Gjennomgått i samarbeid med 03. november 2022

Musikkpedagog

Musikkpedagogen underviser i musikk. Som musikkpedagog må du ha ei evne til å inspirere og til å formidle vidare kunnskap.

Arbeidsoppgaver

Som musikkpedagog underviser du i musikk. Det kan vere undervising i forskjellige instrument og song, eller undervising i musikkteori og musikkhistorie.

Mykje av jobben går ut på å inspirere til musikkglede, særleg om du jobbar med barn. Du skal også lære bort grunnleggande ferdigheiter på eit instrument eller innan song. Underviser du på ein høgskole eller eit universitet dreier jobben seg meir om å utdanne profesjonelle musikarar.

Sjå desse yrka for meir informasjon:

Korleis er det å jobbe som musikkpedagog?

Dame med grønn lue og briller, iført en vinterjakke med pelskrage ser inn i kamera og smiler.

Musikkpedagog

Elisabeth Opaas

– Musikk er et såpass personlig og følelsesmessig fag, at det er viktig at eleven føler seg trygg på læreren og situasjonen. I pausene sitter jeg en del i sofaen med elevene. Det gir gode muligheter for å bli godt kjent, sier musikkpedagog Elisabeth.
En ung mann står og smiler inn i kameraet. Bak ham er en rød teglsteinsvegg. Han har hendene bak på ryggen. Mannen har mørkt hår og skjegg, og har på seg en mørkblå skjorte.

Musikkpedagog

David Sætre Hveem

Å spre musikkgleden er en stor motivasjon for David, som både komponerer, dirigerer og spiller i tillegg til jobben som musikkpedagog.

Kva tener musikkpedagogar?

Korleis utdannar du deg til musikkpedagog?

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

  • 615121 - Bachelor, musikkpedagogikk, fireårig
  • 715108 - Cand.musicae.-utdanning, musikkpedagogikk.
  • 715124 - Hovedfagskandidat, musikkpedagogikk.
  • 715128 - Master, musikkpedagogikk, toårig

Bedrifter: Kor jobbar musikkpedagogar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med musikkpedagogar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3349115 - MUSIKKSKOLELÆRER
  • 2359104 - SANGPEDAGOG
  • 2359102 - MUSIKKPEDAGOG

Andre yrke

To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Faglærer i musikk.

Yrkesfaglærar

Ein yrkesfaglærar er ein lærar med spesiell kompetanse innanfor eit fagfelt.
En lærer forklarer noe for en gruppe på fire elever i barneskolealder. Midt på bordet ligger en iPad, som læreren peker mot.

Lærar

Ein lærar underviser born og vaksne i ulike fag.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskole.
En voksen og et barn ser sammen i en åpen bok. Begge holder en blyant.

Lingvist

Ein lingvist er ein person som forskar på, eller jobbar med språk og tale. Lingvistar kan også kallast språkforskarar eller språkvitarar. Som lingvist har du utdanning innan språkvitskap.
Pedagog underviser voksne elever i klasserom

Pedagog

Ein pedagog er ein person som har studert pedagogikk, enten i lærarutdanninga, barnevernsutdanninga eller som eige fag på universitetet.
Barne- og ungdomsarbeider leker med barn.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
Kvinnelig adjunkt som underviser i klasserom

Adjunkt

Ein adjunkt er ein lærer med ein fireårig lærarutdanning eller som har ein bachelorgrad og praktisk pedagogisk utdanning. Som lærer arbeider adjunktar med barn, unge og vaksne i skolen.
Grunnskolelærer underviser barn i klasserom

Grunnskolelærar

Ein grunnskolelærar arbeidar med elevar frå 1–10. klasse.
Arkeolog grev etter gamle boplasser i leire. Han bruker både lita skei og stor spade

Arkeolog

Arkeologar jobbar med gjenstandar og andre materielle spor frå fortidige og moderne samfunn.
Barnehagelærar saman med barn.

Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skapa eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.