Gjennomgått i samarbeid med Norsk redaktørforening 28. november 2024

Redaktør

Ein redaktør leier arbeidet i ein redaksjon eller eit mediehus, og avgjer kva som skal publiserast. Redaktøren har det faglege, etiske og som hovudregel også rettslege ansvaret for innhaldet.

Arbeidsoppgaver

Redaktøren har ansvaret for alt innhald som blir publisert i mediet, også annonsane. Redaktøren kan delegera makta si til andre når det gjeld praktisk utføring av jobben, men kan aldri delegera det overordna ansvaret for innhaldet i mediet. 

Som redaktør er du bindeleddet mellom utgivaren, representert ved styret i mediebedrifta, og dei redaksjonelle medarbeidarane. Ingen andre enn redaktøren kan instruera redaksjonen.

Fridommen og ansvaret til redaktøren er frå 2020 regulert i ei eiga medieansvarslov, som gjeld for redaktørstyrte nyheits- og aktualitetsmedium.

Dei fleste redaktørstyrte medium har nokre føresegner om noko som formål mediet skal ha. Det er vanlegvis sett av utgivaren og redaktøren er forplikta til følgje det. Innanfor denne ramma, og resten av rammeverket utgivar trekkjer opp, leier redaktøren redaksjonen og bestemmer daglege prioriteringar og val av innhald. Redaktøren har også full fridom til å forma meiningane til mediet. Utgivar, eigar eller annan selskapsleiing kan ikkje instruera eller overprøva redaktøren i redaksjonelle spørsmål. 

 

Ein redaktør bør ha breie samfunnskunnskapar og også kunnskap om administrasjon og økonomi.

Vanlege arbeidsoppgåver for redaktørar: 

  • leia det redaksjonelle arbeidet 
  • utvikla strategiar og mål for mediet
  • ansvar for personalet i redaksjonen
  • rapportera til styret i mediet
  • i nokre tilfelle skal du også styra økonomien

I dei fleste seriøse, journalistiske medium utfører redaktøren sitt oppdrag med utgangspunkt i Redaktørplakaten. Plakaten handlar om pliktene og ansvara til redaktøren, og er ein avtale mellom Norsk Redaktørforening og Mediebedriftenes Landsforening (altså eigarane). 

Redaktørar kan ha ulike stillingsnemningar og ansvarsområde.

Ein sjefredaktør og ansvarleg redaktør er det same. Då er du øvste sjef og har det endelege ansvaret for det som blir publisert. Det er også mange underordna redaktørar til dømes nyheitsredaktør, sportsredaktør, kulturredaktør, politisk redaktør, administrativ redaktør eller utviklingsredaktør. Dei har alle ansvar for sine eigne område. 

Forlag kan også ha eigne forlagsredaktørar. Dei vel ut kva bøker forlaga skal gi ut. Dei les mykje manus og rettleier forfattarane i arbeidet mot ein publikasjon og marknadsføring av boka

Det er også vanleg at nettstader har eigen  ansvarleg redaktør, eller dei kan ha titlar som webredaktør eller nettredaktør.

Redaktør er ikkje ein beskytta tittel.

Kor jobbar redaktørar?

Redaktører jobber i ulike mediehus, som for eksempel papiraviser, nettaviser, nettsteder, TV, radio, magasiner, ukepresse og tidsskrifter. Også forlag har redaktører, kalt forlagsredaktør, men deres arbeid faller ikke under Redaktørplakaten eller medieansvarsloven

Bli med ein redaktør på jobb

Korleis er det å jobbe som redaktør?

En dame med langt hår og hvit bluse. Hun ser rett i kameraet og smiler.

Redaktør

Hilde Anette Ebbesvik

– Det er et stort ansvar som ligger på skuldrene mine, men det er veldig gøy og jeg får adrenalinkick av å ha denne jobben, sier Hilde Anette.
En kvinne kledd i oransje står utendørs med grønn natur som bakgrunn. Hun har lysebrunt, halvlangt bølgete hår og smiler til kameraet.

Redaktør

Trine Rasmussen

– Du må være en tydelig stemme og tørre å ta vanskelige valg, sier Trine.

Viktige egenskaper for en redaktør

Som redaktør bør du vera samfunnsinteressert, meiningssterk og god til å leia andre.

Kva tener redaktørar?

Korleis utdannar du deg til redaktør?

