Portrettfoto av redaktør Eveline Røsholt-Hanssen, avbilda frå brystet og opp, iført lys bluse.

YrkesintervjuRedaktør favoritt ikon

Når ein jobbar med nyheiter veit ein aldri korleis dagen vil bli. Nettopp det uføreseielege er det redaktør Eveline Røsholt-Hanssen liker best med jobben sin.

Eveline Røsholt-Hanssen
27 år
Redaktør/frontsjef
Sandefjords Blad

Kvifor valde du dette yrket?    

– Eg begynte som journalist og gjekk vidare til redaktør derfrå. Journalistikk valde eg fordi eg alltid har likt å skrive og vore opptatt av menneske. Eigentleg ville eg jobbe med magasinjournalistikk, men etter eit sommarvikariat i Tønsbergs Blad fann eg ut at eg likte godt å jobbe med nyheiter. Det er travelt, og ein veit aldri kva som dukkar opp i løpet av ein dag. Akkurat det fall eg for. 

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?    

– Medan ein journalist har fokus på sine eigne saker, er det viktig for meg som redaktør å tenke heilskapleg, slik at vi får den rette miksen av saker å tilby lesarane våre. I tillegg har eg ansvar for å rettleie journalistane i utforminga av sakene, slik at dei skal treffe lesarane best mogleg. Eg skal også kontrollere at alt av etiske omsyn er tatt før saka blir publisert.   

Korleis dagen ser ut, kjem an på om eg har morgonvakt eller kveldsvakt. Morgonvakta er frå klokka seks til klokka 15. Då er eg førstemann på jobb og sjekkar om det har skjedd noko i løpet av natta. Eg sjekkar Twitter-kontoane til politiet og brannvesenet, tipsmailen, og om det er noko frå NTB, eller andre aviser i same konsern som vi kan bruke. Vi har alltid ein sak med tidsstyrt publisering klokka halv seks. Eg sjekkar at den ser bra ut og får den ut på Facebook. Deretter lagar eg nyheitsbrev, kor eg vel ut nokre nyheitssaker som eg tenker at lesarane har interesse av. Ikkje lenge etter at eg er på plass, dukkar nyheitsredaktøren opp, som har eit endå meir overordna ansvar for nyheitspubliseringa. Vi snakkar om dagen, og om kva for nokre saker vi kjem til å lande. Dersom lesarane ikkje responderer på den første saka vi har lagt ut, legg eg ut andre saker. 

Klokka 8 er det morgonmøte, kor journalistane går gjennom kva dei planlegg for dagen. Vi evaluerer også gårsdagen, og går gjennom lesartal og kven vi har nådd. 

Utover dagen har eg fokus på å halde oppe gode lesartal på nett, legge ut saker, lese gjennom saker som er komme inn og foreslå endringar, og å coache journalistane i korleis dei kan løyse saker. Eg svarer også på tipstelefonen. 

Kveldsvakta er frå 14.45 til 23. Her er oppgåvene mykje av dei same, men då begynner vi ofte med å sikre at det som skal til papiravisa, kjem inn. Eg skriv også saker innimellom, dersom det trengst. Som redaktør og frontsjef jobbar eg ei veke dagvakt, ei veke kveldsvakt og helgevakt, etterfølgt av ei friveke. Eg har i hovudsak ansvar for nett, men må også hjelpe til med å ferdigstille papiravisa. 

redaktor3.jpg

Redaktør Eveline Røsholt-Hanssen ståande ved ein kollega sin arbeidspult. Ho rekk han eit papir, som han tek imot.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?    

– Eg har bachelor i journalistikk og ei mastergrad i marknadsføring. Journalistutdanninga er veldig praktisk, og du lærer mykje om kva jobben går ut på. Marknadsføringsutdanninga har gitt meg mykje kunnskap om eit anna felt, som alltid er nyttig når ein jobbar med journalistikk. I tillegg dreier mykje av jobben min seg om tal og analyse, så marknadsføring har blitt meir relevant enn eg kanskje trudde. 

Du må ikkje ha journalistutdanning for å bli ein god journalist eller redaktør, og mange har ein heilt annan utdanningsbakgrunn. Du kan for eksempel lære faget gjennom å frilanse for ei lokalavis. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?   

– Det viktigaste er at du forstår kva som er ei god sak, at du har nyheitsteft. Du må ha eit godt språk, for det bør ikkje vere skrivefeil på framsida og du skal kunne luke ut feil frå journalistane sine tekstar. Så må du vere god på multitasking, for det er til tider mykje som skjer på ein gong. Då må du klare å halde hovudet kaldt og prioritere kva som er viktigast. Det er også viktig å vere interessert i menneske, for vi treff mykje folk og må kunne klare å forstå dei. 

Kven passar ikkje dette yrket for?   

– Viss du er veldig sjenert og synest det er skummelt å prate med folk, må du vere veldig mykje utanfor komfortsona din i denne jobben. Blir du lett stressa, er det heller ikkje ein jobb for deg. Du bør heller ikkje vere perfeksjonist – med det leveringspresset som er må du akseptere at ting er «godt nok». Elles trur eg det er rom for mange ulike personlegdomar. Vi er veldig samansette i redaksjonen vår, og det gjer at vi utfyller kvarandre godt.

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Eg liker det uføreseielege – det er veldig spennande at ein aldri veit kva som dukkar opp i løpet av arbeidsdagen. Samtidig har du moglegheit til å forme din eigen dag, gjennom å komme med eigne idear. 

I tillegg liker eg veldig godt alle menneska og skjebnane vi får bli betre kjent med.

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Det må vere folk som tar kontakt og forventar at vi berre skal lage gratis reklame, og ikkje forstår kva ei avis driv med. Turnusarbeidet kan også vere litt usosialt den veka du jobbar kveld, så det må du vere forberedt på. Når du jobbar i avis, må du forvente å jobbe når andre har fri. Eg synest likevel det går greitt. 

redaktor1.jpg

Redaktør Eveline Røsholt-Hanssen, sittande ved ein arbeidspult føre to skjermar, med oversikt over avisas aktivitetar på nett.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?    

– Det finst mange ulike tidsskrift du kan jobbe i. Mange går over i kommunikasjonsbransjen, og jobbar for eksempel med å styre kommunikasjonen i bedrifter. Mange går også over til å jobbe med innhaldsmarknadsføring. 

Så er det jo ulike typar redaktørar – du har for eksempel nyheitsredaktørar, som bestemmer enda meir av prioriteringa, og ansvarlege redaktørar, som også ofte er dagleg leiar for mediehuset. 

I tillegg blir nokre forfattarar, for du bruker mange av dei same arbeidsmetodane. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?    

– Redaktørar tener som regel mellom 600 000 og ein million kroner i året, litt avhengig av størrelsen på mediehuset.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?    

– Eg trur sjansane er ganske gode, særleg innan lokalpressa. Vi ser faktisk no at vi må konkurrere om folk, og vi har utlyst fleire journalist- og redaktørstillingar dei siste åra. 

Lokalavisene gjer det godt  folk liker å lese om det som skjer der dei bur. I riksmedia verkar det som det er større grad av midlertidige stillingar.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Det viktigaste er at du forstår kva som er ei god sak, at du har nyheitsteft.
    • Når du jobbar i avis, må du forvente å jobbe når andre har fri.
    • Det er også viktig å vere interessert i menneske, for vi treff mykje folk og må kunne klare å forstå dei. 

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser