Ortoped
Ein ortoped er ein lege som førebygger og behandlar sjukdommar og skadar i musklar og skjelett.
Arbeidsoppgaver
Ein ortoped er ein lege med spesialisering innan ortopedisk kirurgi.
Ortopedi er eit stort kompetansefelt med behandling av sjukdommar og skadar i musklar og skjelett for både barn og vaksne. Det kan dreia seg om mellom anna brotskadar, slitasjeskadar, skadar i sene- og muskelapparatet eller svulstar.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein ortoped:
- gjennomføra behandling og legga til rette for at skadar og sjukdommar i musklar og skjelett skal lækjast
- behandlinga kan vera kirurgisk eller ikkje-operativ
- behandlinga kan òg vera gjennom bruk av hjelpemiddel, til dømes protesar, for å gjera pasientane mest mogleg sjølvhjelpne i kvardagen
- ortopedar behandlar både akutte skadar og kroniske lidingar.
I tillegg til at ortopedi har innslag frå mange medisinske kompetanseområde, samarbeider ortopeden nært med ei rekke andre yrkesgrupper som fysioterapeutar, ortopediingeniørar, fysikalske medisinarar, sosionomar og instansar som NAV.
Yrkestittelen kan òg vere ortopedisk kirurg.
Kor jobbar ortopedar?
Arbeidet som ortoped blir utført som oftast på sjukehus, i spesialisthelsetenesta eller i privat praksis.
Korleis er det å jobbe som ortoped?
Ortoped
Kristian Bjørgul
Viktige egenskaper for en ortoped
Som lege må du vera interessert i å hjelpa menneske og ha evna til å sjå kvar pasient som eit individ. Du må ha gode kommunikasjonsevner, vera flink til å lytta og ha gode samarbeids- og formidlingsevner. Som ortopedisk kirurg må du ha særskilt gode praktiske evner. Du må kunna reagera raskt i krisesituasjonar, og alltid kunne ha overblikk over situasjonen.
Kva tener ortopedar?
Korleis utdannar du deg til ortoped?
Legespesialiseringa byrjar etter at du er ferdig med medisinstudiet og har fått autorisasjon som lege. I praksis vil alle nyutdanna legar fortsetja i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i minst seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvanna år. Han består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune.
Dei neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt. Dei fleste finn ut kva slags spesialist dei vil bli når dei går på medisinstudiet, og mange byte òg spesialisering undervegs i spesialistutdanninga. Spesialistutdanninga føregår medan du jobbar som lege.
Kva jobbar medisinutdanna med?
- 763106 - Fagprøven for leger utdannet utenfor EU/EØS og Sveits
- 763102 - Utenlandsleger, tilleggskurs
- 763101 - Cand.med.-utdanning
- 763235 - Ortopedisk kirurgi, spesialistutdanning for leger
Bedrifter: Kor jobbar ortopedar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med ortopedar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2221114 - ORTOPED