I prinsippet kan du bli redaktør same kva bakgrunn du har, men mange redaktørar i Noreg i dag har lang bakgrunn som underordna redaksjonsleiarar og som journalistar

Bedrifter: Kor jobbar redaktørar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med redaktørar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 1210129 - REDAKTØR (ØVERSTE LEDER -OVER 9 ANSATTE)
  • 2551103 - FORLAGSREDAKTØR
  • 3492114 - REPORTASJELEDER (RADIO OG FJERNSYN)
  • 3491146 - NYHETSLEDER (NETTAVIS)
  • 3491143 - BILDEREDAKTØR (FORLAG)
  • 3491140 - UTVIKLINGSSJEF (AVIS)
  • 3491139 - UTVIKLINGSLEDER (AVIS)
  • 3491137 - REPORTASJELEDER (AVIS)
  • 3491135 - REDAKSJONSSJEF (AVIS)
  • 3491133 - REDAKTØR (REDAKSJONSMEDLEM)
  • 3491132 - UTENRIKSREDAKTØR
  • 3491131 - SPORTSREDAKTØR
  • 3491130 - POLITISK REDAKTØR
  • 3491127 - WEB-REDAKTØR (DESIGN OG JOURNALISTIKK)
  • 3491126 - WEBREDAKTØR (DESIGN OG JOURNALISTIKK)
  • 3491125 - REDAKSJONSSEKRETÆR
  • 3491124 - DESKSJEF
  • 3491114 - NYHETSREDAKTØR
  • 3491113 - KULTURREDAKTØR
  • 2551106 - REDAKSJONSSJEF (FORLAG)
  • 1319118 - MAGASINREDAKTØR (FÆRRE ENN 10 ANSATTE - PRIVAT VIRKSOMHET)
  • 1312114 - REDAKTØR (ØVERSTE LEDER - FÆRRE ENN 10 ANSATTE - PRIVAT VIRKSOMHET)
  • 1312113 - MAGASINREDAKTØR (ØVERSTE LEDER - FÆRRE ENN 10 ANSATTE - PRIVAT VIRKSOMHET)
  • 1312102 - SJEFREDAKTØR (ØVERSTE LEDER - FÆRRE ENN 10 ANSATTE - PRIVAT VIRKSOMHET)
  • 1239113 - DESIGNSJEF
  • 1239111 - PROGRAMREDAKTØR (RADIO/FJERNSYN)
  • 1229111 - NYHETSSJEF (RADIO OG FJERNSYN)
  • 1229104 - PROGRAMSJEF (RADIO OG FJERNSYN)
  • 1210182 - MAGASINREDAKTØR (ØVERSTE LEDER - OVER 9 ANSATTE)
  • 1210132 - SJEFREDAKTØR (ØVERSTE LEDER - OVER 9 ANSATTE)
  • 1210124 - FORLAGSSJEF
  • 3491145 - PRODUKTSJEF (FORLAG)
  • 1236110 - PROGRAMMERINGSSJEF (RADIO/FJERNSYN)
  • 3492109 - PROGRAMKOORDINATOR (RADIO OG FJERNSYN)
  • 1210107 - KRINGKASTINGSSJEF

Andre yrke

To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
En jente og en gutt snakker sammen ute på gata.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.
Illustrasjonsbilde av Stortinget i Oslo.

Politikar

Politikarar jobbar mellom anna med fordeling av gode og plikter i samfunnet. Som politisk folkevalt er du med på å gjennomføra den politikken du og partiet ditt står for.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Rådgiver i offentlig sektor holder presentasjon.

Rådgivar i offentleg sektor

Rådgivar er ein av dei vanlegaste titlane for offentleg tilsette i Noreg.
Illustrasjonsbilde av kontoransatte

Saksbehandlar

Som saksbehandlar arbeider du med å greie ut og svare på søknader, notat og andre skriv.
En dame sitter foran en PC, foran skjermen ligger en åpen bok med tekst

Omsetjar

Omsetjarar omset skrifter frå eit språk til eit anna.
En kvinne sitter jobber foran en pc

Samfunnsøkonom

Samfunnsøkonomar spår den økonomiske utviklinga og gir råd basert på dette.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
Kommunikasjonsrådgiver i møte.

Kommunikasjonsrådgjevar

Ein kommunikasjonsrådgivar har ansvaret for å kommunisera bodskapen i bedrifta gjennom sosiale medium, nettsider, pressa og andre typar media.