Pianostemmar
Ein pianostemmar utfører stemming og vedlikehald av piano og flygel.
Arbeidsoppgaver
Musikkinstrument må stemmast for å gi dei rette tonane, og når piano eller flygel skal stemmast, trengst det ein pianostemmar. Som pianostemmar har du ferdigheiter innanfor stemming, regulering og intonering av piano og flygel.
Du har kunnskap om pianoteknikk, og kjennskap til både tradisjonelle og nye arbeidsmetodar, teknikkar og verktøy. Du har også kjennskap til produksjon av piano og flygel.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein pianostemmar:
- stemming og regulering av flygel og piano
- intonering (justering)
- feilsøking og rådgiving, blant anna om val og plassering av piano
- skifting av slitte delar
- gje prisoverslag på reparasjonskostnader
Ein del av kvardagen til pianostemmaren omfattar også administrative oppgåver, vurdering av instrument og marknadsføring av eiga verksemd. Nokre pianostemmarar utfører også overflatebehandling som voksing, polering og lakking, slik at dei kan tilby kundane totalløysingar ved restaurering av gamle piano og flygel.
Kor jobbar pianostemmarar?
Pianostemmaren er oftast sjølvstendig næringsdrivande, og kan få oppdrag i heile musikk- og kulturlivet. Oppdraga kan gå føre seg i private heimar, ved institusjonar, på verkstader eller i pianoforretningar.
Korleis er det å jobbe som pianostemmar?
Pianostemmer
Helge Johansen
Pianostemmer
Kristine Aukner
Viktige egenskaper for en pianostemmar
Som pianostemmar bør du ha god høyrsel og musikalsk gehør. Pianostemmaren må vere fingernæm, tolmodig og nøyaktig. Kundekontakt krev at du er serviceinnstilt.
Kva tener pianostemmarar?
For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.
Korleis utdannar du deg til pianostemmar?
Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.
Norges musikkhøgskole tilbyr også pianostemmerutdanning på bachelornivå.
Kva jobbar pianostemmarutdanna med?
- 615126 - Høgskolekandidat, pianostemmer, toårig
- 458314 - Pianostemming og pianoteknikk, Vg3
Bedrifter: Kor jobbar pianostemmarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med pianostemmarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 7312112 - PIANOSTEMMER
- 7312107 - STEMMER
- 7312106 - ORGELSTEMMER