Gjennomgått i samarbeid med Pilot Flight Academy 28. november 2023

Pilot

Ein pi­lot fø­rer eit fly, he­li­kop­ter eller ubemanna fly (dronar), og kan ar­bei­de både i sivil luft­fart og i Forsvaret.

Arbeidsoppgaver

Pilotar (flygarar) kan arbeide som:

  • pilot i fly eller helikopter i sivil luftfart
  • pilot i jagarfly, spesialfly, transportfly eller helikopter i Forsvaret
  • pilot av ubemanna fly (dronar). Bruken av desse er aukande i det offentlege, i næringslivet og i Forsvaret.

I passasjerfly består besetninga vanlegvis av ein kaptein og ein styrmann, i tillegg til kabinpersonalet som tek seg av passasjerane. 

Som kaptein er du sjef i flyet og har ansvar for mannskap, passasjerar og last. Kapteinen har ansvar for at flyet fungerer slik det skal, og for at flyginga går føre seg etter sikkerheitsreglane. Styrmannen er nestkommanderande og avløyser kapteinen ved behov.

Ved andre typar flygingar, som for eksempel redningsoppdrag, kan det også vere med lege, redningspersonell eller andre spesialistar. 

Vanlege arbeidsoppgåver kan vere

  • Kapteinen og styrmannen lagar reiseplanen saman. Denne inkluderer ein plan for flyhastigheit, høgde og tid. 
  • På ein vanleg tur flyg ofte éin pilot, mens den andre overvaker flyginga. 
  • Den som overvaker har kontakt med flygeleiarar, passar på drivstoff og kontrollerer brytarane og spakane. 
  • Kapteinen har alltid hovudansvaret.

Pilotar må gå til jamleg legekontroll, litt avhengig av alder. Dei må også trene regelmessig på flysimulator. Sidan engelsk blir brukt som arbeidsspråk må pilotar kunne snakke og forstå engelsk svært godt. 

 

Kor jobbar pi­lo­tar?

Pilotar kan jobbe i flyselskap som flyg rutetrafikk og charterturar, både i Noreg og til utlandet. 

Andre er tilsett i selskap som driv med flyfrakt, ambulanseteneste, søk og redning, brannsløkking, taxiflyging, flyfotografering og inspeksjonsoppdrag.

Nokre pilotar arbeider med helikoptertransport tilknytt olje- og gassindustrien, eller helikopterløft og spesialoppdrag i innlandet.

Forsvaret har pilotar som flyg jagarfly, store og små transportfly, rekognoseringsfly og helikopter.

Ny teknologi og bruk av dronar har skapt fleire jobbar, for eksempel innan redning og naudhjelp, inspeksjonar, fotografering og små løfteoppdrag. 

Bli med ein pilot på jobb

Korleis er det å jobbe som pilot?

En mann i rød pilot-uniform. Han er i et fly.

Pilot

Kristian Bergesen

– Jeg har barndomsdrømmen min som yrke. Jobben min gir virkelig mening og utgjør en forskjell i folks hverdag, forteller Kristian.

Viktige egenskaper for en pilot

For å bli pilot må du vere i god form, både fysisk og mentalt. Du må vere motivert, og klare å halde hovudet kaldt i stressande situasjonar. Pilotar må kunne vurdere risiko i situasjonar raskt, og ta riktige avgjerder. I tillegg er det viktig å kunne samarbeide godt, og kommunisere tydeleg. 

 

Kva tener pi­lo­tar?

Korleis utdannar du deg til pilot?

Du kan bli pilot ved å ta bachelor i luftfartsfag ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Her må du ikkje betale for utdanninga sjølv.

Du kan også ta sivil utdanning ved private fagskolar. Privat utdanning betaler du sjølv. Nokre private skolar er godkjende og gir rett til delfinansiering frå Lånekassen. 

Utdanning i utlandet 
Du kan ta utdanning i andre europeiske land, og dessutan USA, og få utdanninga godkjend i Noreg. Obs: Ikkje alle utdanningar kvalifiserer for godkjenning i Noreg.

Militær utdanning
Utdanninga i Luftforsvaret går føre seg i Noreg og USA. Du får lønn under utdanninga og dei som fullfører får fast jobb som flygar i Luftforsvaret. Med ein militær flygarutdanning bind du deg for cirka 15 år i Luftforsvaret, inkludert to-tre års utdanning.

Opptakskrav
Opptakskrava varierer frå skole til skole.

Skal du utdanne deg til yrkesflygar vil krava vere strengare enn om du utdannar deg til privatflygar. Det blir også stilt krav til fysisk og psykisk helse, og du må vise medisinsk bevis klasse 1. Du må også ha plettfri vandel. 

For å bli vurdert som søkjar i Luftforsvaret må du vere mellom 18 og 22 år (24 år for personar med fullført befalsskole).

Les meir om medisinske krav i luftfarten på Luftfartstilsynets nettside

 

Videreutdanning

Et­ter- og vi­da­re­ut­dan­ning

Pi­lo­tar kan, ba­sert på opp­nåd­de kva­li­fi­ka­sjo­nar, hei­le tida opp­gra­de­re seg for andre fly­ty­par.

Kva for ei utdanning er vanlegast for pi­lo­tar?

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

  • 581201 - Flygerutdanning, treårig
  • 581299 - Luftfartsfag, uspesifiserte, påbygging til videregående utdanning
  • 481201 - Flygerutdanning
  • 581202 - Fagskoleutdanning, flygerutdanning
  • 681203 - Bachelor, luftfartsfag, treårig
  • 581203 - Fagskoleutdanning, trafikkflyger – fly, toårig

Bedrifter: Kor jobbar pi­lo­tar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med pi­lo­tar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3143110 - TRAFIKKFLYGER
  • 3143109 - FLYSTYRMANN
  • 3143108 - FLYKAPTEIN
  • 3143107 - PILOT (LUFTFART)
  • 3143102 - FLYGER
  • 3143101 - ANNENFLYGER
  • 3143105 - SJEKKFLYGER
  • 3143106 - KONTROLLFLYGER

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

En AFIS-fullmektig gir informasjon til luftfartøy på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Los på losbåten.

Lós

Ein lós er ein navigatør som leier skip gjennom norske farvatn.
Kabinansatt og passasjerer.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.
Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Ein maritim elektrikar jobbar med drift og vedlikehald på elektriske anlegg, komponentar og instrument på skip.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Vekter går på patrulje på kvelden

Vektar

Jobben til vektaren og/eller tryggleiksmedarbeidaren er å skape tryggleik gjennom å førebygge ulukker og lovbrot.
Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.

Overstyrmann

Som overstyrmann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.
Konduktør

Konduktør

Ein konduktør er ansvarleg for togpassasjeranes sikkerheit om bord i toget og ved av- og påstiging.
En styrmann i uniform jobber med navigering inne på dekk.

Styrmann

Som styrmann jobbar du på eit passasjerskip eller eit handelsskip, innanlands eller utanlands. Du har eit stort ansvar, blant anna for navigasjon og lasteoperasjoner.
En skipsmotormekaniker, også kalt motormann, inspiserer motorrommet

Skipsmotormekanikar

Ein skipsmotormekanikar held ved like og reparerer skipets motorar og andre mekaniske delar.