mange salmakarar driv eigne føretak som seletymakar eller bilsalmakar. Mange arbeider aleine eller har nokre få tilsette. Bilsalmakarar kan vere tilsette i køyretøy- og båtverkstader.
Korleis er det å jobbe som salmakar?
Salmaker
Maren Bertelsen Ulvedal
Viktige egenskaper for en salmakar
Som salmakar bør du ha praktiske evner og formsans. Kontakt med kundar er viktig, så gode kommunikasjonsferdigheiter og serviceinnstilling kjem godt med.
Kva tener salmakarar?
Korleis utdannar du deg til salmakar?
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Du kan ta meisterbrev i salmakarfaget. Les meir om meisterutdanning.
Kva jobbar salmakarutdanna med?
- 458217 - Salmakerfaget, Vg3
- 458201 - Salmakerfaget, Vg3 (gammel ordning)
Bedrifter: Kor jobbar salmakarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med salmakarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 7436106 - SALMAKER
- 7436104 - PORTEFØLJEMAKERMESTER
- 7436103 - SALMAKERMESTER