Gjennomgått i samarbeid med Norges Optikerforbund 17. januar 2025

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.

Arbeidsoppgaver

Ein optikar er ein person som arbeider med synsundersøkingar og hjelper folk til å kunne nytta synet sitt gjennom heile livet.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein optikar:

  • utføre synsundersøkingar og avdekke synsfeil
  • tilrå hjelpemiddel som briller og kontaktlinser
  • gi synstrening og følge opp syn og augehelse
  • gi råd og rettleiing om syn og augehelse
  • vise til anna helsepersonell ved mistanke om augesjukdomar

I Norge er yrkestittelen optikar verna. Etter fullført utdanning må ein som optikar søke autorisasjon frå Helsedirektoratet for å kunne praktisere i yrket.

Som autorisert optikar må du utføre arbeidsoppgåvene dine på ein forsvarleg og sjølvstendig måte. Dette krev ein høg fagleg og etisk standard. Optikaren må også halde seg oppdatert på fagområdet.

Kor jobbar optikarar?

Dei fleste optikarar arbeider i optikarbutikkar, på augeavdelingar ved sjukehus og hjelpemiddelsentralar for synshemma. Nokre jobbar hos ulike leverandørar av briller, kontaktlinser eller anna utstyr. Dei siste åra har fleire optikarar begynt å arbeide med augelegar på private klinikkar. Det er òg mogleg å jobbe med synsforsking og utdanning.

Korleis er det å jobbe som optikar?

En mann med blondt hår, midtskille og svart poloskjorte med korte ermer smiler. Bakgrunnen er en grå vegg.

Optiker

Jonas Kleivnes

– Synet er en helt sentral sans i hverdagen, og det å kunne gjøre en forskjell for folk er utrolig givende, sier Jonas.
Portrettfoto av en kvinne med langt brunt hår som smiler til kamera. Hun står foran en hvit vegg, og er ikledd hvit skjorte og svart blazer.

Optiker

Anja Veslemøy Elstad

Anja Veslemøy Elstad syntes hun fikk god hjelp av optiker da hun var ungdom, og det gav henne lysten til å hjelpe andre med synet sitt.

Viktige egenskaper for en optikar

Ein optikar må vere oppteken av helse, omsorg og service. Du må òg vere nøyaktig og ha teknisk forståing.

Kva tener optikarar?

Korleis utdannar du deg til optikar?

Høgskolen i Sørøst-Norge er den einaste høgskolen som tilbyr optometri. Studiet gir ei bachelorgrad, attpå offentleg godkjenning som optikar.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Etter bachelor i optometri kan du ta ei mastergrad i klinisk optometri eller ei grad i synsvitskap. 

Kva jobbar optikarutdanna med?

  • 655304 - Bachelor, optikk, treårig
  • 655302 - Høgskoleingeniørutdanning, optikk, treårig.
  • 655301 - Ingeniørutdanning, optikk, toårig.

Bedrifter: Kor jobbar optikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med optikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3224120 - OPTIKER

Andre yrke

En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.
En hånd med en plasthanske, holder en kirurgisk saks.

Operasjonssjukepleiar

Ein operasjonssjukepleiar har spesiell kompetanse i kirurgi, hygiene og omsorg. Operasjonssjukepleiaren er alltid til stades når pasientar blir operert.
Nevrosykepleiere i samtale

Nevrosjukepleiar

Ein nevrosjukepleiar har spesialisering innanfor behandling av sjukdommar i hjernen og nervesystemet.
Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Fiskehelsebiolog sjekker tank med fisk

Fiskehelsebiolog

Som fiskehelsebiolog jobbar du med varetaking av fiskehelse og fiskevelferd.
Mannlig sykepleier undersøker pasient mens kvinnelig sykepleier står ved siden av og ser på.

Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiarar arbeider med kreftsjuke pasientar og deira pårørande.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Tannlege polerer tennene til en pasient, mens en tannhelsesekretær holder et beger med slipepasta som brukes i poleringen.

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar protesar og andre ortopediske hjelpemiddel.

Relaterte lenker