Gjennomgått i samarbeid med PF Politihøgskolen 07. oktober 2025

Politibetjent

Politibetjentar jobbar for å skapa tryggleik i samfunnet, og kan arbeida med alt frå patruljering og ordensteneste til etterforsking.

Arbeidsoppgaver

Politiet skal halde orden i samfunnet og hjelpe til ved ulukker og farlege situasjonar. Dei skal òg førebyggje kriminalitet og hindre at ulukker skjer.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein politibetjent:

  • ta vare på lova ved arrestasjonar og nøye etterforskingsarbeid og bevisinnsamling
  • fartskontrollar og andre typar kontrollar av biltrafikk (som alkoholtestar)
  • patruljering i bygater og bustadstrøk
  • utrykking når det skjer ulykker
  • førebygging av kriminalitet

Politiet handterer sikkerheita rundt kongefamilien og dei mest profilerte politikarane våre. Dei har sin eigen antiterrorstyrke som skal handtera terror på norsk jord. Norsk politi har òg oppgåver i utlandet, og blir brukt til å utdanna og trena opp politistyrkar i andre land. 

Nasjonale eksperteiningar

Som politi er det mange moglegheiter for spesialisering. Politiet har eigne eksperteiningar med nasjonalt ansvar for fagområda sine.

Økokrim: Eininga til politiet for etterforsking av økonomisk kriminalitet. 

Kripos: Eininga for bekjempelse av organisert og annan alvorleg kriminalitet. 

Utrykkingspolitiet: Skal bidra til trafikktryggleik på vegane.

Utlendingsenheten: Jobbar med asylsøkarar som kjem til Noreg og uttransportering av folk som ikkje skal vera her.

Mange nyutdanna politibetjentar startar si karriere på einingar for etterforsking, som etterforskar

Som politibetjent vil du samarbeide tett med andre yrkesgrupper, deriblant politijuristar, advokatar og helsepersonell.

Kor jobbar politibetjentar?

Dei fleste politifolk held fram i politietaten. Seinare går mange over til etterforsking eller andre fagområde i politiet.

Politifolk har mange moglegheiter utanfor politiet. Dei kan etterforske svindel i forsikringsselskap eller undersøkje trygde- og skattesvindel i Nav og skatteetaten. Bankar og advokatfirma tilset òg tidlegare politifolk. Nokre vel å jobbe med tryggleik på oljeplattformer og flyplassar, medan andre blir privatetterforskarar.

Bli med ein politibetjent på jobb

Korleis er det å jobbe som politibetjent?

Mann i politiuniform med lyseblå skjorte, svarte skulderklaffer med gule stjerner. Han ser rett i kameraet.

Politibetjent

Åsmund Hutcheson Fiskvik

– Jeg bruker blant annet gaming som en arbeidsmetodikk for å nå ut til unge og unge voksne, en gruppe vi tidligere har hatt utfordringer med å komme i kontakt med, sier Åsmund.
Ei dame i politiuniform

Politibetjent

Stine Bekken

– Vi er vanlige mennesker, som går i uniform, og er politi fordi vi ønsker å hjelpe andre, sier Stine.

Viktige egenskaper for en politibetjent

Som politibetjent må du vere open, modig og handlekraftig. Du må kunne analysere situasjonar, vise integritet og samarbeide godt med andre.

Kva tener politibetjentar?

Korleis utdannar du deg til politibetjent?

Politiutdanninga i Noreg er ei treårig yrkesutdanning som blir tilboden ved Politihøgskolen. Du går eitt år på skule før du tar eitt år i praksis i eit politi- eller lensmannsdistrikt. Det siste året er du tilbake på skulen. Studiet gir deg ein bachelorgrad.

Opptakskrav

Politihøgskolen har ei rekke formelle opptakskrav som søkaren må oppfylla:

  • norsk statsborgarskap
  • plettfri vandel
  • generell studiekompetanse
  • førarkort klassa B
  • karakterkrav i norsk
  • medisinske krav
  • fysiske krav
  • bli funnen eigna

Sjå informasjon om opptakskrav hos politihogskolen.no

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Politihøgskolen har eit omfattande etterutdanningstilbod, mellom dei moglegheita for å ta mastergrad. Vidareutdanningskursane ved Politihøgskolen varierer frå år til år. Gjennomgåande er temaa for vidareutdanningstilboda operative disiplinar, etterforsking, leiing og organisasjonsutvikling og pedagogikk.

Sjå informasjon om etterutdanning på politihogskolen.no

 

Kva jobbar politihøgskoleutdanna med?

  • 682303 - Bachelor, politiutdanning, treårig grunnutdanning
  • 682304 - Videreutdanning, Politihøgskolen
  • 682301 - Politiaspirantutdanning.
  • 782302 - Master, etterforskning, 1½-årig
  • 782301 - Master, politivitenskap, toårig
  • 682302 - Politihøgskole, treårig grunnutdanning.

Bedrifter: Kor jobbar politibetjentar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med politibetjentar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3450105 - POLITIBETJENT
  • 3450106 - POLITIOVERBETJENT
  • 3450101 - POLITIFØRSTEBETJENT
  • 3450109 - POLITITJENESTEMANN
  • 3450108 - POLITIOVERKONSTABEL
  • 3450107 - POLITIKONSTABEL
  • 3450104 - LENSMANNSFULLMEKTIG
  • 3450103 - LENSMANNSFØRSTEBETJENT
  • 3450102 - LENSMANNSBETJENT

Andre yrke

To politimenn står foran en politibil.

Politi

I politi- og påtalemyndigheita finst det ei rekkje yrkesvegar.
Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.
Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.
Obduksjonstekniker kledd med plastfrakk og munnbund

Obduksjonsteknikar

Obduksjonsteknikaren utfører obduksjonar og steller lik.
Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Barnevernspedagog snakker med barn.

Barnevernspedagog

Barnevernspedagogar førebyggjer, løyser konfliktar og gir omsorg til barn og unge.
En kvinnelig fengselsbetjent i uniform står ute og snakker med en mannlig innsatt i oransje klær.

Fengselsbetjent

Som fengselsbetjent har du ansvaret for å følge opp, rettleie og motivere menneske som sonar ei fengselsstraff.
En eldre kvinne i en terapitime

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom jobbar du for å forbetra evna menneske har til å fungera fysisk, psykisk og sosialt.
Vekter går på patrulje på kvelden

Vektar

Jobben til vektaren og/eller tryggleiksmedarbeidaren er å skape tryggleik gjennom å førebygge ulukker og lovbrot.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.
Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Byggingeniør

Bygg- og anleggsingeniøren speler ei sentral rolle i utgreiing, planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt, og fungerer ofte som leiar på byggjeplassar.