Gjennomgått i samarbeid med Tekna 09. januar 2025

Nettverksteknikar

Ein nettverksteknikar har ansvar for å drifta, halda ved like og forbetra datanettverk.

Arbeidsoppgaver

Som nettverksteknikar må du ha fokus på å sikra stabil drift, høg yting og solid nettverkstryggleik. Du må handtera både tekniske utfordringar og kommunikasjon med kundar, kollegaer og leverandørar for å sikra at nettverksløysingane fungerer optimalt.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein nettverksteknikar:

  • planlegging og installasjon: forma ut og setja opp nettverksløysingar, inkludert maskinvare og tilkoplingar
  • konfigurasjon og feilsøking: endre og tilpassa nettverksinnstillingar ved oppdateringar i serverar, skytenester eller infrastruktur
  • tryggleik: sikre at lokale nettverk er kopla trygt til internett, implementera brannmurteknologi og overvaka for sårbarheiter
  • nettverksdesign og prosjekthandtering: bidra til design av nettverk og leia prosjekt knytt til infrastrukturutvikling
  • automatisering og SDN: bruka skripting og kjennskap til programvaredefinert nettverk (SDN) for å effektivisera oppgåver
  • kommunikasjon og samarbeid

Kor jobbar nettverksteknikarar?

Nettverksteknikarar er etterspurde i både store og mellomstore bedrifter, og dessutan i spesialiserte IT-konsulentselskap. Du kan også jobba innan offentleg sektor, inkludert helsevesen, utdanningsinstitusjonar og kommunar, der sikker og stabil nettverksdrift er avgjerande.

Bli med ein nettverksteknikar på jobb

Korleis er det å jobbe som nettverksteknikar?

En mann i mørkeblå t-skjorte sitter foran en pc innendørs

Nettverkstekniker

Karl Jhudiel Silvano Hansen

– Det er alltid etterspørsel etter nettverksteknikere, forteller Karl.

Viktige egenskaper for en nettverksteknikar

Ein nettverksteknikar må vera flink til å kommunisera, formidla og samarbeida. Du må arbeida systematisk, målretta og nøyaktig. I tillegg må du vera i stand til å planleggja, ta avgjerder, leia og følgja opp.

Kva tener nettverksteknikarar?

Korleis utdannar du deg til nettverksteknikar?

Det finst ingen bestemt utdanning for å bli nettverksteknikar. Du kan eksempelvis utdanne deg på vidaregåande nivå, studere IT-administrasjon på fagskolenivå eller ta utdanning ved høgskolar og universitet.

Kva for ei utdanning er vanlegast for nettverksteknikarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 654129 - Bachelor, drift av nettverk og datasystemer, treårig
  • 554144 - Fagskoleutdanning, datateknologi, server- og nettverksdrift, ettårig
  • 554104 - Fagskoleutdanning, IT- og nettverksadministrasjon
  • 554113 - Fagskoleutdanning, IT- og nettverksadministrasjon, toårig
  • 554106 - Fagskoleutdanning, nettverk og IT-sikkerhet
  • 554121 - Fagskoleutdanning, nettverk og IT-sikkerhet, toårig
  • 554164 - Fagskoleutdanning, nettverk- og systemadministrasjon, 120 studiepoeng
  • 554122 - Fagskoleutdanning, nettverks- og systemadministrasjon, ettårig
  • 554127 - Fagskoleutdanning, nettverksadministrasjon med design, 1½-årig
  • 554128 - Fagskoleutdanning, nettverksadministrasjon med design, 8 måneder
  • 554129 - Fagskoleutdanning, nettverksadministrasjon med design, ettårig
  • 554123 - Fagskoleutdanning, nettverksadministrasjon – Linux, 8 måneder
  • 554124 - Fagskoleutdanning, nettverksadministrasjon – Linux, ettårig
  • 554125 - Fagskoleutdanning, nettverksadministrasjon – Microsoft, ettårig
  • 554126 - Fagskoleutdanning, nettverksadministrasjon – sikkerhet, ettårig
  • 554130 - Fagskoleutdanning, nettverksadministrasjon, halvårig
  • 754122 - Master, nettverks- og systemadministrasjon, toårig
  • 554108 - Fagskoleutdanning, Cisco administrasjon, 1½-årig
  • 554109 - Fagskoleutdanning, Cisco administrasjon, ettårig
  • 554110 - Fagskoleutdanning, Cisco-konsulent, halvårig

Bedrifter: Kor jobbar nettverksteknikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med nettverksteknikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3120136 - NETTVERKSTEKNIKER
  • 3120125 - NETTVERKSKONSULENT (IT-DRIFT)
  • 2130167 - NETTVERKSANALYTIKER
  • 2130165 - NETTVERKSADMINISTRATOR
  • 2130141 - NETTVERKSKONSULENT (PROGRAMMERER)
  • 3120128 - DRIFTSADMINISTRATOR (IT)

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Dataelektronikarar installerer, held ved like og reparerer elektronisk utstyr og elektroniske installasjonar.
Dataingeniør som jobbar på datamaskin.

Dataingeniør

Som dataingeniør jobbar du med systemutvikling og drift av maskiner eller system.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Forsker studerer isformasjon i en hule

Geofysikar

Geofysikarar skal forklare, og nokon gangar føresjå, det som skjer i jorda sitt indre og ytre.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Ung IKT-servicemedarbeidar jobbar på PC.

IKT-servicemedarbeidar

Ein IKT-servicemedarbeidar jobbar med drift og vedlikehald av nettverk og programvare, brukarstøtte og service.
Illustrasjonsbilde av en mann foran en datamaskin.

Interaksjonsdesignar

Interaksjonsdesignaren formar ut brukargrensesnitt for nettstader, programvare og andre tekniske system vi nyttar i kvardagen.
Bilde viser et kontorlandskap hvor to menn lener seg mot en PC og snakker sammen

IT-administrator

Som IT-administrator har du ansvar for å installera, drifta og halda ved like IT-infrastrukturen i ein organisasjon. Dette inkluderer maskinvare, programvare og nettverk.
Ein mann reparerer en datamaskin.

IT-konsulent

Som IT-konsulent hjelper du verksemder med å utvikla, optimalisera og halda ved like IT-system.
Illustrasjonsbilde av kjemiingeniører i arbeid

Kjemiingeniør

Ein kjemiingeniør arbeider med kjemiske prosessar.
Kjemiker

Kjemikar

Ein kjemikar undersøker korleis verda rundt oss er konstruert helt ned til de minste bestanddelar.